Sats på fiskeri- og havbruksnæringa

Verdien av fiskeria er enorm. Fisk og anna sjømat frå landet vårt forsyner veldig mange menneske kring om i verda med mat med høg næringsverdi. Fiskerinæringa er ei viktig distriktsnæring som skapar mange arbeidsplassar og er med og legg grunnlag for busetnad langs kysten. Aktiviteten gir store ringverknader også for andre næringar, som skipsbyggjarar, utstyrsleverandørar osb.

Det går mot Senterparti-landsmøte, og programkomiteen har lagt fram framlegg til kva fiskeripolitikk Senterpartiet skal føre. Diskusjonane skal gå fram til april. Eg er oppteken av at vi må styrke fiskerinæringa ved å sikre ei variert, lønsam og framtidsretta fiskeflåte.

Vi må leggje grunnlaget for at ungdom vil søkje seg til næringa, og at kystflåten blir fornya. For å styrke rekrutteringa til næringa, vil eit tiltak kunne vera å redusere kvotane til forskingsfangst, og setje av det kvantumet som slik blir frigjort til rekrutteringsordningar for dei minste flåtegruppene.

Det er viktige debattar som går om framtida til næringa, og korleis ein skal sikre mangfaldet samstundes som ein styrkar lønsemda. Kvotegrunnlaget er såleis viktig å vurdere. Vi har allereie auka kvotegrunnlaget for autolineflåten.

Vi vil vidare vurdere å justere kvotegrunnlaget innanfor dei enkelte flåtegruppene, med mål om å styrke lønsemda i kystflåten. Dagens situasjon med ulike ordningar i næringa for fartøygruppene over 11 meter, er ikkje haldbar. Vi må sikre mest mogleg like forhold innan desse flåtegruppene. Senterpartiet er skeptisk til strukturering av dei minste fartøya, derfor går vi ikkje inn for dette for fartøy under 11 meter.

Det er i tillegg viktig å:
- oppretthalde ei differensiert og fiskareigd flåte med spreidd eigarskap
- la kriteria for å fordele kvoter mellom dei enkelte fartøygruppene liggje fast
- oppretthalde prinsippa i råfisklova og deltakarlova
- auke fiskarfrådraget for å kompensere for auka nettolønsordning for andre sjøfolk
- vidareføre sikkerheitsopplæringa for fiskarar, og utbetre fiskerihamnner langs kysten
- samarbeide med fiskarane sine organisasjonar om når, kor og korleis seismisk
aktivitet skal gå føre seg
- styrke Kystvakta og kystberedskapen og bidra til at ansvaret for sjøsikkerheit blir betre samordna.

Sex som sel og som ergrar

Eg let meg lett provosere over folk som raskt fordømmer andres seksuelle forhold, så lenge det ikkje er tvang og vald inne i biletet. Derfor skreiv eg for eit par dagar sidan eit blogginnlegg om dette. Eg tykkjer det seier seg sjølv at vi må bli mindre moralistiske. Trass i at noko seier seg sjølv, må det somme gongar seiast likevel.

Utgangspunktet for den store debatten som har rast dei siste dagane om seksuelle forhold i politikken, er avsløringa av at Aps Roger Ingebrigtsen for nokre år sidan hadde eit forhold til ei 20 år yngre kvinne.

Eg tok i blogginnlegget mitt atterhald om at det er ting ved denne saka eg ikkje kjenner til. Det atterhaldet tok ikkje media før dei blas saka opp på førstesidene. Eg uttrykte, og eg står framleis grunnstøtt på dette, at på generelt grunnlag er aldersforskjell ikkje i seg sjølv kritikkverdig. Og at formell maktubalanse ikkje nødvendigvis er eit problem.

Personlegheita til partane, modenheitsnivået, situasjonen rundt og måten ting skjer på kan vera langt viktigare. Og ikkje minst om det er frivillig eller ikkje. Det er ikkje bra å umyndiggjera unge kvinner ved automatisk å gå ut i frå at dei ikkje kan ta ansvar for seg sjølve. Ikkje minst skal vi ikkje framstille kvinner som passive seksuelt i eigenskap av at dei er nettopp kvinner, slik det historisk har vorte framstilt og som norma har vore.

