Viser arkivet for stikkord sandberg

Merkeleg Frp-breiside mot Breivik-rapport

Eg blir ein smule oppgjeven når eg ser Per Sandberg frå Frp uttale seg om rapporten som i dag vart lagt fram om den psykiske tilstanden til terrorsikta Anders Behring Breivik.

Sandberg er leiar av same justiskomite på Stortinget som eg sit i. Han oppheld seg likevel i ei anna verd kva gjeld trua på eigne evner til å konkludere i særs kompliserte saker der verken han eller eg har nødvendig kunnskap.

Sandberg er misnøgd med at Behring Breivik i dag vart erklært strafferettsleg utilrekneleg. Rapporten skal kvalitetssikrast av ein rettsmedisinsk kommisjon og heldigvis ikkje av politikarar. Eg for min del har tiltru til at den endelege konklusjonen frå fagkommisjonen vil vera meir korrekt enn den Sandberg og eg kan trekkje utifrå det inntrykket vi får gjennom medieomtalen av den terrorsikta.

Kvifor blir eg oppgjeven av utspelet til Sandberg? Jo, eg meiner det går inn i ei lang rekkje av utspel der han som justispolitikar opptrer som om han skulle ha ei anna rolle enn nettopp politikar.

Vi er rikssynsarar på godt og vondt, men vi må gjera vårt beste for å halde tunga beint i munnen og fingrane av fatet når noko ikkje er vårt bord. Generelt meiner eg at vi justispolitikarar skal passe oss for å kommentere enkeltsaker der det ikkje føreligg rettskraftig dom.

I akkurat denne terrorsaka, som er så spesiell, er det greitt å gå lenger enn elles – gjerningsmannen har vedgått forholdet og bevisa er marerittaktig massive. Men: vi representerer den lovgjevande og ikkje den dømmande makt. Å gå inn i vurderingar som blir gjort i rettsapparatet skal vi vera forsiktige med.

I Aftenposten står dette: “Bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen deler ikke umiddelbart Melings krav om et bredere grunnlag for den psykiatriske vurderingen. – De sakkyndige har gjort et grundig arbeid, og jeg har ikke kompetanse til å etterprøve dem. Mine klienter har ikke ytret noe ønske om et bredere grunnlag for en psykiatrisk vurdering. Dersom det blir ytret et ønske om dette fra påtalemyndighetens side senere, vil vi ta stilling til det da, sier Larsen.”

Dette tykkjer eg er fornuftige ord. Det viktigaste er ikkje om terroristen blir erklært strafferettsleg tilrekneleg eller utilrekneleg, det viktigaste er at han aldri slepp ut igjen. Eg vel å leggje til grunn at vi i Noreg har eit rettssystem som sikrar dette.

At Sandberg ønskjer å vera indignert og opprørt og sjokkert og gud veit kva slags ord som blir brukt, er opp til han. Men det ville ikkje skadd om han sjølv tok ein ekstra gjennomgang av si eiga rolle.