Viser arkivet for stikkord adopsjon

Adopsjon frå Haiti bør tillatast

Katastrofen på Haiti rystar dei fleste av oss langt inni sjela, og vi kjenner eit sterkt behov for å bidra. Mange familiar i fleire land ønskjer å adoptere foreldrelause og traumatiserte ungar som elles står i fare for å døy. Det bør dei få lov til.

Eg les forundra – og ikkje så reint lite forskrekka – at det blir laga mykje problem kring det ønsket mange no har for å hjelpe desse ungane via adopsjon.

Faren for menneskehandel må vi ta på alvor, men teke i betraktning det reine helvetet som sårbare ungar lever i på Haiti no, bør alle tiltak for å hjelpe dei ønskast velkomne.

Direktøren i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) utelukkar iflg Nettavisen ikkje å opne for framtidig adopsjon fra Haiti “dersom landet blir både sikkerhetsmessig og politisk stabilt”.

Gud betre, kva er dette for noko? Skal ungane døy medan vi ventar i årevis på at situasjonen i landet skal stabilisere seg?

Nei, no må vi ta til fornuft. Det bør vera mogleg å gje alle dei familiane som er prekvalifiserte til adopsjon høve til få adoptere barn frå Haiti snarast. Og eg meiner det bør vera mogleg å få til ei rask kvalifisering av nye familiar også i denne ekstraordinære situasjonen.

Vi er ikkje eit uregulert samfunn med dårleg kontroll eller ein fristad for overgriparar og menneskehandlarar, tvert i kan vi til tider framstå som overlag problemfokuserte og overbyråkratiske. Nettopp dette er eg redd for at er til hinder for å hjelpe haitiske ungar no.

Det handlar om liv eller død for mange små. Vi bør gje dei sjansen til å leva.