Eg har hatt denne bloggen lenge, og lesartalet per innlegg har variert mykje alt etter kva slags tema eg har skrive om. Aldri har lesartalet vore større på eit innlegg enn på «Seksuell moral og umoral i politikken» som eg skreiv i helga. Eg har skrive om valdtektsbølger og kampen mot seksuelle overgrep. Om at eg er mot at det overgrepet omskjering av smågutar er, skal vera lovleg i vårt siviliserte samfunn. Og eg har påpeikt behovet for strengare grensekontroll for å få bukt med organisert og mobil kriminalitet.

Men temaet sex er det som sel best. Eg tener ingenting på mine ord om dette, men det gjer i høgste grad media. Pengane renn inn medan peikefingeren vekslar mellom å vera oppe og å skrive fleire fordømmelsar på tastaturet.

Eg meiner langt ifrå at alle saker som omhandlar seksuelle forhold blant politikar og andre meir eller mindre kjente personar skal haldast unna media. Men eg tykkjer det får vera grenser for alt.

Den nemnte Ingebrigtsen-saka tek stadig nye vendingar, med alt frå skuldingar om at det var utilbørleg press inne i biletet frå den eine sida, til at det er eit politisk spel og ein drittpakke på den andre sida.

Eg vel derfor å ikkje kommentere denne konkrete saka vidare før alle opplysningar er komne fram og verifiserte. Dette rett og slett fordi eg ikkje vil bli teken til inntekt for den eine eller andre sida no som det har kome fram påstandar som ikkje var kjente på laurdag. Alt eg har sagt i generelle vendingar både i det forrige og i dette blogginnlegget, står eg for.

Dersom jenta var utsett for eit overgrep, er det sjølvsagt ei alvorleg sak, og bør politianmeldast. Dersom ikkje kan ein verkeleg spørje seg om denne saka har noko på alle landets framsider å gjera, og det var nettopp DET spørsmålet eg stilte.

Seksuell moral og umoral i politikken

Nok ein såkalla sexskandale “rystar” det norske folk. Eller snarare: rystar dei moralsk høgverdige blant journalistar og redaktørar. Det er Roger Ingebrigtsen frå Ap som denne gongen har vorte synleg som eit døme på umoralske politikarar med uforsvarlege seksuelle drifter.

I saker der det ikkje er gjort noko straffbart, tykkjer eg dei i utgangspunktet har lite eller ingenting i media å gjera. Førebels er det ikkje kome fram påstandar om straffbare forhold i Ingebrigtsen-saka, men aldersforskjell og maktubalanse blir kritisert.

Ein skal vera forsiktig med å meine noko om konkrete saker. Eg ønskjer ikkje å koma i skade for å skrive noko som ikkje er relevant for det forholdet Ingebrigtsen innleidde til den tjue år yngre jenta i 2006. Det kan koma fram nye opplysningar.

Så eg vil gjera klårt at det eg skriv er ein reaksjon på summen av saker som har vore oppe dei siste åra. Eg vil uttrykkje kva eg meiner generelt om slike offentlege skandalar. Det er jo ein del av dei, og fleire vil det bli.

Aldersforskjell er ikkje i seg sjølv kritikkverdig. Om maktubalanse som element i eit seksuelt forhold er eit problem? Jau, jo, tja og kanskje nei. Det er strengt tatt ikkje mange “likeverdige” partar i politiske parti og i næringslivet, menn har stort sett meir makt enn kvinner.

Som mektig kvinne må ein omtrent vera statsminister eller sjef for Telenor for å kunne bli skulda for å ha utnytta makta si overfor yngre menn. Til og med då trur eg det ville passert stille forbi medias søkeljos.

Eg frikjenner ikkje alle menn for å ha opptrådt uklokt dersom dei har hatt forhold til langt yngre kvinner, men det må skiljast mellom tvang og frivilligheit. Dersom vi meiner 16-18 år er for ungt, bør vi heller heve den seksuelle lågalderen enn å rope opp i moralsk indignasjon. Eller vi kan gjera det straffbart med eit visst antal år i aldersforskjell. Eg vil ikkje gå inn for nokon av delane.

Om eit seksuelt forhold til ein eldre mann skal vera verre å handtere psykisk for ei ung kvinne enn eit forhold til ein jamnaldring, vil truleg avhengig av personlegheita og framferda til desse mennene, og vera meir situasjonsbetinga enn aldersbetinga. Det kan koma noko godt ut av erfaring og eventuelt større modenheit hos menn også.

