Luktesans og prøvekaninar

Eg fann ein pølsepakke med “siste forbruksdato 13. mai” i kjøleskåpet tidlegare i kveld. I og med at eg meiner luktesansen er viktigare enn å kunne å lesa når det gjeld å vurdere om mat er etande, vart kveldsmaten steikt pølse og egg.

Eg lever i beste velgåande endå. Som då eg åt yoghurt med utløpsdato 8 månader tidlegare, det gjekk godt det også. Einaste gongen eg har angra, var då eg åt surkål som var utgått på dato fire år tidlegare. Det førte nok til luktplager for folk rundt meg i eit område på nokre kvadratkilometers radius.

Sjølv om akkurat den surkålen burde gått i søpla, blir altfor mykje mat kasta. Det er rekna på dette, og visstnok kastar kvar nordmann over 10 kg brød og 12 kg frukt og grønsaker kvart år. Tilsaman hivar vi 255.000 tonn mat årleg.

Dette er jo ein skam i ei verd der mange svelt, og der sytete nordmenn meiner dei må over grensa til Sverige for å få kjøpt mat dei har råd til.

I tillegg til dei tala eg presenterte ovanfor, blir det kasta mat i landbruket, industrien, butikkane og i storhusholdningane. Vi bør vel begynne å bruke hovudet og nasen oftare, så blir det mindre matsøppel.

Til det med over åtte månaders gamal yoghurt: Slike eksperiment gjer eg sjølvsagt ikkje overfor gjestar. Det er berre den næraste familien som eventuelt heilt uvitande får vera prøvekaninar på om luktesansen min er god nok.

Ingen av dei har vorte matforgifta endå. (Bank i bordet).

Hurtigsporet

For å koma kriminalitet til livs, er ein avhengig av å ha system som gjer at ein kan bekjempe kriminalitet effektivt. Eit hurtigspor i domstolane til gje raskare straffesakshandsaming.

Samfunnet endrar seg stadig. Kriminaliteten endrar seg, men også kven som utfører lovbrota. Folk reiser mer. Frie grensepasseringar medfører at dei som ikkje kjem til Noreg på ferie eller for å jobbe, men for å livnære seg på kriminalitet, også slepp lett inn.

Stadig høyrer vi i media om at kriminelle blir sleppte ut på gata etter å ha hatt ein snarvisitt i politiarresten. Dei forsvinn, og mange av desse er personar utan fast opphaldsstad som beveger seg rundt i samfunnet utan at myndigheitene har kontroll på dei.

Korleis kan vi gjera noko med denne situasjonen? Jo, vi må få ei meir effektiv strafferettspleie. Situasjonen har endra seg mykje dei siste åra. Ei løysing eg tek til orde for, er å etablere eit hurtigspor i dagens domstolssystem.

Høve til hurtighandsaming har vi i dei tilfella kor den sikta erkjenner dei faktiske forholda, men dette er ikkje så ofte. Dette fører gjerne til at ein må vente svært lenge på at saka kjem opp i retten.

Eg ser for meg ei ordning der politiet og domstolane i større grad samhandlar. Det er mogleg med ei effektiv straffesakshandsaming medan den sikta sit pågripen. Dette vil vera både i den siktas og samfunnets interesse at dette går raskt.

Dette bør vera aktuelt for lovbrot av mindre alvorleg karakter, typisk narkotika- og vinningskriminalitet. Slik situasjonen er i dag, er det mange slike lovbrot som ikkje er alvorlege nok til at påtalemyndigheita vel å varetektsfengsle gjerningspersonane fram til hovudforhandling, sjølv om unndragingsfaren er overhengjande.

Førstegangs overtreding av eit mindre alvorleg narkotikalovbrot blir ofte berre straffa med betinga fengsel. Dette har som konsekvens at lovbrytarane blir lauslatne, at dei unndreg seg straffeforfølging, og at det blir skapt eit lovtomt rom. Dette er ein situasjon vi må motverke.

