Herpes-smitte på omskorne smågutar

Det er lite og ingenting som får meg så provosert og lei meg som at ungar blir utsette for overgrep. Akkurat no er kvalmen også framtredande. For smågutar har vorte smitta av herpes på grunn av omskjering.

Regjeringa har hatt ute til høyring eit framlegg om å gjera omskjering av smågutar til eit offentleg tilbod. Det kan høyrast fornuftig ut for å få ned talet på skadar. Dersom omskjering er lovleg, er det likevel stor grunn til å tru at ein del miljø uansett vil halde fram med å gjera det på helsefarlege måtar.

Som ei mor skreiv på nettet: ho hadde fått omskoren guten av ein norsk lege, men var misnøgd med at han skar bort for lite av forhuden. Derfor gjekk ho til ein kvakksalvar på Grønland og fekk han til å skjera bort resten.

Vi har lagt ned forbod mot omskjering/kjønnslemlesting av jenter, og no er det på tide at vi tek omsyn til gutane også. Sjølv om det er ein mindre andel av gutar som blir skadde for livet, kan vi ikkje akseptere omskjering av smågutar heller.

Det handlar om at små, forsvarslause ungar kan få varige skadar på penis, problem med framtidig sexliv, kjønnssjukdommar, må amputere eller døyr som følgje av eit totalt unødvendig inngrep der ein skjer bort delar av eit friskt kjønnsorgan.

Dersom vi forbyr omskjering, vil det vera lettare for helsesøster, lege eller andre å sjå om ulovleg omskjering er utført ulovleg på gutar enn det er på jenter. Såleis er det lettare å førebyggje og straffeforfølgje.

Viss vi gir eit offentleg tilbod, inneber det at vi legitimerer inngrepet ytterlegare. Kva skjer i dei tilfella der det offentlege helsevesenet forårsaker skadar på kjønnsorgana til desse ungane? Det kjem garantert til å skje innimellom, for alle operative inngrep er forbundne med risiko. Kjem vi til å oppleva rettssaker mot staten for å ha lagt til rette for eit slikt inngrep når det ikkje førelå medisinsk grunngjeving for det? Det burde vi i så fall.

I USA er det oppretta ein organisasjon der omskorne menn jobbar for å få bort denne praksisen. Dei mennene som har teke kontakt med meg etter at eg har uttalt meg om saka her i Noreg, skriv at dei har få eller ingen å tala med om problema dei har fått.

Det er tabubelagt, og vanskeleg å stå fram med. At somme menn er veldig nøgde med å ha fått kutta bort ein del av penis, er deira sak. Dersom vi set ei aldersgrense på 18 år for å få utført inngrepet, kan det hende dei som utfører det tenkjer annleis.

Dette kokar etter mi meining ned til kva vi meiner er religionsfriheit, og kva vi meiner om barns rettssikkerheit. Skal vi prioritere religionsfriheit for vaksne som ønskjer å påføre ungane irreversible religiøse markørar, eller skal vi verne om religionsfriheita til den enkelte ungen?

Og skal vi godta at forsvarslause ungar blir utsette for overgrep på dette viset? Nei, forby uvesenet.

Pinlege historier kan koma til nytte

VG skriv i ein artikkel om tidlege teikn på demens. Eg har tidlegare generøst delt med lesarane historier om at eg sjølv har surra ganske mykje. No lurer eg på om dette er teikn på at eg kjem til å bli ordentleg dement med åra.

For å forklåre bekymringa mi, vil eg vise til nokre av dei tidlege teikna på demens som VG skriv om.

Problem med daglege gjeremål, som å dekkje på bordet: Eg kan gå 6 gongar fram og tilbake mellom spisebordet på stova og kjøkkenet før eg har hugsa bestikket.

Eg har også sett meg inn i feil bil og køyrt to km før eg forskrekka oppdaga det. Gjett om det var pinleg, særleg då eg oppdaga at bilen ikkje ein gong var av same merke som min.

Språkproblem, som å gløyme enkle ord: Eg forvekslar stadig namna på folk eg kjenner, til og med dei aller næraste. Sonen min, Eirik, blir stadig utsett for å bli kalt Menty, som er namnet på hunden. “Flink bisk, Eirik”, blir også sagt frå tid til anna.

