Viser arkivet for stikkord frihandel

Sunt og konkurransevridande

EU framstår framstår innimellom som eit idiotisk organ. No har vi nok ein gong eit talande døme: Kampanjar for eit sunt og klimavenleg kosthald der forbrukarane blir oppmoda om å kjøpe kortreist mat strir i følgje EU mot prinsippa om frihandel.

Folk flest har godt av å få i seg meir frukt og grønt og mindre søt og feit mat. Vi har alle eit ansvar for å halde kroppen vår vedlike, men eg trur dei fleste – som meg – lett lar oss friste ofte.

Denne søte og feite maten er jo så tilgjengeleg og ofte billigare enn sunn mat. Og reklamane for deilige sjokoladar, hamburgarar og potetgull gjer oss lettlurte når magen rumlar og vi treng å stappe i oss noko raskt.

Det kan vera nytte i kampanjar for å få folk til å vera bevisste på kva mat dei sjølve og familien et. Det er fint dersom mange veit korleis dei kan leggje til rette for god helse og korleis dei kan handle miljøvenleg. Men dette er tydelegvis eit problem for EU.

Eg meiner norske forbrukarar gjer klokt i å tenkje på helsa og på miljøet når dei handlar inn for å fylle kjøleskåpen. Derfor meiner eg det er hol i hovudet når EU kan finne på å tenkje på å blande prinsippa om fri flyt inn i dette.

Fri flyt av varer, tenester og arbeidskraft er EUs mantra. Fri flyt av blodet vårt i sunne blodårar er tydelegvis ikkje fullt så viktig…