Politiet som god forsikring

(Innlegget mitt i trontaledebatten 22.10.2013, lett redigert)

Eg vil snakke om politiet her i dag. Eg har hatt gleda av å vere medlem av justiskomiteen i fire år og skal fortsetje der. Vi veit alle saman at politiet er dyrt, men det er ei veldig god forsikring og er vel verdt å bruke pengar på.

Vi har ei ny regjering no, og vi er alle saman ivrige etter å sjå kva som skjer, kva for område det blir brukt pengar på, kva det blir satsa på. Eg har håp om at politiet og justisfeltet elles skal vere eitt av dei. Men det er ikkje nok berre «å satse på» – spørsmålet er òg korleis ein gjer det, kva ein legg i det ein skal gjera.

Formuleringa i regjeringserklæringa er at «det nye nærpolitiet», som det blir kalla, skal vere «operativt, synlig og tilgjengelig». Men dessverre er det slik at det med dette blir meint vakt- og patruljeteneste som fer rundt i politibilar og er synlege på det viset. Dessverre er det ofte dette det kokar ned til når vi begynner å spørje kva det betyr at politiet skal vere synleg og tilgjengeleg framover.

Eg skulle ein gong i ein debatt på «Her og Nå», og da skulle eg ta det på telefon heimafrå. Guten min på elleve år spurde kva eg skulle snakke om, og eg fortalde at det var om nærpolitiet. Så seier han: Mamma, når eg høyrer ordet «nærpoliti», så tenkjer eg på han Per Politi.

Da var det ein politimann som bur i nabolaget han tenkte på. Han såg for seg han. Vi kallar han faktisk Per Politi. Eigentleg er det akkurat dette det dreier seg om. Det handlar om at barn og ungdom som veks opp, ser for seg nokre ansikt når dei tenkjer på politiet, og at politiet kjenner dei.

Det handlar om at politiet må vere spreidd ut over heile landet. Det eg er redd for no, er at det skal bli ei massiv samanslåing av politidistrikt og lensmannskontor, som gjer at politiet ikkje blir spreidd ut over heile landet.

Eg nemnde at det er dyrt, men det er ei god forsikring, og den skal vi ta oss råd til. Alle skal kunne vere trygge.

Albert Einstein sa at det ikkje er alt som tel som kan teljast, og det er heller ikkje alt som kan teljast som tel. Når det gjeld den førebyggande delen og det som politiet driv med, er akkurat dette eit godt sitat å ta med seg.

Førebygging er det lett ikkje å sjå verdien av, viss ein skal begynne å sjå på rubrikkar og tal, men det handlar i høgste grad om at politiet skal vere nær andre aktørar som arbeider med barn; barnevernet, skulen, helsevesenet osb., for nettopp å kunne førebyggje. Det krev eit lokalt politi, og det krev politi i heile landet.

Det eg håpar at den nye regjeringa skal gjere, er kanskje allereie no å endre meining om kva dei vil med politiet framover og ikkje gå inn for massive samanslåingar, fordi dette dessverre fører til at desse “Per Politi-folka” ikkje kjem til å finnest i mange lokalsamfunn framover.

Godt for noko

Eg har eit år bak meg med telefonintervju på toalettet, og golv som har vorte skøytebane ved golvvask. Valår, provisorisk bustad og stadig forseinka husbygging er ein dårleg kombinasjon. Men regjeringsskiftet viser seg å ha gjort meg godt. Ingenting så gale at det ikkje er godt for noko.

I dag rusla den nye regjeringa ut på slottsplassen, etter ein månad med hektiske sonderingar, forhandlingar og personkabalar som skulle leggjast. Vi raud-grøne har naturleg nok blanda kjensler til dette regjeringsskiftet. Vi har styrt landet i åtte år no, og har etter mi klåre meining hatt ei god retning på politikken.

Landet har klart seg godt gjennom vonde tider, til forskjell frå mange andre land i Europa. Slikt blir ikkje av seg sjølv, og vi er sjølvsagt spente på om resultata av dette arbeidet står seg, eller om den nye regjeringa og det nye stortingsfleirtalet vil føre landet og innbyggjarane inn i ein verre situasjon framover. Den som lever får sjå.