Desorientering i høve til både tid og stad. “God jul”, ønskte eg folk før påske. Då eg var 33 år, svarte eg kjekt at eg var 28 (dette kan sjølvsagt vera resultat av eit sterkt ønske om å vera yngre).

For eit par år sidan flaug eg til Værnes og leita etter bilen på parkeringsplassen, då eg fortvilt innsåg at eg flaug frå Molde fem dagar før.

Svekka dømmekraft – det vil eg sjølvsagt ikkje koma med NOKO eksempel på i det heile, for som stortingspolitikar må folk vera overtydde om at eg har stålkontroll.

Feilplassering av ting: Som 10-åring skulle eg setje på ei vaskemaskin for mor mi. Nokre timar seinare fann ho ikkje att kleda i maskina. Men då ho skulle ta opp eit brød frå frysaren, låg det stivfrosne klede der nede og venta på å bli redda frå kulda.

På vidaregåande fann eg ikkje att bilen min etter at skuledagen var slutt. Eg leita og spurte om nokon hadde sett bilen, men konkluderte med at han var stolen. Så ringte eg politiet for å anmelde det. Då ropte ein klassekamerat: “Jenny, du sykla til skulen i dag!”

Humørforandringar utan openbar grunn: Kremt, der kan det hende kjærasten har nokre døme.

Heldigvis oppfyller eg ikkje kriteria tap av initiativ eller engasjement. Tidvis hukommelsestap påverkar merkeleg nok heller ikkje arbeidsevnen. Eg fell sjeldan i stavar under eit møte, og hugsar dei fleste gjeremåla som eg må få unna.

Det er rart korleis eg klarer å konsentrere meg djupt om enkelte oppgåver, som å skrive pressemeldingar, øve på piano eller teikne. Daglegdagse gjeremål kan derimot få den mest tolerante til å bli heilt fortvilt over meg når eg virrar og gløymer og surrar og bannar.

Min kjære rådgjevar her på tinget åtvarer meg mot å skrive meir om kor sløv eg kan vera. Ho påpeiker at eg har eit omdømme å ta vare på. Eg svarer at vi folkevalte må vera representative, og at eg kjenner meg forplikta til å vera den som representerer dei som har litt vanskeleg for det.

Det står ingenting i VG-artikkelen om det å vera gløymsk og tidvis desorientert frå barnsbein av er eit skummelt teikn på at ein blir dement når ein blir eldre.

Dersom det ikkje er slik, er det nok svært lurt at eg skriv om og offentleggjer alle desse pinlege historiane no.

For når eg blir 70 år og oppfører meg som i dag, vil folk som ikkje kjenner meg kunne meine at eg bør inn på lukka avdeling snarast råd. Då får eg triumferande vise dei blogginnlegga mine og seie: “Sjå her, eg har vore slik heile livet.”

Sjuk og ufarleg. Frisk og farleg.

Debatten om samanhengen mellom psykisk sjukdom, vald og drap er naturleg nok framtredande i media når store drapssaker kjem opp. Vi må ikkje gå i den fella å setje likskapsteikn mellom det å vera psykisk sjuk og det å utgjera ein fare for andre.

I VG i dag skriv Bjørn Erling Eggen, forfattar av boka “Opp og ned i vater”, godt om nettopp dette. Eg meiner det er utruleg viktig at vi tek til å sjå mentale sjukdommar som tilstandar som i mange tilfelle kan behandlast – på same måte som folk kan bli friske av mange andre sjukdommar.

Uansett om terroristen Breivik blir kjent psykisk sjuk i gjerningsaugeblinken eller ikkje, er handlingane hans grufulle. Og slike handlingar er det ytterst få som gjennomfører, takk og pris, både av friske og sjuke.

Det er synd at altfor få mentalt sjuke får hjelp. Bjørn Erling Eggen skriv at han sjølv har diagnosen bipolar lidelse, men at han ikkje lir av denne no. Han er frisk av rett behandling og oppfølging, på same vis som ein med diabetes kan vera frisk med rett behandling og oppfølging.

Når det gjeld psykiske diagnosar, har vi som samfunn vorte mykje meir tolerante dei siste åra. Likevel bør vi etter mi meining bli endå meir bevisste på korleis vi omtalar dei av oss som er psykisk sjuke.