For Oslo politidistrikt har dette vore eit stort problem dei siste åra. Dei har i lengre tid gjort mykje for å bekjempe openlys narkotikaomsetnad i sentrum. For å få bukt med dette problemet er det å få fjerna dei som står for lovbrota heilt sentralt, noko som inneber at straffesakene må blir avgjorte raskt.

Desse aktuelle sakene er ofte ferdig etterforska på gjerningsstaden. Eit døme: dersom politiet tek ein narkotikaseljar med stoff på seg på Oslo S, skal det normalt ikkje mykje etterforsking til for å oppklåre denne saka i seg sjølv. Det same gjeld enkelte typar vinningskriminalitet, der gjerningsmannen blir observert under handlinga, og tatt med utbytte frå den straffbare handlinga på seg.

Det optimale ville vore om politiet dagen etter kunne køyre den sikta til Oslo tingrett, at ein kunne få gjennomført hovudforhandling, at dommen kunne bli forkynt, fullbyrda og effektuert (føresett at vedkomande ikkje ankar), samt at ein kunne få gjennomført eventuell uttransportering og utvising frå landet. I staden er det slik at ein i dag må vente minst 3 månader på hovudforhandlinga.

Eg vil understreke at grunnleggjande rettstryggleiksideal sjølvsagt skal liggje til grunn. Alle som er part i ein rettsprosess skal føle at dei blir ivaretekne. Men det treng ikkje vera nokon motsetnad mellom effektivitet og rettstryggleik.

(Dette er ein redigert versjon av eit innlegg eg hadde på trykk i Klassekampen i mai 2014)

Å stille klokka er noko herk

Eg tek til å bli sur allereie. For i natt mistar vi ein time som vi må vente eit halvt år på å få tilbake. Dette uskikken med å stille klokka to gongar i året bør det snart bli slutt på.

Eg har misbrukt sjansen som stortingsrepresentant til å stille spørsmål i spørjetimen til to klokke-ansvarlege statsrådar om dei ikkje har tenkt å gjera noko med dette. Det er næringsministeren som har med tida og klokka å gjera, av ein eller annan grunn.

Eg spurte Trond Giske for nokre få år sidan, og sist onsdag spurte eg noverande næringsminister Monica Mæland. Ok, dette handlar ikkje om krig og fred eller liv og død, i alle fall ikkje direkte. Bortsett frå at det faktisk er påvist fleire hjarteinfarkt og biluhell enn elles dagane etter at vi stiller klokka om våren. På hausten får vi ein time ekstra, og det er naturleg nok lettare for kroppen å handtere enn å miste ein time.

Det er eit stressmoment for mange, og mykje surr skjer når folk tek feil av tida kvar gong klokka skal stillast. Og somme må ta livsviktig medisin til same tid kvar dag.

Verken Giske eller Mæland tente på ideen om å gjera noko med dette. Eg har oppmoda dei til å ta initiativ overfor EU til å endre det EU-direktivet som regulerer tidsinnstillinga i området, eit direktiv som også vi i Noreg må forhalde oss til.

Sjølvsagt er det ein fordel at heile Europa har same praksis. Men det beste er om heile EU har ein fornuftig praksis. Det mest fornuftige etter mi meining er at det er same tid heile året. Om dette skal vera normaltid/vintertid eller sommartid er ikkje det viktigaste.

Det er imidlertid ein openbar fordel med det vi no kaller sommartid heile året, nemleg at ettermiddagane seinhaustes og vinterstid blir lysare ein time lenger. Det ville vore kjekt om ein kunne koma seg ut på tur i dagslys etter skule og arbeid ein større del av året enn no.

På TV2-nyheitene der dei sendte eit intervju med meg nettopp, såg eg at det vart framstilt som om heile Senterpartiet går for dette. Nei då, det er berre eg som har fått for meg at eg vil prøve å få gjort noko. I og med at verken næringsministrar eller resten av politikarstanden tykkjer dette er særleg til sak, må eg vel innfinne meg med at det kjem til å lakke og li før praksisen kan bli endra.

I mellomtida får eg halde fram med å gnåle surt om dette to gongar i året. I alle fall kvar vår.

