Viser arkivet for stikkord drosjeturar

Ny i drosjeverda

Eg har skrive om drosjesjåførar før. Og det skjer stadig ting som gjer at eg får lyst til å skrive om desse karane (som dei oftast er). I kveld var det ein hyggeleg “fersking” som gjorde meg litt rørt.

Sjølv tek eg til å bli dreven når det gjeld å ta drosje. Eg kakkar lett på bakglaset, svingar meg inn i bilen, lirer av meg adressa eg skal til klårt og tydeleg to gongar, og tek til å sjekke e-post eller sende sms dersom drosjesjåføren ikkje innleier ein samtale.

I kveld då eg skulle heim frå jobb, gidda eg rett og slett ikkje å gå med alt pikkpakket mitt. Eg sette meg derfor inn i ein drosje på drosjehaldeplassen bak Stortinget. Eg fekk knapt sagt adressa før mannen sa på gebrokkent norsk og med eit usikkert smil: Jeg har min første dag i drosje i dag, kan du hjelpe meg?

Å få MEG til å hjelpe seg med å finne fram i trafikken i Oslo, det er like lite lurt som å be ein kar setje på ei vaskemaskin dersom ein ikkje ønskjer at kleda skal bli misfarga. (Eg lurer på om karane vaskar raudt og kvitt saman fordi dei har ein hemmeleg draum om å bruke rosa truser, eller om det er fordi dei helst vil sleppe jobben med å vaske klede til seinare. Noko er det i alle fall, stort sett er dei jo intelligente vesen.)

Men det gjekk på eit vis. Eg sa høgre og han køyrte til venstre, og omvendt, og då vart det rett til slutt. Han fortalte at han flytta hit frå Pakistan for nokre få år sidan, og at han går på vaksenopplæring no, så vidt eg forstod med drosjejobben som ein del av opplegget.

“Jeg er veldig interessert og har lyst til å jobbe, og jeg må lære mer norsk”, sa han. Så tørka han sveitte av panna og sukka tungt, før han spurte nok ein gong kva veg han skulle køyre.

Då vi kom fram, sa eg at dette gjekk jo fint. “Tusen tusen takk, du er så snill”, sa han, og det var då eg vart rørt. Det er eit godt møte mellom menneske som kan finne stad i ein drosje somtid – menneske med ulik bakgrunn og nasjonalitet, ulike draumar og håp og ulik livssituasjon. Mannen var stressa, og det var ikkje noko rart, og det minste eg kunne gjera var å oppmuntre han litt.

Innimellom er drosjesjåførane skikkeleg sure, og innimellom er vel eg det også. Eg har likevel etterkvart fleire og fleire drosjeturar eg hugsar fordi dei skilte seg positivt ut, fordi dei lærte meg noko om menneska og samfunnet vårt eller fordi noko rørte meg ved det sjåføren gjorde eller sa. Turen med ferskingen i kveld kjem til å vera ein av dei turane eg hugsar.