I mellomtida må eg likevel innrømme at regjeringsskiftet har vore godt for noko. Etter eit hektisk valår og ein endå meir hektisk valkamp, etter eit år med husbygging og mykje stress knytt til dette, er det absolutt ikkje til å forakte at det vart færre møtedagar i Oslo i oktober enn eg trudde.

Sjølv om det er aldri så kjekt å vera på møte og arbeide på eit kontor bak tjukke murar i hovudstaden, er det verkeleg kjekt å få lande litt heime også.

Vi har budd så provisorisk det siste året at eg har måtta halde meg på éin plass i sofaen i den gamle kårenden vi budde i for å ha nettilgang. I den sofaen har sonen og kjærasten min også oppheldt seg mykje, og eg har hatt ein smule problem med å konsentrere meg.

Eg har måtta halde meg på toalettet for å ta avis- og radiointervju per telefon, for det har vore einaste staden med både grei mobildekning og minst risiko for å bli forstyrra. På det toalettet – og i dei fleste romma for øvrig – var golvet iskaldt, så eg måtte gå med tre par med tjukke lestar på føtene for å halde ut.

Det høyrer med til historia at det ofte ikkje gjekk an å vaske ganggolva i vinter, fordi vatnet fraus til is og gjorde om golva til skøytebane. Ein av dagane eg fraus som verst køyrte eg desperat til butikken og kjøpte meg ull- og fleeceklede til 4000 kroner. Og eg gjekk somtid med panneband og buff inne.

Så når vi i slutten av september ENDELEG fekk flytte inn i det nye huset med golvvarme, god nettilgang, kontor og oppvaskmaskin, var det som å koma til himmelen. Eg har kvidd meg til å måtte begynne å reise masse til Oslo igjen berre kort tid etter flyttinga, men dette regjeringsskiftet har berga humøret på det personlege planet, om enn ikkje på det politiske.

Heimekontoret fungerer som smurt, eg kan opphalde meg på ein anstendig plass når eg talar med journalistar (dei mange eg har tala med det siste året visste heldigvis ikkje kor eg oppheldt meg under intervjua). Ikkje minst får eg vera meir saman med dei eg er aller mest glad i, inkludert den 14 år gamle hunden vår. Eg får til og med tid til å lufte hunden innimellom arbeidsøktene. Fantastisk!

No gjenstår det å sjå korleis resultata av politikken til dei blå-blå blir. I morgon er det stortingsmøte med regjeringserklæring og neste veke trontaledebatt. Viss den varsla politikken blir deprimerande og det går feil veg, noko eg jo fryktar at det gjer, er eg i alle fall godt opplagt og i godt humør no før showet startar for fullt. Ikkje verst berre det.

Lokale tiggeforbod eit framsteg

Senterpartiet har programfesta at vi ønskjer å innføre forbodet mot tigging igjen. Det er ikkje for å skjule fattigdom eller for å “forby sosial nød”. Det er slik, lett sarkastisk, mange av dei som kritiserer standpunktet vårt formulerer det.

Derimot er det for å forby eit fenomen som opprettheld sosial nød, og som er knytt til ulike typar lovbrot, som vinningskriminalitet og menneskehandel.

Primært vil Senterpartiet ha eit generelt forbod mot tigging igjen, slik vi hadde fram til 2006. Vi har likevel valt å støtte dei endringane i politilova som nyleg vart gjort av eit raud-grønt fleirtal på Stortinget. Dette fordi endringane kan bidra positivt til å dempe tilstrøyminga og omfanget.

Alle tre regjeringspartia har erkjent at tigging er eit problem, og at noko må gjerast. At vi ikkje er einige om kor langt vi skal gå i å førebyggje tigging, er opplagt.

Kommunane får eit nytt verktøy for å avgrense tigginga når dei no skal kunne innføre lokale forbod – ved å definere tidspunkt og plassar der det ikkje skal vere lov å tigge. Vi må følgje utviklinga og resultata nøye, og om dei kommunale reguleringane ikkje fungerer godt nok i praksis, er vi eit steg nærare eit generelt forbod.

Somme meiner at det er humant og hjelpsamt å la tigging vere tillatt. Eg tvilar ikkje på dei gode intensjonane. Men eg veit jammen ikkje om vegen ut av fattigdom går gjennom å sitje på asfalten i timevis kvar dag med ein kopp i handa.