Sjølvsagt finst det tilfelle der til dømes alvorleg psykose er delårsak til ugjerningar, men det er skilnad på dette og det å gå ut i frå at psykisk sjuke er potensielle drapsmenn.

Dersom ein person med ein bipolar lidelse gjer ei ugjerning, er det til dømes ikkje rett å forklåre handlinga med diagnosen. Utruleg mange bipolare er fredelege folk – og dei utgjer ei svært mangfaldig gruppe.

Ein psykisk frisk person kan vera farleg, og ein sjuk treng på langt nær vera farleg. Dersom Breivik blir kjent tilrekneleg, er han eit tankevekkjande døme på det første.

Du mitt lille Nordmøre

Nordmøre er der eg vaks opp, men ikkje fann rotfeste før i seine ungdomsår. Eg er av dei rotlause som har vorte rotfast, av dei rastlause som har vorte rolegare.

Dette er ei personleg forteljing, der eg tek ein liten omveg om terrorhandlingane som rysta Noreg i fjor. Kan folk frå framande land bli nærare knytt til vårt og mitt lille land som eg vart til mitt lille Nordmøre?

Frå barndommen av visste eg ikkje heilt kva eg var – som barn av to innflyttarar frå Smøla og Trondheim. I og med at mor mi tala trøndersk og eg tok etter ho, prega dialektbruken min også identiteten min. Smitta som ein gjerne blir av foreldra sine, likte eg ikkje nynorsken noko særleg sjølv om eg hadde han som hovudmål frå 1. klasse.

Det var eit gryande medvit om språk og identitet som vaks fram over fleire år som gjorde at eg landa annleis. Norsklæraren min på ungdomsskulen, målmannen Bjarne Finnanger, viste ein slik kjærleik til dette språket som gjorde meg nysgjerrig på kvifor.

Med meir kunnskap om bakgrunnen for nynorsken som motvekt mot det danske språket og embetsmannsveldet, såg eg også ein politisk dimensjon ved språkstriden. Ikkje berre historisk, men også slik nynorsken har utvikla seg fram til vår eiga tid. Makt og motmakt, identitet og folkeleg språk.

Det er ikkje veldig mange som vel nynorsken framfor bokmålet når dei startar på vidaregåande, og endå færre som legg om til breiare dialekt etter eitt år i Oslo. Men det gjorde eg. Eg lånte bøker av Hans Hyldbakk, bygdediktaren vår, tok dei med til hovudstaden og las meg opp på surnadalsdialekta. I og med at eg ikkje hadde tala dette målet, måtte eg ha slik hjelp trass i at eg hadde budd i Surnadal på heiltid frå eg var fødd til eg vart 17 år.

Redselen for at trønderdialekta mi skulle bli fintrøndersk var delvis årsaka til denne endringa. Eg håpa surnadalsdialekta var meir motstandsdyktig mot knoting. Mor mi såg forundra på meg då eg kom heim til jul og hadde kutta ut “æ” for “e” og “å snakk” for “å talla”. Det var det å gå over til å seie ”e” om meg sjølv som var det vanskelegaste, det andre kom fort då eg fekk til dette. Enno i dag, over 15 år etterpå, er eg ikkje heilt stø på dialekta, men viljen har vore og er her.

Det var ikkje berre det at eg ikkje tala surnadalsdialekta som gjorde meg rotlaus i barndommen. Ikkje hadde eg anna slekt enn nær familie i nærleiken. Alle besteforeldra mine hadde gått bort før eg vart fødd. Såleis mangla dei lange linene ein gjerne kan få kjensla av at er der om eldre generasjonar viser vegen frå før til no.

På skulen trivdest eg ikkje noko særleg. Fagleg gjekk det godt, sosialt vart eg utanfor. Slik er det dessverre med ein del ungar, dei har vonde dagar, veker og år på skulen. Når skuledagane er mange og lange blir dette ein stor del av livet, som formar ungar på godt og vondt.

Eg har tenkt mykje på om det å bli mobba og falle utanfor på skulen gjer at tilknytninga til heimkommunen blir mindre enn om ein er inkludert og trivst. Det påverka i alle fall meg slik. Var det noko eg var sikker på, var det at eg ikkje skulle bu i Surnadal når eg vart stor.

