Muntre drosjeturar

I det siste har eg teke til å like drosjeturar. Seinast i dag, då eg tok drosje frå NRK, trefte eg ein særs oppegåande og hyggeleg drosjesjåfør som gjorde dagen min betre.

Han begynte med å seie: “Åh, endeleg eit blidt ansikt, det har vore så mange sure passasjerar i dag!” Vi veksla nokre ord, og eg kom innpå debatten eg nyleg hadde delteke i på Kulturnytt. Temaet var om media skal kunne straffast for å vidarebringe tausheitsbelagte opplysningar, jamfør framlegg frå Riksadvokaten i dag.

“Nei, det er eg veldig mot”, sa karen, og tok til å fortelje om skilnaden mellom systemet her til lands og i Sverige. Så drog han laus – framleis i ein veldig hyggeleg tone – om ytringsfridom og medias rolle, og samanlikna media i ulike land.

Eg sat og tenkte i mitt stille sinn at denne drosjesjåføren veit meir enn eg om det vi diskuterte, og eg tykte rett og slett det var ein gjevande drosjetur både sosialt og fagleg.

Når han attpåtil fortalte at han var sjeleglad for at det vart ei raud-grøn regjering igjen etter siste stortingsval, vart sjølvsagt begeistringa mi for fyren total.

Eg kom inn på kontoret her på tinget igjen i stad, og kom i hug ein drosjetur eg hadde i forrige veke.

Drosjesjåføren var frå Somalia, skulle det vise seg. Men han nemnte at han hadde budd i Syria, så eg gjekk først ut i frå at han var syrisk. Då eg spurte vidare om dette, kom det fram at han berre hadde budd der eit par år.

Kor er du frå då, spurte eg. – Finnmark, sa han, på gebrokkent norsk og gliste breitt. Det spratt opp for oss begge to, og eg trur vi lo heile Hausmannsgate.

Når eg flaksar mellom ulike oppdrag og ofte omgås andre politikarar og journalistar, kan det vera gjevande å ha nokre minutt i ein bil saman med ein av desse som transporterer menneske frå stad til stad. Somme av dei har mykje kunnskap, humor og humør. Og humøret mitt blir betre av trivelege folk.

Kampen mot valdtekt

Temaet valdtekt stod på dagsorden i Stortinget i dag. Forrige justisminister, Knut Storberget, brukte ordet “nestendrap” om slike overgrep.

Dette illustrerer nok dessverre korleis det å bli valdteken rammar den enkelte, fordi hendinga ikkje berre er grusom når den skjer, men også i verste fall blir eit livslangt traume som reduserer livskvalitet og øydelegg helsa.

Fjorårets mange anmeldte overfallsvaldtekter gjorde at vi fekk ein stor debatt om dette. Faren er at vi kan gløyme problemet når etterdønningane frå valdtektsbølgja er over.

Alle typer valdtekt er alvorlege og krenkar offeret grovt. Overfallsvaldtekter har som ei ekstra følgje at dei gjer mange kvinner og deira næraste redde. Denne redselen kan føre til at ein ikkje lenger tør å opphalde seg og ferdast på stader der ein tidlegare har følt seg trygg. Dette gjer kvinner mindre frie i eit samfunn der likestilling og friheit for enkeltmennesket er verdiar vi set høgt.

Domstolane har fått klåre og begrunna føringar frå Stortinget på at normalstraffenivåa for valdtekt og seksuelle overgrep må bli høgare enn det praksis har vore i mange år. Dette går på at domstolane har høve til og bør bruke dei øvre delane av strafferammene oftare.

Det synest som at eit overveldande fleirtal av overfallsvaldtektsmenn har ikkje-vestleg bakgrunn. Eg meiner tiltaka vi skal gjennomføre for å få bukt med overfallsvaldtektene må vera målretta for å førebyggje at menn som kjem frå enkelte kulturar begår slike ugjerningar.

