Viser arkivet for stikkord amelie

Skjønn og rettferdigheit

Utsendinga av Maria Amelie har skapt mykje debatt og engasjement, både for og imot. Eg har forfekta det synet at vi skal ha eit strengt regelverk i asyl- og innvandringspolitikken, men at vi samstundes må ha ei opning for å kunne bruke skjønn i enkeltsaker. Dette er ikkje nødvendigvis enkelt i praksis, men det treng ikkje vera feil fordi om det er vanskeleg.

Eg deler den bekymringa mange har for at det å bruke skjønn kan føre til urettvis behandling av somme som søkjer asyl. Men ulik behandling er ikkje synonymt med urettvis. Når nokon har budd her i mange år, gjort ein innsats for å lære seg språket og bli integrert og gjennom dette fått særleg tilknytning til landet – ja, då kvalifiserer det etter mi meining til ei særskilt vurdering. Endå meir meiner eg at omsynet til barns beste bør telje. Saka frå Vadsø i fjor haust om dei serbiske familiane med små ungar som brått vart utsendte, er eit døme på kva eg meiner er feil praktisering av reglane. Det vil seie at eg meiner det er brukt dårleg skjønn av utlendingsmyndigheitene i både denne saka og i Maria Amelie-saka.

Regjeringa har som mål å føre ein streng og rettvis asyl- og innvandringspolitikk. Folk utan dokumentert behov for vern blir utsendte langt raskare enn før. Dette fører til at det etter kvart vil bli færre og færre som gjennom langvarig ulovleg opphald får tilknytning til riket. Det å ta særlege omsyn til dei som allereie har fått denne sterke tilknytninga, er såleis ikkje det det same som å opne ei låvedør for innvandrarar inn til landet, noko somme har hevda. Derimot er det eit teikn på at vi som samfunn tek skjebnen til enkeltmenneske på alvor. Det er eit slikt samfunn eg vil leva i, ikkje eit samfunn der rigide tolkingar av regelverket gir håplause utslag.

Papirlaus og heimlaus

Eg tykkjer somtid det er vanskeleg å vera politikar. Kva gjer vi når omsynet til enkeltindivid kolliderer med politiske prinsipp og eit lovverk som i og for seg har fornuftige utgangspunkt? Marie Amelie-saka skapar eit slikt dilemma.

Det er mange som engasjerer seg i saka hennar – jenta som kom hit til landet som 16-åring, og som valte å stå fram med historia si. I boka “Ulovlig norsk” skriv ho om det å leva som papirlaus flyktning utan lovleg opphald dei siste 8 åra. No har ho vorte pågripen, og kan bli sendt ut av landet i løpet av to veker.

Saka hennar gjeld ikkje grunnleggjande nasjonale interesser eller utanrikspolitiske omsyn. Såleis kan ikkje justisminister Storberget blande seg inn i det Utlendingsnemnda UNE eller UDI gjer. Men saka reiser eit stort spørsmål: Kva når regelverket vi har vedteke blir tolka slik av utlendingsmyndigheitene at det gir openbart urimelege utslag?

Eg representerer sjølv eitt av regjeringspartia, Senterpartiet. Eg er saman med resten av dei raud-grøne oppteken av at Noreg skal føre ein streng, men rettferdig asylpolitikk. Målet er at dei som har reelt beskyttelsesbehov skal få bli og at desse skal bli best mogleg integrerte i samfunnet vårt. For å oppnå dette, er det stort sett semje om at dei som ikkje har eit dokumentert beskyttelsesbehov og som har fått avslag på søknadene sine skal ut av landet snarast råd.

Samstundes er det vesentleg det skjønnet utlendingsmyndigheitene utøver er godt. Det vil i dette tilfellet seie om praktiseringa av den såkalla uforhaldsmessigheitsvurderinga er rett.

Spørsmålet er om regjeringa skal instruere UDI om at det td som hovudregel skal bli gitt opphald til personar som har kome til Noreg som mindreårige asylsøkjarar og som har knytt seg til Noreg gjennom eit langvarig opphald. Dvs at det hovudsakleg skal reknast som eit uforhaldsmessig tiltak å utvise desse.

Dette er heller ikkje uproblematisk. Det skal ikkje løne seg å koma til Noreg ulovleg og gå i skjul i påvente av at ein får mange nok år i landet til at ein får opphald utan at beskyttelsesbehovet er der. Det må heller ikkje bli slik at vi engasjerer oss breitt kun når utsendingsvedtak gjeld enkeltmenneske med kvit hud og som har lært seg å tala godt norsk.

Likevel: Maria Amelie si sak er spesiell. Ho har ingen annan heim enn den i Noreg. Ho vart teken med hit av foreldra sine, og vart att her aleine medan ho enno var mindreårig. Ho har vore borte frå det opprinnelege heimlandet sidan ho var tolv år. Spesielle omsyn må takast i enkelte saker. Denne saka er etter mi meining ei slik.