Viser arkivet for stikkord energi

Mykje kraft i småkraft

Ei massiv utnytting av vasskrafta tok oss over frå å vera eitt av europas fattigaste land til å vera eitt av verdas rikaste. Oljen har utløyst den største velferdsauken, men denne tek slutt ein dag. Vasskrafta derimot, vil vil kunne bruke i all framtid.

Nyleg deltok eg på opninga av to småkraftverk i Øksendalen i Sunndal kommune. Tilsaman 24 GWh, noko som dekkjer det gjennomsnittlege energiforbruket til 1200 husstandar. Eit betydeleg tilskot til kraftproduksjonen.

I tillegg til å bidra til betre kraftbalanse i regionen, vil slike småkraftverk gje kjærkomne inntekter til grunneigarane. For mange inneber dette at dei kan styrke lønsemda i gardsdrifta, og at dei får spelerom for nyutvikling.

Regjeringa har gjennomført tiltak for at søknader om å byggje småkraftverk skal handsamast raskare. Dette er bra. Men det er framleis ikkje bra nok. Mange ivrige potensielle utbyggjarar må gå ein kronglete og lang veg fram til dei kan få realisert prosjekta sine. Sjølvsagt må prosjekta kvalitetssikrast og konsekvensane for naturen kartleggjast og vurderast, men 5 år og meir er for lang tid.

Småkraftverka i Øksendalen er bygde ut på ein skånsam måte og med ei tilsynelatande fornuftig minstevassføring. Langt ifrå alle bekkar og elver skal brukast til kraftutvinning, for rennande vatn i vakker natur er ein verdi i seg sjølv. Likevel er det verdt å understreke på at vasskrafta er rein og fornybar. Og mange bekkar små gjer ein stor å.