Såleis er det interessant å sjå til Stavanger, der ein for å få bukt med ei valdtektsbølgje i 2009 mellom anna inngjekk eit samarbeid mellom politiet og asylmottaket og innvandrarorganisasjonar for å formidle rådande norske haldningar til kvinner og likestilling. Vidare gjer regjeringa rett i å sørgje for at kriminelle asylsøkjarar blir sendte raskt ut av landet.

Det er etter mi meining særs viktig at ein skjermar samfunnet mot valdtektsmenn. Dessverre er det ikkje alle ein kan sende ut raskt, fordi ein manglar nødvendige papir frå heimlandet deira eller fordi det er fare for livet deira dersom dei blir sendte tilbake.

Utanlandske valdtektsmenn som veit at dei omsider kjem til å bli utsendte, har låg terskel for å begå nye valdtekter. Dette gjer at det etter mi meining er utruleg viktig å halde valdtektsdømte asylsøkjarar utan opphaldsløyve unna gatene i påvente av at dei kan sendast ut.

Det er eit paradoks at somme valdtek kvinner og såleis øydelegg andre sine liv samstundes som dei ikkje kan sendast ut av Noreg fordi det er fare for livet deira.

Det er rett å styrke politiet og byggje opp kunnskapen om valdtekt og etterforsking av dette i politiet. Politi og strengare straffar er likevel ikkje nok aleine. Tiltak på ein brei front er vesentleg. Fjorårets mange overfallsvaldtekter førte til ei mobilisering blant mange aktørar. Eg håpar dette held fram vidare også. Problemet er ikkje borte sjølv om fjorårets bølgje har lagt seg.

Når det å bli nekta keisarsnitt tek liv

I november i fjor døydde eit barn i mors mage på sjukehuset i Kristiansund. Kvinna vart nekta keisarsnitt trass i at ho fekk smerter og blødningar ei veke etter termin og trass i stadig fleire dagar gjekk utan at fødslen kom i gang.

Heile 16 dagar etter termin hadde ho enno ikkje fått innvilga ønsket sitt om keisarsnitt, og ungen døydde.

I den sterke frykta vi som sjølv er foreldre har for å miste våre eigne ungar, kan vi ane den uendelege sorga det må vera når ein unge døyr.

Sorga er sjølvsagt like ille uansett kva årsaka er. Men det blir ikkje mindre meiningslaust av at årsaka er at dei som skal hjelpe fødande med å få ungen trygt ut, nektar å gje den behandlinga som kan redde liv.

Moglegheita for å ta keisarsnitt er ei velsigning for gravide. Ein del legar meiner det er bekymringsfullt at talet på keisarsnitt aukar. Det kan det vera grunn til. Der er sikkert somme av dei som får teke keisarsnitt som ikkje treng det av medisinske grunnar.

Men denne debatten er irrelevant når det gjeld kvinner som går mange dagar over termin. I det nemnte tilfellet ba dei vordande foreldra tynt om at legane skulle operere i staden for å vente fordi dei var redde for kva som kunne skje.

Ein veit meir om årsaka til fødselskomplikasjonar og dødfødslar no enn før. Det har kome fram at risikoen er langt større når det har gått mange dagar over termin.

Derfor har det kome nye retningsliner for å setje i gang fødslar når gravide går over termin. Så vidt eg veit skal alle vurderast når dei har gått ei veke over. Fødselen skal fortrinnsvis setjast i gang ved 11 dagar over termin.

Dette er retningsliner, ikkje lovfesta pålegg. Legane kan altså bruke skjønn. Men ønska til kvinnene må også telje.

Somtid kan ein få ei kjensle at av gravide kvinner blir sett på som hysteriske dersom dei blir redde for ungen og eige liv. Men kvinner som er redde, kan faktisk ha særs god grunn til det.

Dei har gått med ungen i magen i mange månader, og kjenner sin eigen kropp og si eiga helse. Ei snikande kjensle av at noko er gale, kan vera ein “magefølelse” som bør takast på alvor.

Det er alltid ein risiko ved å føde, men i dette tilfellet var årsaka ein alvorleg svikt i den helsefaglege vurderinga, slik eg ser det. Eg er lei meg på paret sine vegne, og håpar slikt aldri skjer igjen.

