Viser arkivet for stikkord friheit

Høgre og Frp sin draum om friheit

Høgre og Frp slår ofte om seg med ordet friheit. Det dei tenkjer på når dei seier friheit, er ikkje nødvendigvis er det som reelt sett gir flest menneske moglegheita til å leva likeverdige og frie liv.

Vidare talar dei om enkeltmennesket, og framstiller den raud-grøne regjeringa sin politikk som ein trussel mot at enkeltmennesket kan blomstre.

I ei verd der finanskrisa har medført store problem for svært mange enkeltmenneske verda over, er det verdt å framheve at den raud-grøne regjeringa målretta har bidrege til å sikre norske arbeidsplassar og til å sikre ei fortsett framtid for det norske velferdssamfunnet. Likevel haglar kritikken frå Høgre og Frp mot den politikken vi har ført.

Enkeltmenneska kan ikkje blomstre utan at livsvilkåra er gode. Eit rikt jordsmonn for den enkelte av oss kjem ikkje av seg sjølv, men krev at vi som er sett til å styre dette landet brukar ressursane rett. Vi må stimulere næringslivet til vidare verdiskaping, sikre eit økonomisk fundament for alle borgarar og vidareutvikle eit utdanningssystem som stimulerer kunnskapstørste ungdommar.

Høgre og Frp drøymer søtt om fleirtal saman etter neste stortingsval. For oss andre er tanken meir som eit mareritt. Sjølv om det er rett at forskjellane i norsk politikk framstår som mindre enn i mange andre land, har Frp aldri hatt handa på rattet før.

Resepten deira er meir mindre skatt til dei som har mest, færre kommunar og mindre pengar til distrikta, fleire privatskular og meir bruk av private helsetenester og så vidare.

På den landevegen nasjonen Noreg skal køyre framover, er det viktig med ei stødig hand på rattet. Ei regjering beståande av dei to nemnte partia kjem ikkje til å halde ein god kurs dersom målet er friheit og likeverd.