Seminar og debatt om media og politikk

Eg ser fram til på å skulle delta som innleiar på eit seminar om dette temaet den 1. april kl 14-16, eit arrangement i samband med grunnlovsjubileet. Tillet meg å reklamere for seminaret ved å vise programmet her:

HVOR MEKTIG ER DEN 4. STATSMAKT?
OM FORHOLDET MELLOM MEDIENE, POLITIKERNE OG SAMFUNNET

«Trykkefrihed bør finde Sted», skrev eidsvollsmennene i 1814. Gjennom foredrag og debatt ønsker Stortinget å rette søkelyset mot utviklingen innenfor politisk journalistikk, medienes makt og samspillet mellom journalister og politikere.

PROGRAM:

Martin Eide:

«Vaktbikkje, jaktbikkje, maktbikkje»
Hvor står norsk journalistikk mellom partipressen og seddelpressen?
Frigjøringen fra partiene, hva har den vært en frigjøring til?
Og hvilken betydning har den nye journalistikken for makt og avmakt?

Martin Eide er professor ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen. Han har utgitt en rekke bøker om journalistikk og pressehistorie.

Magnus Takvam:

«Det kompliserte samlivet – om forholdet mellom politikere og journalister»
Bakteppe: Den politiske journalistikken har hatt det særtrekk at den foregår i et tett personlig samspill mellom politikere og journalister. Journalistene eier mediekanalen. Politikerne eier informasjonen. Både medienes karakter og politikerrollen har endret seg i rekordtempo de siste tiårene.

Magnus Takvam er politisk kommentator i NRK, og har fulgt norsk politikk i 25 år.

Per Sandberg (FrP) og Jenny Klinge (Sp): «Politisk journalistikk sett fra Løvebakken»
Per Sandberg har vært stortingsrepresentant siden 1997, Jenny Klinge siden 2009.

Ordstyrer: Aslak Bonde

Innledning ved stortingspresident Olemic Thommessen

Seminaret er åpent for stortingsrepresentanter, ansatte, representanter for mediebransjen og andre interesserte.

Påmelding innen 28. mars til
grunnlovsseminar@stortinget.no

Høie som religionsminister?

Helseminister Bent Høie burde vore oppteken av helsa til små ungar. I staden opptrer han meir som ein religionsminister, som i religionsfriheitas namn forsvarer at små gutar blir omskorne utan medisinsk grunngjeving.

Høie har varsla at han og regjeringa vil regulere praksisen med rituell omskjering av gutar. Foreldra må, i følgje framlegget som truleg kjem frå regjeringa allereie før påske, sørgje for at inngrepet blir gjort i den norske spesialisthelsetenesta, ikkje utanfor. Dette inneber at helseministeren vil påleggje legar ved norske sjukehus å omskjera gutane.

For å gjera det klårt: dette er eit irreversibelt inngrep. Det inneber at ein fjernar forhuda, ein funksjonell og viktig del av penis, frå smågutar som ikkje kan nekte. Det medfører risiko for ulike typar og gradar av komplikasjonar. I enkelte tilfelle skjer alvorlege skadar og ein må amputere. I dei aller verste tilfella skjer det dødsfall. Som då ein to veker gamal gut døydde i Oslo i 2012 som følgje av å ha vorte omskoren.

No i mars kom rapporten frå Helsetilsynet om nettopp dette dødsfallet. Det er bra at saker med tragisk utfall blir sett nærare på, og at legen etter denne granskinga fekk avgrensa autorisasjonen sin til å vera lege. Men ærleg talt – bør vi ikkje forhindre at ungane blir utsette for ein slik risiko i eit samfunn som elles hevdar å setje rettane til ungar høgt? Er ikkje staten like ansvarleg for resultatet som den enkelte som utfører inngrepet?

Kan vi som folkevalte tåle så inderleg vel dette overgrepet mot småungar, eller skal vi innsjå at vi i 2014 kan setje ein ny og betre standard? Denne nye og betre standarden er etter mi meining ei aldersgrense på 18 år. Den enkelte guten må få velje sjølv når han er gammal nok til å forstå konsekvensane og når han er gammal nok til å stå imot eventuelt press frå andre.