Her er innslaget frå NRK: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.7978553

Jobb mot omskjering verdt innsatsen

Overgrep mot småungar er det verste eg høyrer om. Det gjer meg fysisk kvalm. Rituell omskjering er eit slikt overgrep, uansett om det blir begått mot jenter eller gutar.

Før helga fekk eg eit veldig rørande og motiverande brev. Avsendaren takkar meg for innsatsen eg gjer for ei svak gruppe som ikkje kan verge seg sjølv. Han skriv at han vart omskoren som liten gut, og at han heile livet har kjent at han har mangla noko.

Saman med brevet sendte han meg to bøker og ein film om omskjering. Den eine boka er “The Rape of Innocence” av Patricia Robinett, ei kvit amerikansk kvinne som sjølv vart omskoren som lita. Den andre heiter “Marked in Your Flesh” og er av Leonard B. Glick. Filmen er eit intervju med same mann.

Eg kvir meg på å lesa desse bøkene og sjå filmen, men eg skal tvinge meg sjølv til å gjera det. Eg skulle ønskje eg kunne tvinge dei som er for rituell omskjering til å gjera det same, for eg trur det kunne ha opna augene deira for at det i realiteten er eit overgrep.

Brevskrivaren peikar på at nokre av dei fremste motstandarane av omskjering var og er jødar, og at ein derfor ikkje skal la seg dupere av skuldingar om anti-semittisme.

I den grad dette temaet handlar om religionsfriheit og menneskerettar, er det rettane til den enkelte ungen det må handle om.

Det er ikkje religionsfriheit for ungen dersom foreldra let skjera bort delar av eit friskt kjønnsorgan i religionens namn. Inngrepet er irreversibelt, og det kan skade ungen for livet.

Dersom vi som er mot rituell omskjering av småungar skal lukkast i kampen mot uvesenet, må vi jobbe målretta. Tilbakemeldingar som frå brevskrivaren minner meg om at jobben er verdt innsatsen.

Høgfartstog og lågfartsvegar

Høgfartstog går frå bysentrum til bysentrum og dei kan ha nokre stopp undervegs i motsetnad til flya. Men dei kostar flesk. Skal vi bruke enorme summar på høgfartsbane i Noreg når vegnettet ikkje er betre enn det er?

Jernbaneverket har utgreidd høyfartsbane i Noreg, og denne utgreiinga vart lagt fram i dag. Der viser det seg at den samla prisen for alle dei vurderte korridorane blir på nærare eit heilt norsk statsbudsjett, omlag 1000 mrd.

Eg liker tanken på tog som susar gjennom vakker norsk natur. Eller vent litt. Dei kjem til å suse over dyrka mark, som det allereie er for lite av i dette landet.

Eg liker betre tanken på at ein eventuell høgfartsbane gjennom Østerdalen kunne bli eit svært effektivt rovdyrgjerde – schvupp schvupp schvupp, når toga fyk forbi.

Men når ein kjem frå eit fylke som Møre og Romsdal, og gjer som eg – vekependlar til Oslo og reiser mykje rundt på oppdrag i fylket, er det lett for at ein blir meir oppteken av andre ting enn tog. Som betre vegar, større ferjer, ferjeavløysingsprosjekt og ikkje minst tiltak for ein tryggare trafikk.

I prinsippet treng det ikkje vera nokon motsetnad mellom å satse meir på vegane og å byggje høgfartsbane. Fullt så enkelt er det likevel ikkje i den verkelege verda, der budsjettbalanse og overoppheiting av økonomien ofte er eit tema. “Vi må avgrense bruken av offentlege kroner”, heiter det såleis fort frå finansdepartementet når samferdsel er temaet.

For min del vil eg bruke langt meir på både vegar, tunnelar, bruer, ferjer, bussar og fly og tog. Og absolutt også på høgfartstog, men prioritere dette der det er flest reisande (les det sentrale Austlandet).

