Viser arkivet for stikkord datalagringsdirektivet

Snoking og datalagring

Datalagringsdirektivet – berre ordet framkaller langtrukne gjesp hos dei fleste. Offentleggjering av skattelistene, derimot, framkaller både tastaturkløe og debatt.

For alle som er opptekne av personvern, er det grunn til å sjå både dette EU-direktivet og det norske regelverket for bruken av skattelistene etter i sømmane – og i samanheng.

Personvern er å verne om menneske sin rett til å ha ei privat sfære. Å verne om denne retten inneber å forhindre at somme kan snoke og misbruke opplysningar om forhald dei ikkje har noko med.

Datalagringsdirektivet og måten skattelistene blir offentleggjorte på gjer slik snoking lettare og svekkjer dermed personvernet.

Skattelistene som florerer på nettet, gjer det mogleg å sjekke opp kva alle og einkvar tener, har i formue og kva vi har bidrege med til fellesskapet i form av skatt.

Tilgangen til desse opplysningane vekkjer debatt kvart år, men i år har det kome nye perspektiv inn i debatten. Tilleggsapplikasjonar på Facebook gjer det mogleg å få opplysningar om alle venene dine samla, ein illustrasjon på at det er kikkarmentaliteten og ikkje samfunnsnyttig openheit som er føremålet til dei fleste som ”sjekkar likninga”.

Det er også auka merksemd om at misbruk av desse svært lett tilgjengelege opplysningane fører til at ein kan bli offer for ran, id-tjuveri og mobbing.

Med datalagringsdirektivet vil teleoperatørane og internettleverandørane sin rett til å lagre trafikkdata i inntil tre månader bli erstatta av ei plikt til å lagre i minst 6 månader og inntil to år.

Hensikta vil ikkje lenger vera berre å lagre grunnlag for fakturering, men at opplysningane skal kunne brukast i politietterforsking. I første omgang skal ikkje innhaldet i samtalar og e-post lagrast. Men både når, kor og med kven ein kommuniserer per telefon og på nettet skal lagrast. Argumentet for endringa er at den kan bidra til å gjera etterforsking av alvorleg kriminalitet lettare.

Likevel er det sterke grunnar til å vera skeptisk. For det første har vi dei rettslege prinsippa om at ein er uskuldig til det motsette er bevist. Godtek vi dette direktivet, vil vi godta eit prinsipp om at alle er potensielt skuldige til ei kvar tid og mistenkte til det motsette er bevist innanfor ein periode på to år.

For det andre er det viktig å hegne om ytringsfridomen og retten til å leva frie liv under ansvar. Å vita at det i så lang tid blir lagra opplysningar om kven du har kontakt med og når, og usikkerheita kring kven som vil kunne få tilgang til opplysningane, vil openbart kunne setje begrensingar for kommunikasjonen mellom menneske i kvardagen.

Politiet har i dag høve til å overvåke personar som er under mistanke i straffesaker, også trafikk frå telefonar og pc-ar. Datalagringsdirektivet har som føremål å leggje til rette for at politiet kan avdekkje alvorleg kriminalitet, eit omgrep som det er opp til kvart enkelt land å definere rekkevidden av.

På same måte som med skattelistene er det vanskeleg å sjå for seg nokre avgrensingar i den informasjonen som direktivet vil påleggje teleselskapa å lagre. Og når kjem argumentet om at vi i den norske tradisjonen for openheit må tillate innsyn i kven vi ringjer til og kor vi oppheld oss?

Datalagringsdirektivet kan føre til langt meir omfattande overvaking enn det tilhengjarane av direktivet i dag erkjenner, og auka risiko for misbruk av personopplysningar.

Når teleoperatørane verken har tradisjon for å lagre ein så stor mengde informasjon, og heller ikkje er garantert ein kompensasjon for auka utgifter, er det grunn til å frykte at det vil gå på sikkerheita laus.

Det vil alltid finnast menneske eller grupper som av ulike årsaker har interesse av å finne ut mykje om nokon. Dei vil kunne bruke denne informasjonen til å gjennomføre kriminelle handlingar. I så måte kan vi utilsikta få meir og ikkje mindre kriminalitet ut i den andre enden.

Vi skal ikkje godta prinsippet om at vi alle blir mistenkeleggjorte og overvaka i form av ei massiv og langvarig lagring av trafikkdata. Ei heller bør vi godta at skattelistene blir offentleggjorte på det viset dei blir i dag. Men vi skal openbart også i framtida kunne bruke informasjon frå trafikkdata til å ramme alvorleg kriminalitet. Det har politiet allereie høve til, og vi skal vera opne for å utvide og vidareutvikle dette.

Samstundes må vi våge å setje grenser. Teknologiutviklinga går på mange område føre utviklinga av lovverket. Det er særs viktig med ei bevisst haldning til korleis vi let ny teknologi påverke oss.

Målet må vera at den teknologiske utviklinga kjem til samfunnsmessig nytte, og ikkje blir ein trussel mot grunnleggjande verdier som ytringsfridom og personvern.