Helseministeren set tydelegvis religionsfriheita til foreldra høgare enn religionsfriheita til den enkelte guten. Såleis er han ikkje berre ein dårleg helseminister i denne saka, han fungerer heller ikkje som nokon god religonsminister for ungane. Men når det gjeld dei helsemessige og prinsipielle sidene ved dette, burde Høie verkeleg ta innover seg dei råda som kjem frå mange viktige helsefagmiljø og frå dei nordiske barneomboda.

Leiaren av Norsk barnelegeforening, Trond Odden, har uttalt at foreininga er heilt imot framlegget. Odden er også klinikksjef på Akershus universitetssykehus. I Dagens Medisin, 19.03.2014, seier han «Hvem vil gjøre et inngrep som ikke er medisinsk begrunnet, og hvor det kan være 5 prosent komplikasjonsrate? (…) «Jeg ville ikke gjort det selv og heller ikke tillate at det blir gjort på min klinikk».

Det skjer for tida mykje i mange land i saka om omskjering av gutar. Parlamentarikarforsamlinga til Europarådet har vedteke ein resolusjon der det er ein uttrykt målsetnad å på sikt få slutt på rituell omskjering av gutar. Noreg kan vera eit føregangsland viss vi innfører ei aldersgrense. Eg håpar helseministeren tek ein ny runde med seg sjølv, og går inn for å setje helsa, velferden og rettane til ungane øvst.

Kaos og leiarskifte

Det er ein smule kaos i vårt kjære Senterparti for tida. I dag varsla leiar Liv Signe Navarsete at ho vil be sentralstyret støtte at det blir eit ekstraordinært landsmøte, og at ho stiller plassen sin til disposisjon.

Samstundes står det i fleire media at fleirtalet i sentralstyret truleg ikkje er samde i dette. Dei vil kanskje gå inn for at ho blir sitjande til 2015.

Eg har meint at det viktigaste nødvendigvis ikkje er om ho går av allereie i år eller neste år på det ordinære landsmøtet, men at det trongst ei avklåring om at ho kjem til å gå av.

Det er sterkt beklageleg at eit leiarskifte skjer på dette viset, og eg kjenner meg ikkje tilpass med at eg sjølv er blant dei som må uttrykkje at eit leiarskifte er nødvendig. Liv Signe Navarsete har vore ein fenomenalt flink statsråd i 8 år, ho har oppnådd mykje, og har ein arbeidskapasitet og stå-på-vilje som er beundringsverdig.

Derfor er det synd at det skal ende med eit slikt kaos som no. Men det er ein leiars lodd å måtte ta ansvar ved å gå viss det kjem ei tilstrekkeleg stor krise som ikkje kan løysast ved å halde fram.

Kanskje ville situasjonen ha roa seg tilstrekkeleg viss ho hadde førehandsvarsla at ho går av i 2015. Då hadde vi unngått eit ekstraordinært landsmøte, og opprøret kunne ha slukna. Men det var vel for seint å ta dette grepet no som alt har vorte sett på spissen? Vi får sjå kva sentralstyret meiner.

For meg framstår det i alle fall som idioti og slett spel når somme meiner Ola Borten Moe må gå av som nestleiar dersom leiaren går. Både han og Trygve Slagsvold Vedum er viktige for framtida til partiet, og bør halde fram i leiinga.

No er det på høg tid at vi får arbeidsro, både politikarane våre lokalt, i fylka og på Stortinget. Og ikkje minst medlemmane og dei som er einige i politikken vår. Dette kaoset overskuggar alt.

Med politikken til den nye regjeringa er det høgst nødvendig at vi står på mot nedbygging av matjorda og landbruket, mot tvangssamanslåingar, for samferdselsutbygging som kjem heile landet til gode, og for gode velferdstenester i alle kommunar.

Hundane i mitt liv

Her er nokre historier om hundane i mitt liv. Den siste sørgjer eg veldig over no, for han døydde i helga.

Eg er ikkje heilt meg sjølv denne veka. På laurdag måtte vi avlive den fjorten år gamle snille, gode, fine hunden vår. Det er ingen floskel at det å miste ein hund er som å miste ein familimedlem. Ein hund er verkeleg ein del av familien. Slik har det i alle fall vore med dei tilsaman tre hundane eg har hatt gjennom livet.

