Viser arkivet for stikkord ferjefritt

Ferjefri kyststamveg i vente

Eg er hoppande sprettande glad no. Regjeringa, med Liv Signe Navarsete i spissen, la i kveld fram den klåre og forpliktande ambisjonen om at ferjefri E39 skal bli realisert i løpet av 20 år. Dette er noko eg har engasjert meg mykje i, og då er det sjølvsagt artig å oppleva at viktige nye skritt blir tekne.

Mitt fylke, Møre og Romsdal, har tre av dei sju fjordkryssingane det er snakk om for at kyststamvegen frå Kristiansand til Trondheim skal blir ferjefri. Storfjorden, Romsdalsfjorden og Halsafjorden skal forserast. Dei to siste er dei som er nærast å vera “gryteklåre”.

Det kan verke irriterande for folk dei mest sentrale strøka av landet at vi Senterpartiet er så opptekne av vegar og ferjeavløysingsprosjekt, det skulle helst ha gått i togsatsing. Eg også meiner at tog er viktig, men vi må ta inn over oss at størstedelen av folk her til lands ikkje bur i rimeleg avstand til toget. Somme har knapt sett andre tog enn dei toga som går den 8. mars og den 1. og 17. mai.

Det kjem aldri til å bli bygd togskinner frå Kristiansand til Trondheim, men vi kan – og skal – utbetre vegane og gjera det mogleg å reise strekninga utan å måtte ta sju ferjer på turen. For Vestlandet vil det vera eit stort framskritt når regionane blir bundne tettare saman. Men ikkje berre det: for landet vil det også vera eit stort framskritt.

Tenkjer vi på næringslivet på Vestlandet, kan vi gjerne kalle strekninga for “gullkysten”. Det er stor verdiskaping der, eit sterkt næringsliv i stadig utvikling, og potensialet er større enn det som no er teke ut. Betre samferdselsløysingar er det som skal til for å leggje til rette for meir vekst. Og det kjem heile landet til gode. Vi må jo finansiere velferdsstaten, og eit livskraftig næringsliv bidreg til det.

Med ferjefrie fjordkryssingar får næringslivet lettare tilgang til arbeidskraft. Næringsliv med varetransportar slepp dei ekstrakostnadene det inneber å bruke tid på å stå i ferjekø. Folk kan enklare pendle til dei arbeidsplassane dei tykkjer er interessante og samtidig bu der de ønskjer.

Eg må leggje meg snart, for i gledesrusen over nyheita om ferjefri kyststamveg rakk eg rett og slett ikkje flyet eg skulle ta til Ålesund i kveld, og eg må opp klokka halv fem. Men det er greitt å leggje seg når humøret er på topp!

Nok eit reisebrev

Det er fare for at det blir nokre reisebrev på denne bloggen i løpet av valkampen. No sit eg og ventar på ferja på Vestnes. Må koma meg over til rosenes vakre by for å overnatte, og ferja går ikkje før nærare midnatt.

I ferjefylket Møre og Romsdal er vi mange som er avhengige av å ta ferjer dagleg eller vekentleg, og det er stort sett noko herk. Men eg må innrømme at eg er ein liten ferjeromantikar også, for eg tykkjer det gjer godt med ein pause somtid. Og så er det mange trivelege folk å småprate med – både tilsette og medpassasjerar. Likevel er det ikkje tvil om at talet på ferjestrekningar må ned.

Mange lokalsamfunn og bedrifter blir hindra frå å utvikle seg når vegen i praksis er stengt store delar av døgnet. Kyststamvegen E39 burde vera ferjefri. Møreaksen og ein ferjefri Halsafjord må på eitt eller anna tidpunkt koma på plass. Og Trollheimstunnelen må sveise Sunndal og Surnadal (og dermed Vestlandet og Trøndelag) endå betre saman.

Regjeringa har lagt betre til rette for at slike ferjeavløysingsprosjekt kan realiserast ved mellom anna at ferjetilskotet kan vidareførast som ein del av finansieringa av slike prosjekt i inntil 30 år. Men meir pengar må til. Så får eg vera så romantisk som eg berre vil – færre skal måtte sitje aleine i ein bil og vente på ei eller anna ferje i surt regnvêr ved midnatt i åra som kjem.