Maria Mena sin versjon av songen ”Mitt lille land”, som Ole Paus har skrive, vart songen mange trøysta seg med i tida etter terroråtaka den 22. juli. Det var mykje som rørte meg desse dagane i slutten av juli. Den massive støtten til terrorofra, varmen som folkemengdene strålte ut. Og så vart eg sterkt gripen av alle dei som kjem frå andre land og frå framande kulturar og religionar – når dei så tydeleg uttrykte at dei såg dette som eit åtak på deira land også.

Mitt lille land var deira lille land. Det skulle ikkje vera påfallande at dei tenkte slik. Likevel ga dette meg ei sterk påminning om kor viktig det er at vi inkluderer alle for å kunne ha eit stort, godt norsk fellesskap der vi kan stå saman når noko alvorleg hender.

Rotlaus og rastlaus innvandrarungdom er kanskje litt som eg i barndommen – dei har hamna på ein stad med foreldre som ikkje har vakse opp her og som ikkje talar språket. Om besteforeldra deira ikkje er døde, er dei på den andre sida av kloden. Og dei blir somtid kalt stygge ting i skulegarden og trivst ikkje på skulen. Kva slags tilknytning får desse til landet vårt?

Det er sjølvsagt stor skilnad på det å tala ei anna dialekt og det å ikkje kunne norsk. Eg vil likevel peike på kor viktig nettopp språket er som identitetsberar og identitetsskapar. At alle som kjem til landet får læra seg det norske språket (gjerne nynorsk) er naudsynt dersom identiteten som norsk skal kunne vekse fram over tid. Kjensla av å vera velkomen og inkludert er det same.

Men det blir ikkje av seg sjølv – det krev noko. Det krev noko av oss som skal ta varmt imot andre menneske. Det krev noko av dei som kjem hit frå andre land. Vilje og eigeninnsats må til for å lære seg språket og få kjennskap til kulturen. Å bli integrert er såleis ikkje ein prosess som avheng berre av korleis samfunnet legg opp til det. Det går begge vegar. Hadde ikkje eg gjort eit aktivt val om å lære meg surnadalsdialekta, ønskt å knytte meg nærare til Surnadal og Nordmøre og slå rot der, ville det ikkje vore mitt Nordmøre no.

Eg, som absolutt ikkje skulle flytte tilbake til Surnadal, kjenner no gleda over å ha vorte rotfast. Denne vakre nordmørskommunen har verkeleg vorte heimkommunen min, ein stad eg er stolt av å høyre til. Eg håpar nye landsmenn på same viset kan slå rot i landet vårt og bli glade i det, slik vi fekk sjå at mange var etter at terroren råka oss i fjor sommar. Mitt lille land er meir enn berre mitt.

(Denne teksten har tidlegare vore publisert i tidsskriftet “Du mitt Nordmøre”)

Vondskapens glatte ansikt

Eg sit og ser på direktesendinga frå rettssaka mot terroristen frå 22. juli i fjor. Eg vil eigentleg ikkje sjå og høyre, for sjølv om eg langt ifrå var råka av terroren sjølv, kjenner eg – og mange med meg – eit stort ubehag ved denne saka.

Som medlem i justiskomiteen på Stortinget tykkjer eg likevel at eg bør følgje med. Men også fordi eg som dei fleste andre norske borgarar opplevde attentatet som eit åtak både på enkeltmenneske og på samfunnsordenen vår.

Måten det norske rettsvesenet handterer denne saka på seier mykje om landet vårt. Førebels er det verdig, grundig og med stor respekt for og omsyn til ofra.

Akkurat no fortel statsadvokat Holden korleis Breivik gjekk fram før han skulle sprengje bomba i Oslo sentrum. Vi er mange som meiner at han representerer ein kald og ufatteleg vondskap. Når bilete av terroristen frå der han sit på tiltalebenken blir vist, blir eg uvel. For makan til glatt ansikt og beherska uttrykk på ein kar som høyrer om eigne ekstreme ugjerningar.

At eg blir uvel, er ingenting mot det offer og pårørande må føle denne dagen. Eg håpar dei blir godt tekne vare på. Det er heilt sikkert at dei komande veka blir ei stor belastning for mange.