Den hunden eg vaks opp med vart også fjorten år. Vi budde på gard, og han var to år då eg vart fødd. Rusken heitte han, ein snill og stadig meir lubben border collie. Eg hugsar kor lei seg far min var då han måtte avlive denne. Han sverga på at vi aldri nokon sinne skulle få tak i ein ny – det var rett og slett for fælt å miste han.

Men på trettenårsdagen min kom det ein eldre kar innom som fortalte at han hadde 8 kvalpar heime, ei salig blanding av pyreneer og rottweiler. Eg tagg og ba, og pappa tok med bror min og meg for å sjå på dei lodne kvalpane. Det vart jo kjærleik ved første blikk, og Rusky vart namnet. Ein skulle ikkje tru at denne blandinga kunne bli ein koseleg familiehund, men det vart han. Eller ho, då. Det var ein hohund, som vaks og vart ein skikkeleg plugg som eg har mange gode minne frå.

Noko av det artigaste bror min og eg visste, var då vi kom heim frå skulen og skulle gå opp bakken til huset. Rusky kom springande då bussen sette oss av, men stoppa på bakkekammen og venta på oss. Di nærare vi kom di raskare gjekk halen fram og tilbake, og plutseleg – slik skjedde det kvar gong – la han seg ned med framparten på bakken medan bakparten og den logrande halen stod opp i veret.

Då vi var fire-fem meter unna byksa han fram, hoppa opp på oss og sleikte oss i andletet. I og med at han var retteleg stor, kunne han setje labbane på skuldrane våre og vera minst like høg som oss. Han var såpass tung at vi måtte lene oss litt fram for ikkje å bli feid over ende. Gjensynsgleda var like stor kvar gong.

Rusky vart sjuk og døydde berre tre år gammal. Sidan hadde eg ingen hund før eg fekk sonen min, som eg ønskte skulle få vekse opp med ein hund i huset. Vi var heldige å få overta ein fire år gammal skjønn hund av ei snill dame som hadde oppdratt han til å bli akkurat passeleg uoppdragen. Eit slikt «veit du, eg har ikkje tenkt å koma inn akkurat no»-blikk, etterfulgt av ei lite målretta rusling før han kom inn likevel. Menty var mest border collie, men hadde også collie i seg, med fin svart og kvit pels, og verdas snillaste auge.

Det er ikkje noko kjekt å omtala han i fortid, no berre nokre dagar sidan han døydde. Eg veit akkurat kor fælt det kjem til å vera å koma køyrande heim neste gong, når han ikkje kjem springande mot bilen med den vanlege, ellevilt glade klynkinga si.

Han brukte å vera like ellevilt glad når eg opna bildøra og kom ut ganske raskt. Viss eg derimot brukte nokre minutt på å avslutte ein telefonsamtale eller samle saman rot inne i bilen, låg han berre fornærma utanfor då eg endeleg kom ut, og ville knapt sjå på meg.

Elles er det mange gode minne vi kjem til å ha med oss i åra som kjem. Om fine turar vi var på. Om då han var så opptatt av ein kjepp eg skulle kaste at han falt nokre trinn på trappa ute, og etterpå såg veldig skamfull ut. Om kor komisk han var då han vrei seg rundt i graset eller på teppet inne og vifta med frambeina for å klø seg i andletet. Vi kunne le oss skakke over desse rare bevegelsane. Heldigvis fekk sonen min filma dette ein gong. Den filmsnutten blir kjekk å ha.

Det er rett og slett forferdeleg trist å miste trivelege familiemedlemmar som Rusken, Rusky og Menty har vore, unike personlegheiter som skapte stemning i stova og som alle ga den ivrigaste velkomsten ein kunne få når ein kom heim. Eg seier som far min den gongen Rusken døydde: vi skal aldri meir ha hund. Om denne lovnaden blir fulgt heile resten av livet? Eg veit jammen ikkje.

Skremselspropaganda?