Eg har i utgangspunktet eit svært avslappa forhold til kva andre folk bedriv i senga, og med kven, så lenge som det ikkje er tvang med i biletet. Og eg er like avslappa til kva politikarar bedriv i senga som kva “vanlege” folk gjer.

Skal vi ha avhaldande eller konsekvent trufaste politikarar, må vi rekruttere munkar, katolske prestar og andre sjølverklærte moralsk høgverdige personar til politikken. Men vent, er desse gruppene gode døme på moral? Neppe, om vi ser på dei mange overgrepsskandalane som med rette har rysta media og folket elles.

Er seksuelle forhold med alt frå stor aldersforskjell, utruskap og sexavhengigheit ei klår årsak til at nokon ikkje er eigna til å vera politikar lenger, og til at vi ikkje bør ha tillit til dei?

Vi får gjera ei ganske grundig utreinsking av menn frå politikken i så fall. Og for ikkje å diskriminere må vi fjerne ein god del kvinner også. Ikkje overveldande mange andre er gode nok til å erstatte dei.

Møte mellom menneske

Ein gong eg sat på Gardermoen og åt, kom plutseleg Thorvald Stoltenberg og spurte om det var ledig ved bordet mitt. Eg sit og ser på Skavlan no, og kom til å tenkje på kor godt inntrykk han gjorde på meg.

Eg drista meg til å helse på han, og han var “der” med ein gong – interessert, open, blid, humoristisk og seriøs på same tid. Eg har alltid hatt respekt for han, men etter dette tilfeldige møtet er han eit av dei menneska eg har aller mest respekt for.

Han er jo dyktig, arbeider enno i ein alder av 81 og er engasjert i viktige saker. I tillegg – og kanskje først og fremst – er han er eit varmt menneske. Han sit på ei fjernsynssending og feller tårar over kona si, som nyleg døydde. Dette er fint. Eg set pris på det. Det kjennest verdifullt at vi har ein slik kar blant oss i vesle Noreg.

Eg er mykje på møte i Oslo. Altfor mange gongar tenkjer eg at dei beste møta – det er dei som blir avlyste. Når eg reiser rundt i fylket mitt eller i resten av landet på ulike typar oppdrag, oppstår det somtid heilt andre type møte. Fine stunder som eg etterpå hugsar som meningsfulle.

Eg sit og skriv dette aleine på eit hotellrom. Den siste veka har eg reist rundt. Rauma, Ålesund, Midsund, Molde og i morgon Vestnes. Sjølv om eg saknar å vera heime akkurat no, er eg varm om hjartet av alle dei positive, nærverande menneska eg har møtt desse dagane.

Og når eg ser Stoltenberg på skjermen, hugsar eg fleire minneverdige møte med menneske som motiverer meg til å halde fram med eit slikt sært liv som dette stortingslivet trass alt er. Eg håpar at mange andre møte blir avlyste i åra som kjem, men ikkje desse fine møta mellom menneske.

Få bukt med mobil kriminalitet: Exit Schengen

Talet på kriminelle utlendingar aukar stadig her til lands. I norske fengsel er over 30 prosent av dei innsette frå andre land.

Dette kjem ikkje av at utlendingar i seg sjølv er meir kriminelle, men fordi vi med manglande personkontroll ved grensa tiltrekkjer oss uforhaldsmessig mange kriminelle utlendingar. Mobil, organisert kriminalitet breier om seg i rekordfart når grensene er opne på det viset dei har vore etter at Noreg var medlem av passunionen Schengen i 2001, og særleg etter at 8 nye land vart medlemmar i 2007.

Passfriheit og fri flyt av personar er kjernen i Schengen-samarbeidet. Yttergrensene til Schengen-området skal i utgangspunktet voktast godt, men dette fungerer ikkje i praksis. Hellas og Italia har store problem med å hindre tilstrøyming av folk frå non-Schengen-land.

Når Romania og Bulgaria truleg blir medlemmer snart, vil dette problemet bli endå verre. Ergo er det ikkje berre kriminelle frå andre Schengen-land som har fri tilgang til den norske «marknaden», det er også kriminelle frå andre delar av verda.

Fri flyt av kriminelle, med andre ord. Meir narkotikakriminalitet, fleire ran og tjuveri, vald og valdtekter er resultatet. Vi har nok kriminelle i Noreg frå før om vi ikkje skal importere store mengder kriminelle frå utlandet…

Debatten om Schengen går i fleire land, også nordiske land. Eit samla nordisk politikorps ønskjer at avtalen blir revurdert på grunn av dei negative konsekvensane.

