Viser arkivet for stikkord bmenneske

Frå A-samfunn til meir B?

Kan betre vilkår for B-menneske vera ei aktuell valkampsak? Sagt litt på spøk og ein del på alvor vil eg hevde at vi er ei diskriminert gruppe i samfunnet som ikkje får teke ut vårt naturlege potensiale. Trakassert kan eg vel ikkje påstå at vi blir, men opplagt ein smule uglesett.

Tilstanden som B-menneske i eit A-menneskestyrt samfunn opptek meg stadig. Eller rettare: den plagar meg. Eg har overtydd meg sjølv om at eg er like effektiv som eit A-menneske berre eg får sove til rett tid på døgnet; les frå godt over midnatt til godt utpå morgonen.

I magasinet Campus fann eg nyleg ein interessant og trøystande artikkel som heiter Plan B. Der blir det slått fast at B-menneske ikkje er late. Det visste eg jo frå før. Men ikkje minst viser dei til at ein organisasjon for B-menneske i Danmark har kjempa for valfrie eksamenstidspunkt og nådd fram med det. Vidare at dei sertifiserer såkalla B-venlege bedrifter. Hadde ikkje dette vore noko å følgje opp her til lands?

Eg må opp klokka fem i morgon tidleg, og bør logge av no. Men lakenskrekken tek nok overhand i kveld også, fryktar eg. Så eg får bruke nokre nattetimar til å pønske ut ein kampstrategi for oss B-menneske…

Varulv? Nei då!

Eg innrømmer det glatt: Eg er eit kronisk B-menneske, og eignar meg ikkje til å ha ein ordinær 8-16-jobb.

Når augene til hederlege A-menneske tek til å gå i kryss og tvers, vaknar eg til liv. Heldigvis ikkje berre når det er fullmåne, så ver trygg: eg skiftar ikkje ham og blir til ein varulv.

Overtrua på at mennesker kan skapast om til varulvar, samt til andre dyr, blir kalt lykantropi. Trua på at B-menneske kan skapast om til A-menneske, kan også like gjerne kallast overtru.

Eg vart letta ein gong eg fann ein snutt i ei avis med overskrifta “B-menneske er ikkje late”.

Endeleg kunne eg slå i bordet til alle som ymtar frampå om at morgonstund har gull i munn og at effektivitet er knytt til evnen til å “stå tidleg opp om morran”, som vår alles kjære Lundteigen gjerne seier.

Sjølv seier eg heller at morgonstund har dårleg ande, og at kveldsstunda og timane rundt midnatt er kraftig undervurderte.

Så no har eg trent, klunka på pianoet og lese på justisbudsjettet. Og eg har fundert på om vi B-menneske skulle rotte oss saman for å gjera dette samfunnet meir B-menneskevenleg.

I altfor mange år har A-menneska fått bestemme arbeidstida for oss alle og definert kva som er normalt.

Kanskje eg har ei god valkampsak til neste stortingsval? Varulvar er sjølvsagt også velkomne til å stemme.