Ny i drosjeverda

Eg har skrive om drosjesjåførar før. Og det skjer stadig ting som gjer at eg får lyst til å skrive om desse karane (som dei oftast er). I kveld var det ein hyggeleg “fersking” som gjorde meg litt rørt.

Sjølv tek eg til å bli dreven når det gjeld å ta drosje. Eg kakkar lett på bakglaset, svingar meg inn i bilen, lirer av meg adressa eg skal til klårt og tydeleg to gongar, og tek til å sjekke e-post eller sende sms dersom drosjesjåføren ikkje innleier ein samtale.

I kveld då eg skulle heim frå jobb, gidda eg rett og slett ikkje å gå med alt pikkpakket mitt. Eg sette meg derfor inn i ein drosje på drosjehaldeplassen bak Stortinget. Eg fekk knapt sagt adressa før mannen sa på gebrokkent norsk og med eit usikkert smil: Jeg har min første dag i drosje i dag, kan du hjelpe meg?

Å få MEG til å hjelpe seg med å finne fram i trafikken i Oslo, det er like lite lurt som å be ein kar setje på ei vaskemaskin dersom ein ikkje ønskjer at kleda skal bli misfarga. (Eg lurer på om karane vaskar raudt og kvitt saman fordi dei har ein hemmeleg draum om å bruke rosa truser, eller om det er fordi dei helst vil sleppe jobben med å vaske klede til seinare. Noko er det i alle fall, stort sett er dei jo intelligente vesen.)

Men det gjekk på eit vis. Eg sa høgre og han køyrte til venstre, og omvendt, og då vart det rett til slutt. Han fortalte at han flytta hit frå Pakistan for nokre få år sidan, og at han går på vaksenopplæring no, så vidt eg forstod med drosjejobben som ein del av opplegget.

“Jeg er veldig interessert og har lyst til å jobbe, og jeg må lære mer norsk”, sa han. Så tørka han sveitte av panna og sukka tungt, før han spurte nok ein gong kva veg han skulle køyre.

Då vi kom fram, sa eg at dette gjekk jo fint. “Tusen tusen takk, du er så snill”, sa han, og det var då eg vart rørt. Det er eit godt møte mellom menneske som kan finne stad i ein drosje somtid – menneske med ulik bakgrunn og nasjonalitet, ulike draumar og håp og ulik livssituasjon. Mannen var stressa, og det var ikkje noko rart, og det minste eg kunne gjera var å oppmuntre han litt.

Innimellom er drosjesjåførane skikkeleg sure, og innimellom er vel eg det også. Eg har likevel etterkvart fleire og fleire drosjeturar eg hugsar fordi dei skilte seg positivt ut, fordi dei lærte meg noko om menneska og samfunnet vårt eller fordi noko rørte meg ved det sjåføren gjorde eller sa. Turen med ferskingen i kveld kjem til å vera ein av dei turane eg hugsar.

Feit, mobba og fortvilt

Eg klarte ikkje å halde tårene tilbake då eg nyleg såg klippet frå konkurransen “Britain`s got talent”, der Jonathan Antoine på 17 år syng så vakkert at alle reiser seg og klappar. Rett før såg mange i salen skeptiske og hånlege ut, for guten som stod på scena og skulle syngje er sterkt overvektig.

Jonathan fortalte at sjølvtilliten hans har vore dårleg i mange år på grunn av vekta, og han var tydeleg sjenert. Guten verka varmhjarta, triveleg – og han har eit songtalent som overgår dei fleste.

Har det verkeleg vore så vanskeleg å sjå personlegheita og talentet hans – og det eigenverdet alle har attom utsjånaden, at han måtte opp på ei scene og få ståande applaus før han fekk respekt? Og kva er det som får folk til å mobbe andre for alt frå vekt og utsjånad til bustadsadresse?

Sjølv har eg opplevd seks år som mobbeoffer på barneskulen, der “feit” var eitt av fleire skjellsord som vart spytta ut då eg gjekk forbi. Sjølv om eg ønskjer å framstå som sterk, har dette gjort meg svakare enn eg hadde behøvd å vera. Til og med i dag, 25 år etter, kan eg tidvis bli kvalm av å sjå meg sjølv i speilet. Men mest kvalm blir eg av dei som mobbar andre.