Får vi 1000 mrd til alle desse områda, ja – då byggjer vi heile landet.

PST passar ikkje best i öppna landskap

PST-sjef Janne Kristiansen gjekk av i natt. Ho uttalte noko som kan vera gradert informasjon på den opne høyringa om 22. juli på Stortinget i går. Det var rett av ho å gå på grunn av dette.

Eit spørsmål eg likevel stiller meg, er om det er rett at PST skal måtte sitje i ei opa høyring og bli avkrevd svar om forhold som openbart er og bør vera hemmelege.

Det ligg i PST si oppgåve at det dei driv med ikkje skal ut for alle og kvarmann. Dei skal beskytte norske borgarar og myndigheitspersonar mot farer, og for å gjera dette kan ikkje moglege terroristar eller krigshissarar vita alt om korleis dei jobbar.

Samstundes er det klårt at det må vera demokratisk styring med verkemidla dei kan bruke. Personvern, omsynet til enkeltmennesket og målet om eit ope og fritt samfunn må vektast opp i mot moglegheitene dei har for å avlytte folk til dømes.

Eg vil presisere at det er mykje av PST si verksemd som dei kan vera opne om, og at vi ikkje må gå tilbake til tidlegare tiders synder med massiv overvaking.

Men det finst folk der ute som ikkje har denne respekten for andre menneske sine liv og for det demokratiske samfunnet vi lever i. Desse må PST ha midlar og verktøy for å stoppe. Og vi kan ikkje gjera det lettare for potensielle forbrytarar å gjennomføre terror ved at PST må informere for mykje.

Sjølvsagt burde Janne Kristiansen visst at ho skulle sagt “ingen kommentar” – det er det inga usemje om. Men er det også ikkje enkelte spørsmål vi på Stortinget bør vi la liggje?

Sinte telefonar

Somtid er telefonsamtalar utmattande. I alle fall når føremålet med samtalen frå den andre parten er å uttrykkje mest mogleg sinne med flest mogleg ord.

“Kunden har alltid rett”, er innstillinga butikkpersonale og kelnarar skal ha. Same kor usakleg og sur kunden er, og same om han eigentleg tek feil: rett har han og rett skal han få.

Er innbyggjarar og potensielle veljarar som tek kontakt med oss politikarar å sjå på som våre “kundar”? Skal vi politikarar såleis ha innstillinga “veljarane har alltid rett”, også når nokon ringjer og skjeller oss ut etter notar?

Eg opplevde dette seinast i dag. Vedkomande hadde prøvd å ringje meg fleire gongar på morgonen utan å leggje att melding om kva det gjaldt. Slikt er ofte eit fareteikn, men eg valte å oversjå det.

Eg var så dum då eg ringte oppatt til han at eg sa at eg hadde ti minutt til å prate. Då overhøvlinga starta, var det såleis for seint å finne på ei orsaking om at eg hadde dårleg tid. Eg gjorde som eg bruker å gjera: eg valte å prøve å filtrere bort ukvemsorda og høyre etter om det var noko fornuftig inne i ordflaumen. Det var det heldigvis.

For å anerkjenne meiningane til vedkomande, prøvde eg å smette inn nokre setningar for å vise at eg forstod og at eg tok han på alvor. Dette var det imidlertid ingen som helst vits i. Eg fekk berre meir kjeft på grunn av dette, for han meinte eg laug då eg sa eg forstod frustrasjonen hans.

Langt oftare enn sinte telefonoppringingar kjem det sinte e-postar. Det som overraskar meg med desse, er at så mange bryr seg så lite om å vera nokonlunde sakleg. At nokon ringjer og spyttar ut faenskap kan ingen ta dei på etterpå, men noko som er skriftleg kan mottakaren ta vare på og melde vidare om det skulle vera for ille.

Eg ønskjer å ha ei audmjuk tilnærming til dei som uttrykkjer meiningane sine overfor meg. Eg tykkjer det er kjempefint å få tilbakemeldingar på jobben eg gjer og utspela mine, og er open for å justere meiningane mine.

