Viser arkivet for stikkord folkevalte

Aksjon folkevalte for Haiti

Eg har vridd kvar ei hjernecelle i over ei veke for finne ut kva eg kan bidra med for ungane på Haiti. Maktesløysa har rådd. Å starte ei kronerulling blant folkevalte vart etter kvart ideen. Kanskje kan vi politikarar gjera noko som er viktigare enn berre å vera ueinige om filleting, og gjera ein felles innsats for berge liv?

Stortingsgruppa til Senterpartiet samla oss i går om å gje minst 1000 kroner kvar som eit startskot for ein aksjon for Haiti. Vi har oppfordra til at alle dei 169 stortingsrepresentar gjer det same. Det vil bety minst 169 000 kroner til det katastroferamma området.

Vidare er målet vårt at alle andre heiltidspolitikarar følgjer etter. Tilsaman kan dette bli veldig mykje pengar – pengar som er sårt tiltrengte for å redde menneske som er ramma av jordskjelvet.

Eit reknestykke:

169 stortingsrepresentantar

432 ordførarar

19 fylkesordførarar

20 statsrådar, 43 statssekretærar og 20 politiske rådgjevarar

1000 kroner kvar frå alle desse vil gje 683 000 kroner.

Oppfordringa går også til alle andre folkevalte i kommunestyre og fylkesting om å delta i kronerullinga.

Mange av oss har allereie gjeve og vil gje pengar som privatpersonar. Denne tusenlappen er noko eg håpar vi kan gje i tillegg – i eigenskap av å vera folkevalte.

Kritikken har allereie kome frå Frp. Harald Tom Nesvik meiner at vi i Senterpartiet prøver å slå politisk mynt på katastrofen. Eg blir både såra og lei meg av slikt tull. Dersom det å vera politikar diskvalifiserer meg frå å vise at eg bryr meg om menneske som lir og frå å ta eit slikt initiativ, blir det problematisk å halde fram i politikken.

For å vera litt uærbødig, kan det like gjerne seiast om Nesvik at han brukar denne saka til å få merksemd ved å kritisere meg/Senterpartiet. Men verre er det at denne kritikken og denne haldninga underminerer moglegheita for å få inn dei minst 683 000 kronene som ville vore eit viktig bidrag til Haiti i den forferdelege situasjonen som er der no.