I samfunnet vårt meiner vi at ungar som veks opp, har best av å få utdanning og bli motiverte til å arbeide. Vi har obligatorisk skulegang og tiltak for å få folk i jobb viss dei ikkje klarer det sjølve. Kulturen vår er innretta slik – haldningar og handlingar heng ofte i hop.

Fenomenet tigging har ikkje eintydige, enkle årsaker. Det er likevel på sin plass å påpeike at hos grupper av menneske der det er kultur for å tigge heller enn å arbeide til livsopphald, blir ungane ofte hindra i å ta skulegang.

Det blir for lettvint å seie at tigging berre kjem av diskriminering og mangel på andre moglegheiter. Mangel på ønske og vilje til å ta i bruk andre moglegheiter kan òg spele inn.

Mange av dei som kjem til Noreg for å tigge synest å vera av romfolket. Noreg løyver årleg pengar til ulike EØS-tiltak retta mot fattige romfolk i ti andre europeiske land – aller mest til Romania og Bulgaria. Meir av dette er vegen å gå.

Eg håpar at myndigheitene i åra som kjem sørgjer for at meir pengar blir brukte for å sikre ungar ei framtid. Sosiale tiltak i heimlandet – kombinert med tilbod om skulegang – er viktig. For å få best mogleg effekt må vi samtidig med dette gjere det mindre attraktivt å tigge her til lands.

Eit tiggeforbod vil gjere marknaden dårlegare. Dette handlar om å gjere eit fornuftig justispolitisk grep her til lands og samstundes støtte opp om gode sosialpolitiske tiltak i heimlandet til tiggarane.

Det blir ofte sagt av forkjemparane for at tigging skal vere lov, at det å tene pengar på å tigge er betre enn ingenting. For somme fattige familiar hadde det òg vore betre enn ingenting om vi tillét barnearbeid igjen, men det gjer vi ikkje fordi vi meiner ungar skal sleppe det. Men at ungar skal bli tvinga til å tigge, er visst ikkje fullt så ille, skal ein tru debatten innimellom.

Eg håpar kommunane vil bruke dei verktøya dei no får. No kan kommunar og byar rundt i landet f.eks. hindre tiggarbandar i å etablere seg rundt gamleheimar og trafikknutepunkt. Det blir også mogleg å definere heile sentrum som eit område der det ikkje skal vere lov å tigge.

Oslo kommune – som landets hovudstad – har eit spesielt ansvar for å gjere noko.
Dagens endringar i politilova er eit reelt steg framover, men det er etter mi meining òg eit mogleg steg mot eit generelt forbod. Det vil vere det aller enklaste for alle partar å rette seg etter – for kommunane, politiet og dei som lurer på å reise hit for å tigge. Foreløpig håpar eg på at endringane vi vedtek i dag, vil gje positive resultat.

Kutt skjemaveldet

Eg misliker sterkt å fylle ut skjema. Det er alt for mange som – med rette – blir frustrerte i møte med skjemaveldet og byråkratiet. Dette gjeld både enkeltmenneske og bedrifter.

Eit velferdssamfunn med pliktar og rettar er avhengig av eit godt lovverk, men det verkar mot si hensikt når lovverket blir for tungvint eller uforståeleg.

Dei som skal forvalte alle reglane og må krevje inn alle desse skjemaa, blir også frustrerte. Dei gjer jo berre jobben sin, men blir borthefta med alt som skal registrerast og meldast.

Eg vil gjerne trekkje fram det gamle slagordet til Bondepartiet: «Mot kontorstyre og skjemavelde.» I Senterpartiet har vi alltid vore opptekne av å forenkle, og gjekk til val på dette også i 2009. Hovudfokuset vårt då var dei som driv små- og mellomstore bedrifter.

Vi var det einaste raud-grøne partiet som hadde programfesta å fjerne revisorplikta for små- og mellomstore bedrifter. Regjeringa har med påtrykk frå Senterpartiet fjerna denne plikta i inneverande periode.

Den raudgrøne partia fekk nyleg vedteke i Stortinget fleire forenklingar i aksjelova. I den digitale tidsalderen får vi stadig nye moglegheiter for å gjera ting annleis. No fjernar vi plikta til å kunngjera i papiraviser. Dette vil gjera det billigare både for bedriftene og det offentlege, og kunngjeringane vil bli samla i ein kanal.