Eg bruker ofte argument nokon spelar inn til meg i vurderingane av sakene seinare, og somtid bruker eg argument frå til dømes kommentarfelta på Facebook når eg skal i TV- eller radiodebattar.

Derfor blir eg litt sur når nokon kan ringje og seie at eg ikkje forstår ein dritt, at eg er ein tosk og eit fehovud, at eg ikkje har noko i politikken å gjera, at eg gir blaffen i korleis andre har det, osb. Og eg misliker å bli kalt stygge ting.

Men veljarane har vel alltid rett, så eg svarer så pent eg kan og avsluttar med “takk for at du ringte, ha ein fin dag vidare!”. Inni meg er det likevel ikkje alltid eg tenkjer at vedkomande eigentleg hadde rett, eg tillet meg å vera så kjettersk.

Vekt og mobbing av kjente personar

For blodtrykket sin del prøver eg å ikkje la meg provosere for ofte. Dette er ikkje enkelt, for alt frå valdtektsbølgjer til omskjæring av ungar gjer meg sint. No er det noko heilt anna som provoserer meg: alt snakket om vekta og utsjånaden til høgreleiar Erna Solberg.

Vi talar ofte om at vi må bekjempe mobbing i skulen og på nett. Å bekjempe medias mobbing av vaksne menneske på grunn av korleis dei ser ut, er sjeldan eit tema.

Eg veit ikkje om Solberg reagerer på dette sjølv, men eg tillet meg å reagere på hennar vegne. Eg tykkjer det er pinleg at journalistar bruker spalteplass på å kommente opp og i mente når dei meiner vekta har endra seg eller kvar gong klesstilen og hårsveisen er ny.

No vil eg få sagt at eg tykkjer Erna Solberg er ei flott dame. Skulle alle vore 175 cm høge og 60 kilo, hadde det vorte inni hampen einsformig.

Dessutan trur eg langt dei fleste gir blankt f i kor tunge toppolitikarar er eller om dei kjøper kleda sine på Hennes & Mauritz eller Steen & Strøm. Såleis meiner eg media undervurderer lesarane sine dersom dei trur det er lurt å skrive om utsjånaden til Erna for å selje meir.

Men media bidreg også til å gjera arbeidet mot mobbing generelt vanskelegare. Dersom vaksne seier til ungane sine at dei ikkje skal kommentere vekta til medelevar og det same dag er oppslag i riksmedia om vekta til kjente personar, blir bodskapen vanskeleg å skjønne for ungane.

Det gjorde godt å få ut denne frustrasjonen. For å seie det slik: eg kjenner meg fleire kilo lettare…

Omskjering er overgrep uansett kjønn

Det har heldigvis vore ein debatt om omskjering av smågutar den siste tida. Eg initierte denne debatten gjennom eit utspel i Dagbladet om at praksisen må forbys på lik line med omskjæring av jenter.

Mange har sterke meiningar om temaet. Som politikar ser eg det som viktig å tore å ta opp til diskusjon også kontroversielle og vanskelege tema. Dette er eitt av dei.

Barns rettsvern, religionsfridom og respekt for enkeltmennesket er nokre av dei vesentlege momenta for at eg er mot religiøst og kulturelt begrunna omskjering av mindreårige gutar. Ungar blir utsette for ulike typar overgrep, deriblant omskjering, og vi må styrke rettsvernet deira. (Medisinsk begrunna omskjering er sjølvsagt noko anna, då er det av omtanke for ungen at ein gjer det.)

At nokon kan utføre eit irreversibelt inngrep på friske kjønnsorgan til ungar som ikkje kan nekte, er ikkje greitt. Dette er heller ikkje greitt: 1) Dei blir utsette for risikoen for komplikasjonar. Somme blir skadde for livet. 2) Seksuallivet til dei som er heldige og ikkje blir skadde av inngrepet, blir også påverka i større eller mindre grad. 3) Dei kan aldri fjerne den religiøse markøren omskjeringa inneber dersom dei skulle velje å konvertere til ein annan religion eller få eit ikkje-religiøst livssyn.