Norden ville vera eit praktisk og fornuftig område for intern fri flyt av personar og passfridom. Det var et slikt samarbeid vi hadde i fleire ti-år før Schengen-avtalen trådde i kraft, og samarbeidet fungerte bra.

Eg forstår at det ikkje er gjort over natta å endre på eller gå ut av det eksisterande Schengen-samarbeidet. Men dersom dei nordiske myndigheitene vel å sjå problemet i kvitauget, og ønskjer å gjera noko effektivt for å hindre stadig fleire utanlandske kriminelle i å operere i Norden, bør dei revurdere avtalen.

Makteslaus i ei brutal verd

Vi politikarar har ansvaret. Det gjer seg ikkje å innrømme at ansvaret vi har ikkje nødvendigvis inneber at vi maktar å gjera viktige endringar i samfunnet. Det skal eg likevel innrømme no.

Kritiser gjerne at eg, dei andre på stortinget og i regjering ikkje har fått slutt på mobbinga i skulen. At dei fleste valdtektsmenn framleis ikkje blir dømte. At rasistar brukar ukvemsord mot menneske frå framande land. At vi ikkje får slutt på at folk døyr i trafikken.

Men ikkje tru at eg ikkje bryr meg, og at eg ikkje gjer så godt eg kan. Det er berre det at eg kan ikkje sørgje for at politiet får ut fingeren når konkrete, alvorlege saker dukkar opp, og få dei til å etterforske grove valdtekter raskare og betre. Eg kan ikkje fortelje dommarar, når dei sit og skal avgjera skuldspørsmålet, at dei skal tru på valdtektsofferet med sønderrive underliv og store skadar sjølv om gjerningsmannen fortel at det var frivillig.

Eg kan ikkje fotfølgje folk på gata for å passe på at dei oppfører seg godt mot andre menneske. Eg kan heller ikkje hindre at bilførarar trakkar ned gasspedalen og gir blaffen i om små ungar leiker bak neste sving.

Når det gjeld mobbinga: eg har vorte mobba i fleire år sjølv på barneskulen. Eg veit kva det gjer med eit menneske. Eg har argumentert politisk i mange samanhengar for at vi må arbeide betre mot problemet. Men – unnskuld uttrykket – desse smådjevlane som nokre av mobbarane framstår som, kan ikkje eg oppdra. Lærarar som vel å ikkje tru på dei som blir plaga, kan eg heller ikkje overbevise.

Kvifor skriv eg dette akkurat i dag? Det kjem nok av at eg kjenner meg makteslaus, og det kan kanskje vera greitt at også politikarar kan innrømme dette. Forteljingar frå Libya og Syria om ungar som blir torturerte får meg til å grine. Eg blir forbanna og fortvilt av historiar om valdtektsoffer og mobbeoffer som ikkje blir trudde eller som ikkje får hjelp. Det går rett og slett skikkeleg innpå meg.

Eg har behov for å seie det høgt: Det er for jævleg å sitje med dette politiske ansvaret og samstundes vera så makteslaus.

Det vi politikarar kan gjera, og som vi gjer, er å arbeide for stadig betre rammevilkår for dei viktige etatane. Men kva i all verda hjelper det dersom pengane ikkje blir brukt der det trengst mest? Det er snakk om prioriteringar. Eit kjedeleg, men viktig ord.

Folk som arbeider med sårbare menneske må ta sitt ansvar, og hjelpe i staden for å oversjå. Og det handlar ikkje minst om det ansvaret kvar og ein av oss har som enkeltmenneske. Bilførarar må køyre rolegare. Rasistar burde helst gå inn i seg sjølv og endre menneskesyn. Valdelege menn må be om sinnemeistringskurs og prøve å endre seg.

Eg for min del må prøve å overbevise meg sjølv om at innsatsen min som stortingsrepresentant utgjer ein forskjell. Det veit eg jo at han gjer i enkelte saker. Eg skal sjølvsagt halde fram med å seie tydeleg kva eg meiner. Eg får håpe at det bidreg til at vi får gjort gode vedtak, og at debattane kan påverke korleis folk tenkjer og handlar.

Somtid kan eg like gjerne krype inn under dyna og gråte av den brutale verda vi lever i. Det blir verken betre eller verre av det.