Næringslivet har uttrykt behov for å kunne gjennomføre avgjerder som er tekne i selskapet raskt og effektivt. Ved å redusere fristen for kreditorvarsel til seks veker imøtekjem regjeringa dette ønsket.

Senterpartiet vil gjera kvardagen enklare for folk og bedrifter. Det er ikkje nok å vedta at vi skal forenkle. Vi vil halde fram med å kutte talet på unødvendige skjema og krav.

Brutalt mot romfolket

Frps Per Sandberg vil nekte romfolk adgang til riket. I eit intervju med TV2 har Sandberg sagt at ein paragraf i politilova gjer dette mogleg “når det er fare for at det skal komme grupper til Norge hvor det kan oppstå kriminalitet i kjølvannet av det”.

Det er eit hardt og brutalt skyts mot ei enkelt folkegruppe som leiaren i justiskomiteen no kjem med. Vi kan ikkje skilje ut romfolk ved grensa og seie at «Sorry, du tilhøyrer feil folkeslag.»

Sandberg er opptatt av å få bukt med kriminalitet, og det målet deler jo alle parti. Men verkemidla er tydelegvis svært forskjellige. Dersom vi skal førebyggje grensekryssande kriminalitet, må vi mellom anna stoppe fleire kriminelle ved grensa gjennom betre grensekontroll, ikkje plukke ut enkelte folkeslag ut i frå ei kortslutning om at alle i folkegruppa er kriminelle.

Senterpartiet har programfesta at vi ønskjer Noreg ut av Schengen-samarbeidet for å kunne gjeninnføre passkontroll av alle som kjem til landet, uavhengig av om dei kjem frå Schengen-land eller frå andre land. Dette inneber ei likebehandling av folk. Terskelen for kriminelle for å koma inn til landet vårt skal vera like høg uansett nasjonalitet og etnisk bakgrunn.

Frps Sandberg ønskjer ikkje å gjeninnføre passkontrollen ved å gå ut av Schengen. Han går laus på romfolk i staden. I praksis inneber det han seier at politifolk skal stå på grensa og plukke ut folk med ein annan hudfarge og ein bestemt utsjånad.

Det mykje diskuterte problemet med tigging er ikkje eit problem med eitt folkeslag, som Sandberg synest å meine. Vi må hugse at dei fleste romfolk i Romania lever på samme vis som majoriteten av rumenarar, ved å jobbe og forsørgje seg sjølv.

Ei dame justiskomiteen møtte då vi besøkte Romania tidlegare i stortingsperioden, var sjølv av romfolket og arbeidde med sosiale tiltak for folkegruppa. Ho understreka dette poenget, og sa det gjeld 1,5 av 2 millionar romfolk.

Vi må ikkje setje likheitsteikn mellom romfolk og tiggarar, og mellom romfolk og kriminelle. Menneske av romfolket skal vera like velkomne i Noreg som alle andre. Når det gjeld kriminelle romfolk, er dei like lite velkomne som kriminelle britar eller kriminelle franskmenn.

Skadeleg surrogati

Kan vi forsvara at norske par kjøper seg ungar i utlandet?

Det er ikkje vanskeleg å forstå at somme ønskjer barn så sterkt at dei prøver alt dei kan for å skaffe seg eit. Prøverør, adopsjon og surrogati er alternativ dersom naturmetoden ikkje fungerer, eller om paret er av same kjønn.

Storsamfunnet stiller opp på ulike vis, både praktisk og økonomisk, for at dei som treng hjelp til å få ungar skal få det. Det er fint. Men surrogati står i ei særstilling. Det er ulovleg i Noreg. Det er det gode grunnar til.

I Aftenposten 2. april stod det om ei indisk surrogatmor som døydde etter fødselen, etter å ha bore fram tvillingar for eit norsk par. Det eine spedbarnet døydde også rett etter at det vart fødd. Medan surrogati ikkje er lovleg i Noreg, kan nordmenn likevel skaffe seg ungar gjennom å inngå avtale om surrogati i utlandet.

Før påske la Helsedepartementet fram eit framlegg om å klårgjera og slå fast at privatpersonar som bryt bioteknologilova ikkje skal kunne straffast. Tilfellet med den indiske kvinna viser at temaet surrogati ikkje er uproblematisk.