Dette siste er årsaka til at eg ikkje kjøper argumentet om at det å forby omskjering er eit brot på religionsfridomen, slik mellom anna ein del jødar og muslimar hevdar. Slik friheit må innebera å kunne velje sjølv.

Somme meiner dette talar mot at det skal vera lov til å døpe ungane. Likevel er det skilnad på dette og det å skjera bort delar av ungar sine kjønnsorgan. Det er fullt mogleg å melde seg ut av statskyrkja for dei som ønskjer det seinare, men umogleg å gjera om att det siste.

Det blir påstått frå tilhengjarar av omskjering at det er så hygienisk. Eg vil minne om at det finst såpe og vatn, noko dei fleste i dagens samfunn er flinke til å bruke, og at denne påstanden indirekte insinuerer at det store fleirtalet av norske menn er uhygieniske.

Eg har tala med menn som er sterkt prega av at dei har vorte omskorne i barndommen. Dei takkar for at nokon tek opp temaet. Problemet er at dei færraste – om nokon – ønskjer å stå fram med historia si fordi det er så intimt og tabubelagt. Derfor kjem det einsidig informasjon frå grupper der omskjering er vanleg.

Det er nok delte meiningar om temaet i alle parti, også i Senterpartiet, som eg representerer. Men eg merkar meg at det har kome overveldande mange støtteerklæringar i etterkant av utspelet mitt. Det teiknar godt.

Eg set religionsfridomen til enkeltmennesket høgt, og ikkje minst også respekten for andre menneske sin kropp. Prinisipielt er det ikkje skilnad på omskjering av jenter og gutar. Det første er heldigvis forbode allereie. Neste steg er å forby omskjering også av gutar, og setje ei aldersgrense på 18 år for inngrepet. Då er gutane myndige og kan velje sjølv om dei vil utsetje seg for dette.

Frøken Jennys fornemmelse for snø

Eg sit og ser på snøfloksene som dalar ned utanfor vindauget. Då eg gjekk gjennom Oslos gater i stad, la dei seg på hovudet og skuldrene mine, fann vegen inn i lommene på jakken og dekte ryggsekken med eit kaldt, kvitt teppe.

I og med at eg har ein velutvikla nase(!), la snøen seg godt til også der, før han smelta og laga lite delikate nasedropar. Men det heile var jo koseleg, innmari koseleg. Den første snøen er det noko spesielt med.

Etter å ha gått fram og tilbake gjennom gangane på Stortinget, sitte i stortingssalen i timevis og vore fanga delar av dagen på eit altfor rotete kontor og baksa med ein altfor full innboks, fekk eg endeleg ei kjensle av verda utanfor, av naturen, av livet.

Snø er noko eg kvir meg på før han kjem. Eg kan også bli fortvilt over snøslaps i gatene. Men snøkledde landskap er vakkert, og det å kunne gå skiturar i skog og mark og på fjellet – eller i skiløyper for den saks skuld – gjer meg glad.

Eg er barnsleg av natur, så eg kan leggje meg ned på bakken og laga englar i snøen og sjå opp på himmelen og drøyme meg heilt bort. Men så blir det jo kaldt etterkvart, og då er det om å gjera å koma seg inn i ei varm stove og drikke kakao med krem.

Å puste i kald, klår luft, høyre det knirkar når ein går og sjå det glitrar i snøkrystallane av måneskinet som lyser opp snødekte åkrar – slikt er av dei fine opplevingane frå barndommen som sit att enno. Dersom eg er så heldig å få vera heime på Nordmøre på kveldar når det er slik om vintrane no, blir eg hoppande sprettande lukkeleg.

Eg sit og gler meg til jul. At eg håpar på ei kvit jul, seier seg vel sjølv etter at eg har romantisert snøen slik.

Eg har lovt guten min å vera med på snøbasking og snøballkrig i vinter. Dét er ein del av sjarmen med snø. Men då må ein rekne med at ein får fornemmelsen av snø atti nakken og ryggen også, ikkje berre på nasen.