Viser arkivet for stikkord arbeidsmoral

Personvernet og svin på skogen

Nyleg avsa Høgsterett ein dom der dei frikjente ein arbeidsgjevar for å ha sagt opp ein tilsett etter å ha brukt lagra informasjon på GPS-en til å seie han opp. Vedkomande hadde skrive for mykje overtid og teke lenger pausar enn det han hadde rett på. Datatilsynet meiner slik overvåking er ulovleg, men Høyesterett godkjente at informasjonen vart brukt som bevis i retten.

Dette er eit vanskeleg tema. Den teknologiske utviklinga gjer det snart mogleg å overvake alle til ei kvar tid. Spørsmålet blir då om vi skal la dette skje eller om vi skal avgrense høva til å overvake og bruke informasjon som ikkje er registrert for det føremålet som det blir brukt til.

Hovudprinsippa bør etter mi meining vera: Minst mogleg skal bli registrert. Info som blir registrert må oppbevarast trygt og brukast berre til det gjeldande føremålet (bortsett ved skjellig grunn til mistanke om alvorleg kriminalitet). Folk skal vita om det dersom bevegelsesmønsteret deira m.m. blir registrert, også om dei er på jobb.

Eit anna tema er om bør slabbedaskar kanskje bør kunne seiast opp lettare? Oppsigelsesvernet er sterkt. Det er det mange gode grunnar til, men udugelege folk som øydelegg for lønsemda og gjer kollegaane sine arbeidsplassar utrygge, burde nok kunne lukast lettare ut.

Uansett: Folk er ikkje perfekte. Det må vera såpass slakk i eit samfunn at vi ikkje kan grunngje overvaking og registrering med at dei som ikkje gjer noko gale ikkje har noko å frykte. Eg vil forbehalde meg retten til å ha nokre svin på skogen og tykkjer andre bør kunne ha det same. Det er menneskeleg å gjera nokre feil av og til.

Personvernet er truga både av moderne overvakingsteknologi, datalagringsdirektivet og stadig fleire register som lett kan misbrukast av dei med mindre gode hensikter. Det er såleis viktig med reguleringar på dette feltet.

Eg er skeptisk til Høgsterett si avgjerd sjølv om den aktuelle arbeidsgjevaren truleg hadde god grunn til å seie opp karen. Konsekvensen av dommen kan dessverre bli at terskelen arbeidsgjevarar har for å overvake, registrere og misbruke informasjon blir lågare. Dette kan gje dårlegare arbeidsmiljø og vera verre for effektiviteten og lønsemda i bedriftene enn om dei stolte på sine tilsette og la til rette for lojalitet og arbeidsinnsats.

Bananskrelling og arbeidsmoral

Eg har gått og vore småsur det siste døgnet. Årsak: saka om dei svenske ungdommane som har som jobb å skrelle bananar på Stabburet sin fabrikk i Noreg. Og då er det ikkje bananskrellinga eg ergrar meg over, men reaksjonane til norske ungdommar. Dei ler.

No vel, vi får sjå kven som ler sist. For er det ein ting eg trur eg har lært, er at evnen til å utføre det som i somme sine auge er “dritjobbar” med tolmod og sjølvrespekt kan vera ein føresetnad for å klare også andre krevjande oppgåver i livet. Og for landet Noreg, den dagen oljerikdommen måtte vera slutt, er det folk med arbeidsmoral vi treng, ikkje kresne latsabbar.

Eg har ofte fundert på om eg er eigna til å vera stortingsrepresentant – og kvifor eg i så fall er eigna til det. Sjølv om eg mange gongar tykkjer eg har for store sko på meg, tillet eg meg likevel å tenkje at det er viktig at Stortinget består av menneske med mangfaldig bakgrunn og ulik yrkeserfaring. Og kanskje også nokre som ikkje kjem frå statusyrke med god løn og greitt regulert arbeidstid.

For eg har nemleg utført bananskrellingas parallell i lakserøykeri-verda: Eg har plukka bein ut av store mengder laksefiletar. Mange tusen slike bein har eg trekt ut. Reiskapen var ei tannlegetong, som riktignok aldri hadde vore i bruk til akkurat det føremålet. Og eg har pakka og merka laks til eg drøymte om fisk heile natta. Og lengda på arbeidsdagane dei sesongane eg arbeidde med dette? Ikkje til å tala om så lenge Arbeidstilsynet eksisterer. Tok eg skade av dette? Neppe.

No må eg presisere at arbeidsgjevaren var familiebedrifta Klinges Røkeri, som for øvrig produserte verdas beste røykte, varmrøykte og grava laks. Denne er nedlagt for lengst, derfor står ikkje nokon i fare for å bli straffa for utnytting av ung arbeidskraft pga det eg skriv.

Poenget kjem eg til no: ei av årsakene til at eg faktisk meiner eg er ganske godt eigna til å sitje på tinget, er at eg er uthaldande, arbeidssam og fleksibel. Eg toler arbeidsdagar på 10-15 timar ganske greitt, også om det er fleire i strekk. Det er ein grei eigenskap når ein arbeider på ein stad der arbeidsmiljølova ikkje gjeld og voteringane like gjerne kan gå føre seg kl 03 på natta som kl 20 på kvelden.

Eg er overtydd om at all laksebeinplukkinga frå ungdommen har bidrege til denne uthaldenheita og evnen til å motivere meg til å få unna også til dei delane av stortingsjobben som er mindre gjevande. Og desse bananskrellande svenske ungdommane, dei har eg tru på. Dei norske ungdommane som ler og kjenner seg for gode til slikt arbeid derimot…