Når vi meiner at argumenta mot er så sterke at vi ikkje kan tillate det her til lands, korleis kan vi forsvara eit lovverk som gjer det mogleg for nordmenn å inngå slike avtalar i utlandet – avtalar som inneber risiko for at kvinner blir alvorleg skadde eller døyr? India vedtok sjølv nokre presiseringar om surrogati for nokre månader sidan, blant anna at det ikkje skulle vere lov dersom surrogati var ulovleg i heimlandet til dei som ønskjer surrogatbarn.

Surrogati handlar om å betale kvinner for at dei skal utføre ei “teneste” , for at dei skal bruke kroppen som fødemaskin og levere ein unge. Ein fødsel kan vera fint, men også potensielt farleg. Eg har sjølv opplevd å vera kritisk sjuk i samband med fødsel. Som følgje av dette er eg oppteken av at vi ikkje må bagatellisere den risikoen surrogatmødre utset seg for.

Vi kan også seie det slik: Vi må ikkje bagatellisere den risikoen surrogatindustrien og dei som bestiller ungar utset kvinnene for. Ja, ein kan argumentere med at dei fleste truleg gjer det av eigen fri vilje, at dei tener pengar på det, og at dei fleste kjem frå det med helsa i behald.

Desse argumenta bruker imidlertid også enkelte motstandarar av sexkjøpslova for at vi skal sjå med mildare auge på fenomenet prostitusjon. Eg presiserer at eg ikkje set likskapsteikn mellom desse to fenomena, men begge delar handlar streng tatt om at kvinnekroppen blir brukt for å oppfylle andres behov.

Jordmor Mette Løkeland har uttrykt klåre meiningar om temaet surrogati, mellom anna i eit debattinnlegg på NRK Ytring 7. desember 2012. Ho viser til at surrogatmødre langt oftare får tvillingar enn andre gravide, noko som aukar risikoen for komplikasjonar under svangerskapet.

Frå kronikken til Løkeland: " I tillegg vert nesten alle surrogatbarn forløyst med keisarsnitt. Som oftast ikkje av di det er medisinsk nødvendig for kvinna si helse. Ifølgje indiske legar grunna både spesielt verdfulle babyar og at det er høgrisikosvangerskap som til dømes diabetes, svangerskapsforgifting og fleirlingar. Keisarsnitt forenklar også logistikken for helsepersonell, organisatorar og ventande foreldre."

Konklusjonen hennar, som eg deler, er at bruken av surrogati ikkje kan legitimerast med argument om at somme her til lands har glede og nytte av det.

Kriminalitet i fly flyt

Schengen-samarbeidet vart i si tid inngått for å gjera fri flyt av folk lettare i EU- og EØS-landa. Senterpartiet stemte mot fordi vi frykta at manglande grensekontroll internt i Schengen-området ville medføre fri flyt av kriminalitet. Dessverre hadde vi rett.

Mobil, organisert kriminalitet har breidd om seg etter at Noreg vart medlem av passunionen Schengen i 2001, og særleg etter at 8 nye land vart medlemmar i 2007. Om lag ein av tre innsette i norske fengsel er frå utlandet. Dette er eit problem både for samfunnet og for soningskøane – og for omdømet til andre menneske frå dei mest aktuelle landa.

Dyktige utlendingar er særs viktige for å oppretthalde verdiskapinga i Noreg. Dei styrkar også økonomien i sine eigne heimland ved at dei og familiane deira får betydeleg meir pengar å rutte med. Politiets Fellesforbund har peika på at tilstrøyminga av kriminelle har vore særleg stor frå dei baltiske landa.

Mange lovlydige baltiske borgarar gjer ein god jobb i ulike norske næringar som treng arbeidskraft. Det er synd om desse blir uglesette – som dei faktisk blir av mange nordmenn no – på grunn av at mange kriminelle frå landa deira slepp for lett inn i Noreg.

Å innføre passkontrollen vil ikkje hindre utanlandsk arbeidskraft i å koma til landet og vil dermed ikkje svekkje norsk næringsliv, som NHO har hevda. Storbritannia er ikkje medlem av Schengen, og dei har god tilgang på utanlandsk arbeidskraft. Skilnaden på Storbritannia og oss er at dei har langt færre kriminelle utlendingar i fengsla.