Når ungar mobbar, er det ikkje alltid lett å oppdage for vaksne, det forstår eg. Men ungane rundt får med seg mykje. Desse må lære at det å fortelje vaksne om at nokon blir mobba, ikkje er å sladre, men å ta ansvar som medmenneske. Og dei vaksne må ta på alvor det dei blir fortalt.

Det var veninna til Jonathan, Charlotte, som overtalte han til å bli med og syngje duett saman med ho på “Britain`s got talent”. Ho fortalte at ho ikkje klarer å høyre nokon seie noko stygt til venen utan at ho seier frå.

Då dommar Simon Cowell sa at han trudde Charlotte kunne halde Jonathan tilbake seinare i konkurransen fordi ho ikkje syng like godt som han, responderte han med at dei kom dit som ein duo, og at dei skal vera det vidare også. Endå meir jubel i salen.

Takksemd og lojalitet gror av medmenneskelegheit og ekte venskap. Kva som gror av mobbing, veit vi mykje om. Dårleg sjølvtillit, psykiske problem og smertelidelsar, i verste fall også sjølvmord.

Vi alle bør hugse at for kvar gong vi seier godord til andre menneske, kan vi bidra til å byggje opp noko i dei som andre har prøvd å bryte ned. Etterverknadene etter mobbinga kjem alltid til å vera ei bør Jonathan må dra med seg, men den overveldande gode responsen han fekk på synginga si veg heldigvis opp for noko.

Buss kvar time - eit godt mål

Det er eit stort behov for betre busstilbod rundt om i landet. No er det på tide å leggje til rette for at fylka skal opprette nye timeekspressruter. Sett i forhold til kor mange milliardar samfunnet bruker på jarnbanen, er det rimeleg at dei mange områda som ikkje har jarnbane også får eit betre kollektivtilbod. Buss er billig i forhold, og vegane er ligg klåre til å ta i mot kollektivtrafikken.

For både unge og eldre i distrikta vil det å få tilbod om timesavgangar med buss vera eit stort framsteg. Slike bussruter vil vera ein vekstimpuls som store regionar får nytte av. Det vil bli lettare å pendle til skule og jobb, det vil bli enklare å oppsøkje ulike kulturtilbod, og reiselivsnæringa kan tilby produkt der bussturen er ein del av opplevinga. I tillegg vil helseføretaka kunne spare store utgifter, i og med at bussen kan brukast til pasienttransport.

Eg meiner at staten bør stille midlar til disposisjon for at fylka skal kunne søkje om stønad til gode bussatsingar. Pengane kan vera viktig investerings-, risiko- og driftskapital dei første åra før timesrutene er innarbeidde.

Eg vil ha sommar heile året!

Ute er det snøfokk, og i natt blir det sommar. Rettare: det blir sommartid, for klokka skal stillast ein time fram. Dette ritualet med å stille klokka to gongar årleg skapar sterke kjensler i meg. Om hausten pur glede. For då får eg ein time ekstra. Om våren blir eg fortvilt og arg. Då forsvinn ein time frå helga, fritida og livet mitt som eg må vente eit halvt år på å få att, og det er for lenge.

Greitt nok. Det er krigar og katastrofar kring om i verda som er langt, langt viktigare enn denne saka. Men lell: somt kan vi ikkje gjera noko med, medan anna kan vi faktisk gjera noko med. Reglementet for sommar- og vintertid tilhøyrer den siste kategorien.

For kva er eigentleg meininga med å framprovosere falskt jet-lag på dette viset? Dei av oss som har ein lett forstyrrbar søvnrytme blir skipla, mjølkekyrne likeså. Eg som endeleg har teke til å leggje meg tidlegare om kvelden dei siste to vekene blir frustrert fordi klokka blir 24 i morgon kveld om eg skal leggje meg til same tid som kl 23 er i kveld. Og frustrerte fruer skal ein passe seg for.

Vi kan gjera noko med dette, skreiv eg. Men så er det denne Europeiske unionen igjen. Det er sjølvsagt eitt eller anna EU-direktiv som bestemmer akkurat dette på same viset som dei tidlegare bestemte fasongen på agurkane.