Tilrekneleg vondskap

Skal litt tvil om nokon var tilrekneleg vera nok til å frikjenne vedkomande for skrekkelege handlingar? Kanskje, kanskje ikkje.

Eg sit og høyrer på opplesinga av dommen mot Breivik, terroristen som har rysta oss med tilsynelatande kald og likegyldig vondskap. Orda forvaring og strafferettsleg tilrekneleg førte til at det gjekk eit lettelsens sukk rundt om i rettssalen, i stover og møterom i det ganske land. For mange sit og følgjer med no.

Dommen er ikkje rettskraftig før vi veit om han blir vedteken. Det kan koma ei anke. Såleis skal eg vera forsiktig med å kommentere saka. Men eit spørsmål som har trengt seg fram det siste året, er kva kriteria skal vera for å bli kjent strafferettsleg utilrekneleg.

For Breivik har det i følgje advokatane hans vore viktig å bli kjent tilrekneleg. For andre tiltalte kan det vera eit mål å bli overført til tvunge psykisk helsevern i staden for å måtte sone i fengsel.

I Noreg ligg det medisinske prinsipp til grunn for vurderinga om nokon er strafferettsleg tilrekneleg eller ikkje. Det er nok at vedkomande var (relevant og tilstrekkeleg) psykisk sjuk på gjerningstidspunktet, uavhengig av om han/ho var klår over følgjene av handlingane og ville utføre dei likevel.

Det psykologiske prinsipp blir praktisert i mellom anna Danmark og Sverige. Der må ein vurdere om den straffbare handlinga var eit resultat av psykotisk sjukdom. Berre då kan nokon sleppe fengselsstraff for handlingane.

I Tidsskrift for Den norske legeforening nr 1 2002 blir det vist til ei utgreiing om dette temaet. Ei vurdering der er at “Det er verre å dømme en som skyldig som egentlig ikke hadde skyldevne pga. en psykose, men hvor rettspsykiaterne ikke klarte å bevise en sammenheng mellom sinnstilstanden og lovbruddet, enn å frifinne en person som riktignok var psykotisk, men som utførte lovbruddet uavhengig av psykosen.”

Dette er det vanskeleg å vera ueinig i når ein les det som eit avgrensa sitat. Likevel tør eg påstå at det er rett å revurdere dei rettslege kriteria for utilreknelegheit. Dessutan: korleis er det for ein person som er frisk å bli tvinga til år med psykiatrisk oppfølging i ein lukka institusjon dersom han feilaktig blir vurdert som psykisk sjuk? Det er ikkje sikkert dette blir opplevd som betre enn fengselsstraff.

Eg tykkjer det er nyttig å få innspel på sosiale media til saker vi jobbar med på tinget. I dag fekk eg denne Facebook-kommentaren til det aktuelle emnet: "Psykiatri er en sosialvitenskap, og ikke en eksakt naturvitenskap. Dermed blir det alltid tvil, og det er håpløst dersom litt tvil (som det alltid er) skal bety automatisk utilregnelighet. Så groteske handlinger er jo i seg selv “syke”, men vi kan ikke komme dit at du automatisk unngår straff bare handlingen din er tilstrekkelig grotesk."

Eg vil understreke at eg ikkje er nokon ekspert på dette temaet, og at noko av det eg skriv er ukvalifisert synsing. Likevel er det rett å meine noko. Dette handlar ikkje berre om medisinske vurderingar, det handlar også om prinsipp og politikk.

Det er ikkje enkelt å skilje mellom kva som er galskap og kva som er vondskap, og når det er ein kombinasjon av desse. Planlagt og overlagt vondskap bør kunne føre til straff, sjølv om vondskapen framstår som ein gal manns verk. Dersom det ikkje er galskapen, men vondskapen som forårsaker ugjerningane, er det ikkje urimeleg om ein ugjerningsmann må i fengsel.

Kunst, kattjammer og kjempeopplevingar

Eg hadde den store ære å opne årets Stangvikfestival i kveld. Her er utdrag frå samlinga med bevinga ord eg tappert prøvde å få til å flyge ut i konsertlokalet på prestegarden:

Kjære Stangvikfestival-entusiastar

Her har vi ein festival som starta for 13 år sidan, men som feirar 10-årsjubileum i år. Det går ikkje heilt opp. Pausane Stangvikfestivalen har teke annankvar sommar sidan 2004, har bidrege til at vi etter kvar festival har venta med lengsel og smerte på neste gong. Og den som ventar på noko godt, ventar som kjent ikkje forgjeves.