Tek vi tala for England, ser vi at berre 12,6 prosent av dei innsette i fengsla der er frå utlandet (juni 2012). Skottland 3,3 prosent. Etter at Noreg vart medlem av Schengen, steig andelen utanlandske fangar i norske fengsel frå kring 12,9 prosent i år 2000 til 32,5 prosent målt i mai 2011. I 2012 var talet oppe i 40 prosent.

Målsetnaden om at yttergrensene til Schengen-området skulle voktast godt, er ikkje nådd. Hellas og Italia har store problem med å hindre tilstrøyming av folk frå non-Schengen-land. Når Romania og Bulgaria truleg blir medlemmar snart, vil dette problemet bli endå verre. Såleis har også kriminelle frå andre delar av verda friare tilgang til den norske «marknaden».

Meir narkotika- og vinningskriminalitet, vald og valdtekter er resultatet. For å setje det på spissen: Vi har meir enn nok norske kriminelle om vi ikkje i tillegg skal importere store mengder kriminelle frå det store utland.

Debatten om Schengen går i fleire land, også i dei nordiske landa. Eit samla nordisk politikorps har gått inn for at avtalen blir revurdert på grunn av den aukande kriminalitet. Dei peikar på at det er for enkelt å bevege seg over landegrensene om ein ikkje har hederlege hensikter. Passkontroll der det blir registrert kven som kjem inn i landet, kva føremålet med reisa er og kor langt opphald som er planlagt, vil kunne gje myndigheitene betre grunnlag for å få oversikt over organiserte kriminelle.

Vi må arbeide målretta for å førebyggje grensekryssande kriminalitet. I dagens politiske landskap er det ikkje fleirtal for å gå ut av passunionen. Men dersom vi ønskjer å stoppe den frie flyten av kriminalitet, må debatten takast om korleis vi skal gjera det. Då er det verdt å diskutere om ikkje Norden igjen vil kunne vera eit praktisk og fornuftig avgrensa område for intern fri flyt av personar og passfridom. Det var et slikt samarbeid vi hadde i fleire ti-år før Schengen-avtalen trådde i kraft.

Ferjefri kyststamveg i vente

Eg er hoppande sprettande glad no. Regjeringa, med Liv Signe Navarsete i spissen, la i kveld fram den klåre og forpliktande ambisjonen om at ferjefri E39 skal bli realisert i løpet av 20 år. Dette er noko eg har engasjert meg mykje i, og då er det sjølvsagt artig å oppleva at viktige nye skritt blir tekne.

Mitt fylke, Møre og Romsdal, har tre av dei sju fjordkryssingane det er snakk om for at kyststamvegen frå Kristiansand til Trondheim skal blir ferjefri. Storfjorden, Romsdalsfjorden og Halsafjorden skal forserast. Dei to siste er dei som er nærast å vera “gryteklåre”.

Det kan verke irriterande for folk dei mest sentrale strøka av landet at vi Senterpartiet er så opptekne av vegar og ferjeavløysingsprosjekt, det skulle helst ha gått i togsatsing. Eg også meiner at tog er viktig, men vi må ta inn over oss at størstedelen av folk her til lands ikkje bur i rimeleg avstand til toget. Somme har knapt sett andre tog enn dei toga som går den 8. mars og den 1. og 17. mai.

Det kjem aldri til å bli bygd togskinner frå Kristiansand til Trondheim, men vi kan – og skal – utbetre vegane og gjera det mogleg å reise strekninga utan å måtte ta sju ferjer på turen. For Vestlandet vil det vera eit stort framskritt når regionane blir bundne tettare saman. Men ikkje berre det: for landet vil det også vera eit stort framskritt.

Tenkjer vi på næringslivet på Vestlandet, kan vi gjerne kalle strekninga for “gullkysten”. Det er stor verdiskaping der, eit sterkt næringsliv i stadig utvikling, og potensialet er større enn det som no er teke ut. Betre samferdselsløysingar er det som skal til for å leggje til rette for meir vekst. Og det kjem heile landet til gode. Vi må jo finansiere velferdsstaten, og eit livskraftig næringsliv bidreg til det.