Agurkane har som ved eit under vorte sleppte fri. No er det på tide å sleppe sommartida fri. Skal vi vera rampete i Noreg og ikkje gjera som EU seier, kan det svært gjerne vera i denne saka.

(Det innlegget du nettopp las, skreiv eg for eit år sidan. I dag er det ikkje snøfokk, men det regnar på 2. veka her på Nordmøre. 6. april i fjor fekk eg saka på dagsorden i Stortinget, i alle fall såpass at ansvarleg statsråd måtte svara om temaet. Her er innlegget eg skreiv om dette same dag:)

Påverk EU for sommartid heile året

I spørjetimen i dag spurte eg næringsminister Trond Giske om han vil ta initiativ til at Noreg kan innføre sommartid heile året. Eg er nøgd med at Giske er næringsminister, men eg er ikkje nøgd med svaret.

Forskarar slår fast at det å stille klokka to gongar årleg har negative følgjer for søvnrytmen og helsa til mange. Somme er avhengige av viktig medisin til faste tider, og dei får problem. Og det er utvilsamt eit stress- og irritasjonsmoment for dei aller fleste av oss når vi mistar ein time kvar vår som vi må vente eit halvt år for å få att…

Noreg er EØS-medlem, og Giske viste til at alle vi bør justere klokka på same viset som EU-landa gjer. Han meiner at eit EU-direktiv også hindrar at vi her til lands innfører same tid heile året. Men Island har innført sommartid heile året, og har ikkje møtt sanksjonar frå EU.

Eg set pris på at statsråden i dag sa at han vil sjekke kvifor Island har kunna gjera dette. Russland innfører for øvrig også sommartid heile året frå og med i år, og meiner dette vil ha positive økonomiske og helsemessige effektar.

Trond Giske er ein utmerka representant for EU-motstandarane i Noreg. Han har ofte påpeikt at det er fullt mogleg for oss å påverke EU sjølv om vi berre er EØS-medlemmar. I dag oppfatta eg han imidlertid slik at han meiner det ikkje er aktuelt å ta opp dette med sommartid med EU. Eg meiner likevel ikkje slaget er tapt. Eg vil arbeide vidare for at Noreg kan ta opp spørsmålet med EU for nettopp å påverke i denne saka.

Dersom heile EU gjer eit slikt fornuftig grep, vil det sjølvsagt vera det beste. Men uavhengig av kva EU vel å gjera, meiner eg at Noreg burde vise veg ved å endre til sommartid heile året snarast råd.

Farleg farleg, men herleg herleg

Vi menneske er syndige sjeler. I alle fall mange av oss, trur eg. Vi kosar oss ekstra når vi veit vi ikkje burde eta, drikke eller gjera det vi gjer. Sonen min sa det så godt i dag: “Mamma, veit du kva? Den einaste gongen det er artig å spela data, er når eg eigentleg ikkje får lov.”

I den evinnelege fedme-diskusjonen, lurer eg på om ikkje alle krigsoverskriftene i media mot eit usunt kosthald verkar mot si hensikt. Ei stakkars svak sjel blir støtt og stadig påmint om at det er fy-fy å kose seg med kaloribomber. Og kva skjer då? Jo, trongen til å eta sukkerhaldig og feit mat blir endå vanskelegare å undertrykkje.

Og alle peikefingrane om at ein må trene meir og at det ikkje er bra nok om du ikkje sveittar minst ein time dagleg, gjer at mange mistar lysta til å drive fysisk aktivitet.

Ikkje for det – eg meiner ikkje løysinga er å laga krigsoverskrifter om at trening er fy-fy for at folk skal tru dei eigentleg ikkje bør gjera det, og at dei dermed får lyst til å trene. Det er bra med folkeopplysning. Folk treng likevel meir inspirasjon og færre åtvaringar.

At ein kan få hjarteproblem av å lime rumpa fast i sofaen og eta potetgull, trur eg dei fleste forstår. Det er ikkje sikkert alle hugsar kor fin ei oppleving det er å rusle ein tur ut i skogen i vårsola og høyre fuglekvitteret.

Stadige råd om det eine og det andre, om korleis ein skal bekjempe overflødige kilo, cellulittar, grevinneheng og bollekinn gjer oss menneske meir bekymra og mindre glade. Og er vi ikkje glade, er det somme av oss som trøystespiser også…