Det er skrekkeleg korleis det som i valkampen vart omtalt som skremselspropaganda frå oss raud-grøne har vist seg å stemme. Vi i Senterpartiet åtvara velgjarane mot at ei blå regjering ville svekkje landbruket, byggje ned matjord og drive ein distriktsfiendtleg politikk. Høgre og Frp trong berre nokre få veker på å vise at vi hadde rett.

Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) opnar no for storstilt nedbygging av matjord, td i Akershus, der IKEA skal få breie om seg 70 dekar med høgkvalitets matjord. I Trondheim vil ho la 1000 dekar blir bygd ned.

Listhaug seier at spørsmålet om jordvern må vegast opp mot «storsamfunnets behov». Denne såkalte landbruksministeren veg jordvern og matproduksjon opp mot møbel- og teppesal, og det siste vinn for «storsamfunnets» del. Kva er dette anna enn knefall for heilt andre krefter enn dei som vil byggje landet og tryggje matvareberedskapen for framtida? Og tener det eigentleg storsamfunnet?

I iveren etter å drive ein offensiv samferdselspolitikk, som i seg sjølv er veldig bra, tek regjeringa mange millionar frå næringsutviklingsmidlar i heile landet. Dei tek vekk pengar frå tunnelvedlikehald på veg for å finansiere vedlikehald på jarnbane.

Dei kuttar i viktige verkemiddel for at landbruket skal vera livskraftig landet rundt. Regjeringsskiftet ga nok veljarane ei etterlengta endring i statsrådsfjes, men eg trur ikkje at fleirtalet av innbyggjarane nødvendigvis ønskjer ein slik politikk som den mørkeblå regjeringa kjem til å valse fram med.

Ei storstilt sentralisering av kommunar, politi, tingrettar og nedbygging av landbruket og distriktsnæringar er i alle fall ikkje noko som tener framtida, viss ein då ikkje innbiller seg at alt viktig skjer i storbyane.

Når dette innlegget framstår som ein smule pessimistisk, er det verdt å minne om at realisme og pessimisme somtid høyrer saman. Det var fullt på sin plass at vi før valet åtvara mot ei ny regjering. Dessverre.

Nære valdsutøvarar

Alle har rett til eit liv utan vald, men ikkje alle slepp fri. Korleis skal ein kunne utvikle seg godt om ein lever i utrygge forhold der ein ikkje opplever teikn på kjærleik, men ofte teikn på det motsette?

Som stortingsrepresentant og medlem i justiskomiteen har eg fått jobbe med mange viktige saker. Ei av dei aller viktigaste er stortingsmeldinga om vald i nære relasjonar som Stortinget handsama før sommaren.

Vi menneske har ein ibuande trang til å utvikle oss, til å vera trygge, til å vera glad i nokon og til at nokon er glad i oss. Vi er sosiale skapningar, vi lever liva våre i relasjonar med andre. Vald i nære relasjonar er grove overtramp mot enkeltmenneske som får krenka grunnleggjande rettar.

Dessverre opplever altfor mange rundt i verda å bli utsette for vald og overgrep. Vi skulle gjerne ønskt oss at vi i det vi ser som eit moderne, sivilisert samfunn kunne seie: Sjå her, kor langt vi er komne. Vi skulle ønskt oss at det vi såg av vald i det norske samfunnet berre var etter­levningar av usivilisert framferd frå tidlegare tider. Men det er ikkje slik.

Begge kjønn blir utsette for vald i nære relasjonar, men særleg kvinner og ungar. Manglande likestilling og maktfordeling mellom kjønna blir ofte dratt opp som ei av årsakene. Det er rett nok. Men eg trur ikkje ein må gjera dette til eit spørsmål om likeløn eller stillingsprosentar.

Det er snakk om enkeltmenneske som utøver vald og som er offer for valden. Dei fleste av dei som utøver valden er sterkare fysisk enn offeret, har høgare testosteron-nivå og er meir aggressive. Mange av dei har opplevd vald i barndommen sjølv, og ser ut for å føre vidare uvesenet inn i eigne forhold.