Med ferjefrie fjordkryssingar får næringslivet lettare tilgang til arbeidskraft. Næringsliv med varetransportar slepp dei ekstrakostnadene det inneber å bruke tid på å stå i ferjekø. Folk kan enklare pendle til dei arbeidsplassane dei tykkjer er interessante og samtidig bu der de ønskjer.

Eg må leggje meg snart, for i gledesrusen over nyheita om ferjefri kyststamveg rakk eg rett og slett ikkje flyet eg skulle ta til Ålesund i kveld, og eg må opp klokka halv fem. Men det er greitt å leggje seg når humøret er på topp!

Svineproduksjon med dårleg avkastning

Er mannsgrisane med på å auke brutto nasjonalprodukt og å sikre velferden vår for framtida? Neppe.

Det er tre interessante saker som har gått i media for tida. Den eine er perspektivmeldinga som regjeringa har lagt fram. Den andre er netthets mot kjente kvinner. Den tredje er at elevar på skular med mykje mobbing gjer det gjennomsnittleg dårlegare enn på elevar på skular med lite mobbing.

Innbyggjarane i A/S Noreg fekk ein klår bodskap ved presentasjonen av perspektivmeldinga, som ser fram til år 2060. Vi må alle jobbe meir og lenger for å sikre nasjonaløkonomien og velferdsstaten. Oljefondet er ikkje ei utømmeleg pengekrukke som gir saftige pensjonsutbetalingar til alle til evig tid. Vi må sjølv sikre pensjonsordningane ved å yte ein innsats og skape gode resultat.

I svensk fjernsyn har kjente svenske kvinner fortalt om grov sjikane og hets via nettet. Det handlar om mobbing og grov vald mot kvinner. Det førekjem også her i Noreg, slik vi har fått klåre døme på. Det er ikkje grov vald i form av fysiske slag, spark og valdtekter, men i form av brutale truslar om slikt. Dei fleste vil meine netthets er ubehageleg og skremmande. For somme blir det for vanskeleg å jobbe i offentleg synlege stillingar.

Ei undersøking som Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress nyleg la fram, viser til dårlegare resultat på skular med mykje mobbing. Dette er interessant å sjå i samanheng med perspektivmeldinga og den utbreidde netthetsen.

Same kven som blir offer for mobbinga, om det så er ungar eller vaksne menn og kvinner, vil det kunne føre til «dårlegare resultat» for landet vårt. Og når mykje av mobbinga via nettet attpåtil er retta mot offentleg synlege og dyktige kvinner, blir ikkje resultatet akkurat så mykje betre. Kvinner må kunne delta som ein del av arbeidsstyrken på alle plan, også som journalistar, politikarar, artistar og i høge leiarstillingar.

Netthetsarane må bruke kreativiteten sin til noko anna enn å hakke på tastaturet med klissete fingrar og spreie drit. Då må vi hindre dei i å mobbe. At kjente kvinner fortel om problemet er forhåpentlegvis til hjelp. Regjeringa har nyleg lagt fram eit lovforslag som skal gjera det lettare å straffe folk som driv netthets.

For framtida til A/S Noreg blir det ein produksjon med dårleg avkastning dersom vi alar opp fleire mannsgrisar i åra som kjem.

Med iPaden på do

Rett før vi lukkar augene om kvelden, sjekkar vi e-posten på smarttelefonen. Er det kome inn noko, svarer vi sjølv om det er over midnatt. Vi les nyheiter på iPaden medan vi sit på do.

Ehem, kanskje ikkje de andre gjer det, eller ikkje vil innrømme at de gjer det. Men eg tykkjer det å sitje på do er bortkasta tid om eg ikkje anten les nyheiter, oppdaterer kalenderen eller puggar tyske gloser. Å lesa Billy er artigast, men då får eg dårleg samvit for å bruke tida feil.

Eg prøver å diagnostisere meg sjølv for tida. Det beste eg har kome opp med til no, er at eg lir av “periodevis tung arbeidsnarkomani, stress med vekslande intensitet og ein smule latskap”.

Eg klagar ikkje altså, sjølv om eg skal jobbe heile helga. Å ha ein jobb er eit privilegium, i det minste for alle oss som kjem til å gå konk om vi ikkje arbeider. Men når eg kjem i jobbejobbejobbe-modus, og ikkje klarer å setje av særleg mykje av dagane til fritid sjølv om eg kjenner at eg treng det, då får eg likevel lyst til å sutre litt.