No er det enkelte frustrerte og småleie ektepar som etter 10 års ekteskap skal dra til med ei feiring, men som i sitt stille sinn føler at ekteskapet har vart i 13 langdryge år i staden for i 10. Dei har ikkje hatt sjansen til å ta ein pause annakvart år. Eg håpar slike ektepar tek seg ein tur hit til festivalen, så får dei kanskje sprita opp forholdet litt.

Else Bø skriv om nokre festivalminne i programmet, og eit av desse minna kunne gje småleie ektepar ein ide.

Else trekkjer nemleg fram noko som skjedde i åkeren: Då var det ein mannleg festivalartist som i rein begeistring og iver tok et skikkelig Mullah-løft på ei av dei kvinnelege festivalartistane og bar ho – langt! Frå storsalen og langt opp i åkeren. Og ho skriv vidare: “Og det største av dem alle: Da to lykkelige festivalartister fant hverandre i måneskinnet i åkeren en torsdag natt.” Dei to siste er visst saman den dag i dag.

Stangvikfestivalen ber høg kvalitet, med dyktige, muntre og “farsjkåte” deltakarar (korleis ein no skal kunne skrive dette ordet). Og så er jo denne festivalen litt spesiell også då. Det kan bli litt kattjammer, og innvevd i musikken har vi høyrt rop og lydar som ein ellers oftast høyrer på lukka institusjonar. Kva er det då som gjer at folk gler seg og kjem att år etter år?

Eg tykkjer det som står i programmet med få ord seier det meste: “Her på Stangvikfestivalen finst berre to typar musikk: Fin musikk og støgg musikk – og vi likar begge!”

På tidlegare festivalarrangement her i Stangvika har eg teke meg i å like tonar og utonar som eg elles ville grine stort på nasen av. Slik er det nok med fleire også, og såleis utvidar vi horisonten vår for kva som er god musikk og god kunst – og blir nokre interessante opplevingar rikare. For om vi tykkjer det er aldri så støgt noko av det som kjem, er interessant uansett eit høveleg ord.

Og så er det då utruleg mykje vakkert vi får høyre og oppleva også. Suksessfaktoren ligg kanskje nettopp i denne salige blandinga av det som venleg, vart og vakkert rører ved oss og det som utfordrar oss. Alvoret i det og humoren i det.

Vi likar dessutan det at Trygve Brøske og co viser så tydeleg at dei er knytt til Stangvika og Nordmøre, og at dei andre artistane synest å vera påverka av dette. I programmet las eg at oppdikta Johan Tarmvik i Tøytabladet har sagt om “Spelet om Ainslestarmvika”: “Dette var totalt ubegripelig. All dialog foregikk på et nesten uforståelig trøndsk språk og det eneste vi skjønte var at det handlet om drap, landbruksredskaper og en merkelig musikkfestival!”

Eg har eit ønske om å tala surnadalsk så konsekvet som mogleg sjølv, nettopp fordi dette for meg handlar om identitet. det å høyre til og om det å ikkje gjera seg til. Det er det stort sett godord å få om. Men somtid absolutt det motsette.

Eg fekk ein e-post frå ei Ragne frå den penere delen av Østlandet for eit par veker sidan, etter at eg hadde delteke i ein radiodebatt. Der stod det: “Du har sikkert fornuftige meninger, men hvem kan vel egentlig vite det. Jeg må bare få si at du snakker altfor mumlende og uforståelig, noe som vestlendinger har en stygg tendens til. Jeg vil sterkt anbefale deg å søke hjelp.”

Vi veit jo alle at han Trygve og også Henning Sommerro som skal opptre seinare i festivalen talar brei dialekt. Anbefalinga mi til dei er: For all del ikkje søk hjelp!"

Det er alle dei gode hjelparane som gjer det mogleg for oss å få ta del i denne musikalske og kunstneriske storhendinga annakvart år her i ei av dei aller finaste bygdene på indre Nordmøre.

Rundt velvillige og ivrige kunstnarar arbeider eit stort kobbel av velvillige og ivrige dugnadsfolk. Desse består av lokalpatriotar og av andre surnadalingar, og ikkje minst også av hyttefolket. Det ser ut for at mange av hyttefolket også har vore lokalpatriotar her i Stangvika. Saman med lokale frivillige gjer dei ein stor innsats, står i baren, lagar lunsj og middag til festivaldeltakarane og mykje meir. Dei blir inkluderte og inkluderer seg sjølv, og er ein stor ressurs for oss, som Lars Inge Kvande så fint sa det til meg tidlegare.