Derfor må vi sjå på kva som kan få valdsutøvarar til å slutte med det. I stortingsmeldinga sa vi tydeleg at tilbodet om sinnemeistringskurs skal styrkast. Desse kursa har vist seg effektive, og fleire bør få hjelp.

Den raud-grøne regjeringa gjorde ein stor innsats for at færre skal bli offer for vald og overgrep. Som justisminister var Knut Storberget flink til å setje temaet på dagsorden. Med den nemnte stortingsmeldinga peika vi ut ei klår retning for arbeidet vidare.

Det er eit uttalt mål at helse- og omsorgstenesta, politiet og rettsvesenet betre skal kunne førebyggje vald, og at dei skal gje betre hjelp til dei som opplever og dei som blir utsette for vald. Når vi i meldinga skreiv «opplever», var det ein måte å inkludere også dei som ser og lever med valden, til dømes ungar som lever med frykt fordi dei veit at ein av foreldra når som helst kan gå laus på den andre.

Tidlegare vart omgrepet «vitne til vald» meir brukt. Omgrepet «oppleve vald» får betre fram at dette rammer hardt også dei som blir offer for valden utan sjølv å bli slått.

Planer, strategiar og stortings­meldingar er viktige, men det er den konkrete oppfølginga som tel når alt kjem til alt. Vi har dei siste åtte åra mellom anna oppretta stadig fleire barnehus, der overgreps­utsette ungar blir tekne langt betre vare på enn før. Vi har fått oppretta familievaldskoordinatorstillingar i politidistrikta, og politiet har vorte flinkare til å gripe fatt i vald i nære relasjonar. Det blir ikkje kalt husbråk lenger, det i seg sjølv er eit framsteg.

Aldri før har temaet vorte løfta så mykje fram, og det har aldri før vorte gjort så mykje konkret mot problemet. Det store håpet mitt no, er at den nye blå-blå regjeringa vil følgje opp dei viktige tiltaka vi sette i gang og dei tiltaka vi peika på stortingsmeldinga. Gjer dei det, vil forhåpentlegvis fleire i framtida vera trygge både utanfor og i heimen.

(Dette er ein omskriven versjon av eit innlegg eg har hatt på trykk i Klassekampen.)

Moralisme i legegjerninga

I dagens spørjetime måtte helseminister Bent Høie svara på mange spørsmål om at regjeringa vil lovfeste rett for fastlegar til å seie nei til å skrive ut p-piller og henvise til abort.

Det er ganske spesielt at regjeringa og helseministeren går inn for at legar ved større legekontor skal kunne reservere seg, medan legar i td små kommunar ikkje skal kunne gjera det. Det skal brukast skjønn for å sikre at ingen jenter skal få problem med dette.

Eg meiner ingen av legane skal ha reservasjonsrett, og vil peike på det absurde i at kommunane sjølv skal måtte bestemme dette. Tenk deg ein kommune som har problem med å få legar til å arbeide på legekontoret.

Den einaste søkaren krev å få reservasjonrett sjølv om det ikkje er andre legar der som kan bistå pasientane med desse tenestene. Seier kommunen då nei takk til legen og let innbyggjarane stå utan lege lokalt?

Og kva med situasjonen som oppstår når ei jente sit hos ein lege og ber om aborthenvisning, og vedkommane seier «sorry, du må bestille ny time til ein annan lege, for dette er eg mot». Det er jo ikkje sikkert jenta, når ho bestiller timen i første omgang, fortel resepsjonen kvifor ho vil ha timen. Då sit ho der, kanskje i ein veldig sårbar situasjon etter eit seksuelt overgrep, og møter ein lege som moraliserer i staden for å utøve legegjerninga si.

Det er ulike meiningar om dette i dei ulike partia, også i stortingsgruppa til Senterpartiet. Men representantane i Senterpartiet er fristilte når saka skal opp i Stortinget, i første omgang i form av eit representantframlegg frå SV mot reservasjonsretten.

Eg kjem til å stemme mot reservasjonsrett, fordi eg ønskjer at jenter uansett kor dei bur skal kunne kjenne seg trygge på at dei får det tilbodet dei treng og har krav på.