Det er ingen andre å klandre enn meg sjølv. Denne tidvise arbeidsnarkomanien har eg ansvaret for sjølv. Eg har eit problem med å setje eit skilje mellom å arbeide og å ha fri, mellom det å vera påkopla og avkopla. Og eg veit ikkje kva det er å gjera ingenting, noko eg har høyrt skal vera sunt. (For så vidt ei absurd formulering. “Gjera ingenting”? Anten så gjer ein noko, eller så gjer ein det ikkje. Og gjer ein ikkje dette, så gjer ein noko anna.) Dette problemet deler eg med mange andre.

Vi er tilgjengelege på mobiltelefonen sjølv når vi er på fjelltur eller traskar med hunden gjennom skogen. Dersom det er dårleg dekning på hytta, passar vi på å leggje mobilen der dekninga er best.

Sjølv blir eg somtid ganske så surrete i hovudet og sliten av alltid å tenkje på kva eg burde gjort og å vera så tilgjengeleg. Då blir det fristande å trøystespise litt sjokolade. Då tek eg til å tenkje på kreftcellene eg stimulerer ved å eta for mykje sukker, faren for diabetes, fedme, hjarteinfarkt osb. For eg er jo oppdatert på helseforskinga. Slikt les eg om når eg sit på flytoget og samtidig- for å spara tid – trappar i meg mat slik at eg får flekkar på kleda.

Kvifor har mange moderne menneske problem med å skilje mellom arbeid og fritid? Svaret er vel at det heller aldri før i historia har vore noko klårt skilje mellom arbeid og fritid. Dyrkar ein jorda og tek vare på husdyr, må ein så og hauste når det er tid for det, og husdyra klarer seg ikkje sjølv.

Då alle i familien måtte trå til for at dei skulle overleva, reknar eg med at dei også sleit med å finne ein balanse mellom å gjera viktig arbeid og å få nødvendige pausar. Faste måltid og faste helgedagar var til god hjelp, og dei måtte følgje årstidene. Dermed vart det i det minste variasjon gjennom året.

Forskjellen på oss i dag og dei før oss er at vi har elektroniske kommunikasjonsmiddel, informasjon rundt oss overalt, bilar, bussar, tog og fly som kan frakte oss dit vi må. Det er berre når mobiltelefonen sviktar (dett i dass medan vi sjekkar e-post) eller nettet er nede at vi føler vi har ein “gyldig” grunn til ikkje å vera tilgjengeleg. Eg har enno ikkje mista iPaden i do, men den dagen det skjer, er det i alle fall lettare å plukke han oppatt enn ein mobiltelefon…

Eg føler meg som ein idiot om eg ikkje fekk med meg noko som hendte dagen før viss nokon spør, for “det var jo i alle nyheitskanalane og stod i alle avisene”. Eg kan ikkje ringje og seie at eg dessverre ikkje kjem meg til Oslo neste veke, for dersom flya ikkje går, kan eg køyre eigen bil eller ta toget.

Og årstidene? Arbeidsoppgåvene til dei fleste av oss er like gjennom året uavhengig av om det er kaldt eller varmt, mørkt eller lyst. Ergo manglar arbeidet dei svingingane i innhald og intensitet frå tidlegare tider som sikkert hadde gjort oss godt.

Diagnosen eg sette på meg sjølv tidlegare, inneheldt også latskap. Eg er grunnleggjande lat, men er for uroleg til at det gjer seg store utslag. Som eg skulle seie på eit engelskkurs ein gong, då kurshaldaren, som er norskkyndig engelskmann, nemnte at eg var så energisk. Eg ville uttrykkje at eg har “mark i ræva”. “I have got worms in my ass”, sa eg. Den stakkars karen såg forskrekka på meg før han heldt på å ramle under bordet av latter.

Jaja, slik kan det gå. For dei som har klart å lesa heile denne laaaaange klagesangen av eit blogginnlegg, må eg avsløre at eg ikkje er fullt så depressiv for tida som det kan sjå ut som av innhaldet. I dag kjøpte eg meg i optimistisk ånd oppkvikkande rosenrot, granateple-eliksir og grønsaksjus slik at eg frå i morgon av verkeleg skal få ræva i gir. Ormekur er uaktuelt.