Viser arkivet for stikkord distré

Presenil og uforbetreleg

Eg veit ikkje om det er klokt å leggje ut om kor distré ein er når ein sit på Stortinget og er avhengig av tillit frå veljarane. Men vi skal jo vera representative, og somme må representere dei presenile også.

Det er nemleg ikkje lett å vera meg. Rettare: det er somtid eit herk. Slik er altså mitt noko rotete liv: Eg er pendlar, 50 mil og 5-6 timar kvar veg kvar veke. Då er det ein absolutt fordel at det går strake vegen heim. Hm, det er enklare sagt enn gjort.

For ikkje lenge sidan kom eg til Værnes ein fredags ettermiddag og gledde meg stort til å koma heim. Eg hadde att over to timar å køyre. Eg hugsa bagasjen før eg passerte bagasjebandet, og var godt nøgd med meg sjølv. Bilen stod på den betjente parkeringsplassen Sandfærhus.

Då eg skulle betale, sette eg kofferten med vilje slik at eg omtrent måtte hoppe over han for ikkje å la han stå att. Over ein time seinare var eg komen til Orkanger. Plutseleg gjekk det kaldt gjennom meg: Kofferten står att.

Så tok eg til å ringje folk eg trudde skulle same veg for å spørje om dei kunne ta han med. Midt i ein telefonsamtale vart eg plutseleg usikker på om han var atti bagasjerommet lell, og måtte ut for å sjekke. Men nei, tomt var det der. Det ordna seg på mirakuløst vis, ein engel av ein rindaling tok han med.

Ein annan gong reiste eg også om Værnes, for til den same parkeringsplassen og lurte på kor dei hadde sett bilen min fem dagar tidlegare. Nei, dei hadde ingen bil registrert på mitt namn. Øh, då må de ha rota han bort, var min første kommentar. Då gjekk det opp for meg: Eg hadde jo reist om Molde sist då eg for til Oslo, og bilen stod der. Resultat: ei skamfull Jenny måtte ta buss heim, noko eg brukte 5 timar på.

Men den gongen som var desidert pinlegast, var heime i Surnadal, då eg var på Amfisenteret for å handle litt. Eg parkerte fint og skadefritt, gjekk inn, hugsa å betale for varene, sette meg i bilen og køyrte. Etter ein kilometer eller to strekte eg handa ut etter vassflaska som låg i passasjersetet. Etter litt fomling fann eg ut at ho ikkje var der, og såg meg rundt. Det var då eg oppdaga det: dette var ikkje min bil.

Bråsnudde. Køyrte nedatt til butikksenteret og parkerte med ei sterk frykt for at eigaren skulle tru bilen var stolen og sjå meg køyre han. Då eg gjekk ut, vart ikkje saka betre. Ikkje berre hadde eg sett meg i feil bil. Det var feil bilsort og feil farge på han også. Den einaste likskapen var vel at setet var i rett posisjon og at nøklane stod i.

Utruleg nok ler mine næraste meir hjarteleg enn hånleg over alle rare krumspring eg gjer. Dersom nokon har gode råd om kva eg skal gjera for å spara meg for virvar i kvardagen, er eg evig takksam.