Eg vil lesa eit dikt av Jan Magnus Bruheim:

Den annsame

Han har ikkje tid til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneske som han møter
dei ansar han aldri på.

Mangt har han å rekkje over.
Det gjeld um å fara fort.
Mykje det var å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes med dagen.
Han står der, studd over stav
og spør: Kva har livet gjeve
og kvar har det vorte av?

Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på vegen
men nådde han aldri att.

Alle som i fellesskap løfter fram denne festivalen til glede for oss andre er annsame på eit heilt anna vis enn han karen Bruheim skriv om her. Sjølvsagt er det travelt å stå på før, under og etter eit slikt arrangement, men det er snakk om fine møte mellom menneske, gleder som finst her og no og mykje meining i det som blir skapt. Eg vil takke desse på vegne av oss alle som skal få store opplevingar denne helga, og ønskjer både aktørane og publikum ei riktig fin kulturhelg i Stangvika.

Og så til alle som har lese dette: Dra på eit eller fleire av arrangementa på festivalen i helga. Og kan de ikkje i år, har de eit nytt høve om to år. Sjekk www.stangvikfestivalen.no

Ferten av blod

I og med at eg ikkje kjenner meg sjølv som ein reaksjonær, rasande, kaldhjarta, høgreradikal rasist, har eg vore ein smule fortvilt over VG og andre avisers karakteristikkar den siste tida.

Bakgrunnen for ulveflokkmentaliteten er at eg i eit intervju svarte ærleg på eit direkte spørsmål frå Klassekampen om grensekontroll.

Eg ønskjer at Noreg skal ut av Schengen-samarbeidet for at vi betre skal kunne førebyggje mobil, organisert kriminalitet. Når grensekontrollspørsmålet kom opp på slutten av eit intervju med Klassekampen som først handla om romfolket sin situasjon, fann eg det sjølvsagt nødvendig å presisere at Schengen-debatten må takast uavhengig av debatten om romfolket.

Det er bra at vi ser nærare på situasjonen til dette folket, og vi må tilnærme oss temaet med hjartevarme og respekt for andre menneske. Samstundes må vi kunne sjå fleire sider ved alle saker.

Politisk redaktør Hanne Skartveit sin kommentar til TV2.no om meg, med tittelen ”Ubehagelig av Senterpartiet”, synest å vera det som fekk ballen til å rulle. Eller snarare: blodet til å flyte.

Som i dei andre avisene, tok VG heilt av med moralsk indignasjon og nedlatande ordbruk i leiarartikkelen 19. juli. Ein kunne med fordel ha sett seg betre inn i kva eg faktisk sa og meiner. VG kunne lett ha funne ut at eg har uttalt det same om Schengen før.

Eg har ingen intensjon om å stengje ute enkelte folkegrupper frå Noreg. Eg vil ikkje ramme verken arbeidsinnvandringa eller romfolket. Det handlar om å førebyggje kriminalitet.

Schengen-avtalen hindrar oss i dette, noko eit samla nordisk politikorps har påpeikt. Dei ønskjer at avtalen blir revurdert på grunn av dei negative konsekvensane, fordi han tek frå oss viktige verktøy for å kunne stoppe kriminelle miljø. Dersom nokon først slepp inn i Schengen, er det fritt leide.

Fleire land slit med å beskytta yttergrensene, og fleire land har kutta i midlane til kontroll. Velorganiserte lovbrytarar frå narkotikaproduserande land rundt om i verda let ikkje denne moglegheita gå frå seg.

Senterpartiet stemte mot Schengen-avtalen då han vart innført og har tatt til orde for å avvikle avtalen tidlegare, lenge før det vart ein diskusjon om romfolket. Det må vera mogleg å drøfte om det er rett at det ikkje skal vera passkontroll i et så stort område som Schengen omfattar. Og vi må kunne spørje oss sjølv kva manglande personkontroll ved grensa betyr for høvet til å førebyggje mobil, organisert og alvorleg kriminalitet.

Eg meiner Norden ville vera eit praktisk og fornuftig område for intern fri flyt av personar og passfridom. Det var et slikt samarbeid vi hadde før Schengen-avtalen trådde i kraft, og samarbeidet fungerte bra. Med dagens Schengen-avtale har vi opplevd aukande problem, og då bør ein gjera noko.

Eg vil også understreke at andre land helst burde sleppe å bli belemra med norske kriminelle. Det gir desse landa større problem. I tillegg gir det nordmenn eit dårleg rykte – på same vis som kriminelle litauarar eller romfolk gir dei andre frå same folkegruppe eit ufortent dårleg rykte. For dessverre har mange ein tendens til å skjera alle over ein kam. På same vis som media tydelegvis hadde berre ein kam på deling då dei skulle kommentere det eg sa om Schengen.

Rettsvern og omskjering av gutar

Senterpartiets stortingsgruppe vedtok nyleg at omskjering av gutar må forbys på lik line med omskjering av jenter. Dette er eit viktig signal om at vi tek rettsvernet til små ungar på alvor, og at vi likestiller gutar og jenter.

Kjell Ingolf Ropstad, KrF, er ein av mange har sterke meiningar om temaet omskjering. I innlegget “Jødeforbud” påstår han at å innføre eit forbod mot å forby rituell omskjering av gutar er det same som å innføre ein ny jødeparagraf.

Dette reagerer eg sterkt på, men eg er ikkje overraska. Kvar gong eg har diskutert dette temaet i media, kjem slike skuldingar opp. Som politikar ser eg det som viktig å tore å ta opp til diskusjon også kontroversielle og vanskelege tema. Dette er eitt av dei.

Barns rettsvern, religionsfridom og respekt for enkeltmennesket er nokre av dei vesentlege momenta for at eg er mot religiøst og kulturelt begrunna omskjering av mindreårige gutar. Ungar blir utsette for ulike typar overgrep, deriblant omskjæring, og vi må styrke rettsvernet deira. (Medisinsk begrunna omskjering er sjølvsagt noko anna, då er det av omtanke for ungen at ein gjer det.)

At nokon kan utføre eit irreversibelt inngrep på friske kjønnsorgan til ungar som ikkje kan nekte, er ikkje greitt. Dette er heller ikkje greitt: 1) Dei blir utsette for risikoen for komplikasjonar. Somme blir skadde for livet. 2) Seksuallivet til dei som er heldige og ikkje blir skadde av inngrepet, blir også påverka i større eller mindre grad. 3) Dei kan aldri fjerne den religiøse markøren omskjeringa inneber dersom dei skulle velje å konvertere til ein annan religion eller få eit ikkje-religiøst livssyn.

Dette siste er årsaka til at eg ikkje kjøper argumentet om at det å forby omskjering er eit brot på religionsfridomen, slik mellom anna ein del jødar og muslimar hevdar. Slik friheit må innebera å kunne velje sjølv.

Eg har tala med menn som er sterkt prega av at dei har vorte omskorne i barndommen. Dei takkar for at nokon tek opp temaet. Problemet er at dei færraste – om nokon – ønskjer å stå fram med historia si fordi det er så intimt og tabubelagt. Derfor kjem det einsidig informasjon frå grupper der omskjering er vanleg.

Eg reagerer som nemnt når Ropstad påstår at ein forbod mot mannleg, rituell omskjering i Noreg ville innebera eit jødeforbod. Ein norsk jøde tok kontakt med meg etter eg uttalte meg om omskjering før ein gong. Han var ein av desse som takka for engasjementet mitt. Han skreiv at han ville eg skulle vita om at det finst jødiske miljø som har gått bort frå skikken med omskjering, at dei har valt å utføre eit anna rituale i staden. Og han peikte på at ein kan vera ein god jøde om ein ikkje er omskoren.

Ropstad viser til at omskjering at det er meir hygienisk. Eg vil minne om at det finst såpe og vatn, noko dei fleste i dagens samfunn er flinke til å bruke, og at denne påstanden indirekte insinuerer at det store fleirtalet av norske menn er uhygieniske.

Eg set religionsfridomen til enkeltmennesket høgt, og ikkje minst også respekten for andre menneske sin kropp. Prinisipielt er det ikkje skilnad på omskjering av jenter og gutar. Det første er heldigvis forbode allereie. Neste steg er å forby omskjering også av gutar, og setje ei aldersgrense på 18 år for inngrepet. Då er gutane myndige og kan velje sjølv om dei vil utsetje seg for dette.