Landbruket og framtida vår

Eg oppfordrar deg til å gjera eit tankeeksperiment: Sjå for deg landet vårt som det er i dag med fjell og fjordar, vakre kulturlandskap, velstelte gardar og dyr som beiter. Tenk deg så at vi plukkar bort storparten av gardsbruka og gardbrukarane, og la det gå fem-ti år i tankane dine. Kva ser du då?

Eg ser i alle fall eit traurig syn, og det trur eg du gjer også. Det ville ha grodd att med or og kratt mange stader, folketalet i distrikta ville vorte kraftig redusert, vi hadde ikkje kunne kjøpe norskprodusert mat i butikkane og turistane ville funne seg andre reisemål.

Som stortingskandidat for Møre og Romsdal Senterparti vil kampen for å betre vilkåra for det norske landbruket vera ei av hovudsakene dei neste fire åra. Eg vil at vi også i framtida skal ha tilgang på trygg og god norsk mat. Også i framtida skal vi kunne gle oss over kulturlandskap som er skapt av gardbrukarar som steller med jorda og naturen utifrå den grunntanken at jorda ikkje er noko vi arvar av foreldra våre, men at vi låner den av framtidige generasjonar.

Landbruksnæringa skaper verdiar i heile fylket vårt, både i kraft av eigen aktivitet og sysselsetjing, men også i form av store ringverknader for andre næringar.

Landbruket bidreg dessutan sterkt til at tilreisande og vi som er fastbuande får store naturopplevingar. God og trygg mat og levande bygder føreset eit aktivt og berekraftig landbruk. Dét er verdt å kjempe for!

Raumabanen og reiselivssatsinga

5852 1198053753489 1292877880 30586637 7281099 s1

På måndag reiste Erik Lahnstein, som er statssekretær i Samferdselsdepartementet, og eg med kvar vår unge med toget til Åndalsnes. Rundt 50 000 andre kjem også til å reise med Raumabanen denne sommaren – og endå fleire burde gjera det.

Vi fire møttest på Dombås og reiste gjennom vakker natur ned til endestasjonen Åndalsnes. Landskapet på turen skiftar frå venlege jordbruksbygder og svale dalar til meir dramatisk natur med flotte fossar og ville fjell.

Ved Verma i Romsdalen er fjellsidene så bratte at toget må ta i bruk begge dalsidene for å koma seg velberga fram. Banen er der bygd slik at toget først gjer ein tur inn i Stavem vendetunnel for så å koma ut i motsett retning på eit spor nedanfor sporet på den øvre linja. Toget glir vidare forbi Verma stasjon og gjennom Kylling vendetunnel, og så over det imponerende byggverket Kylling bru. Deretter går turen nedover i retning fjorden igjen. Og så trer etterkvart Trollveggen frem som eit mektig skue.

Samferdelspolitikk handlar ikkje berre om at bilar skal koma seg fram, sjølv om dette er viktig nok i seg sjølv. Å kombinere satsingar på samferdsel og reiseliv er spennande utviklingsarbeid, og der kan statlege myndigheter bidra. Dei nasjonale turistvegane er gode døme. I Møre og Romsdal har vi både Atlanterhavsvegen og Trollstigen.

Raumabanen er den tredje store satsinga i fylket der samferdsel og reiseliv går saman i ei høgare eining, om ein skal ta slike ord i bruk. Denne banen imponerer fleire og fleire tilreisande. Dei strøymer til frå cruiseskip og bussar, og ringverknadene for næringslivet er aukande.

Lesaren har vel gjennomskoda for lengst at eg er stolt over Raumabanen og at eg håpar mange har lyst til å oppleva ein spennande togtur gjennom flott natur på her på Nordvestlandet.

God tur!

Farleg fart

Alle menneske gjer feil i trafikken, men somme køyrer fortare og farlegare enn andre – og med vilje. Menneske som slik utset andre for å bli drept eller hardt skadd i trafikken, må stoppast. Derfor er det betenkeleg når Bård Hoksrud frå Frp blankt avviser gjennomsnittsmåling av fart som eit nyttig verkemiddel for å redde livet til uskuldige trafikantar.

Personvern eller vern av liv?

Dette er på sett og vis ei absurd motsetning, men likevel: Bård Hoksrud meiner gjennomsnittsmåling av fart strir så gale mot omsynet til personvernet at vi ikkje kan ta det i bruk. Dette er eit pussig standpunkt. Til og med Datatilsynet godtek denne nye forma for fartskontroll. Dei meiner at gjennomsnittsmåling kan vera tvilsamt i høve personvernet, fordi alle bilar blir tekne bilete av når dei passerer dei to kameraboksane. Datatilsynet godtek likevel dette fordi bileta av alle dei som ikkje køyrer for fort automatisk vil bli sletta berre få sekund etter at bilane har passert.

Skremmande

Det er skremmande å sjå videoar som unge råkøyrarar har teke under villmannskøyring i tunnelar, eller å lesa om alvorlege ulukker som skuldast høg fart der menneske i fleire bilar blir ramma.

Dei fleste av oss trur det ikkje kan hende oss. Men det kan det. I møte med nokon som kjem fykande i 160 km/t og som mistar kontrollen, kan det skje kven som helst. Det kan vera ein familie på veg til hytta. Det kan vera ei glad jente på 22 år som har vore på jobbintervju og som har fått vita at ho kan begynne i ny jobb på måndag. Og alltid er det mange fleire enn dei som døyr som blir ramma – alle dei som mistar sine.

I fjor sommar var ulukkestala særleg høge, og diskusjonane var mange om korleis vi skal sørgje for at færre døyr i trafikken. Skytset vart retta mot vegstandarden – mot for dårleg asfalt og krappe svingar.

Sjølv om det er rett at vi no satsar mykje meir på å ruste opp vegane, er det dessverre ikkje så enkelt. Kvar og ein av oss som køyrer bil må ta ansvar også for liva til andre menneske. Og når ein del gir blaffen i dette, må vi gjennomføre tiltak som førebyggjer ulukker på grunn av uvettig køyring.

Betre effekt

Vi veit at dei automatiske trafikkontrollane på særleg ulukkesbelasta punkt langs vegane våre reduserer talet på alvorlege ulukker der. Og Statens Vegvesen seier tydeleg at det neste steget – gjennomsnittsmåling av fart – vil gje endå betre effekt. Frå no i juli blir denne forma for fartskontroll teke i bruk på to stader i landet, mellom anna i Telemark der Hoksrud kjem frå.

Personvern er viktig, men det er fullt mogleg å finne praktiske løysingar som tek omsyn til personvernet, samstundes som vi vernar folk mot å bli drepne i trafikken. Dei fotoboksane vi kjenner til frå før reduserer farten på farlege punkt langs vegane. Kamera som måler gjennomsnittsfart vil kunne nyttast der høg fart er eit problem på heile strekningar. Tunnelar er særs relevante i så måte. Det handlar trass alt om å berge liv.

Blinde eller feige?

Mobbing som tema kjem frå tid til anna på framsida av avisene med feite typar. Debattar om kva vi skal gjera for å unngå at ungar og ungdom blir plaga døyr likevel dessverre raskt ut. Gjer vi nok, eller er vi som samfunn og enkeltmenneske blinde eller feige?

Eg seier ikkje at det er enkelt å oppdage at nokon blir mobba. Mobbarane er gjerne flinke til å skjule det dei seier og gjer. Men dersom vi i tankane vandrar tilbake til tida på barne- og ungdomsskulen, hugsar dei fleste av oss nokon vi visste var mobbarar og kven som vart mobba.

Kvifor visste vi det då? Jo, fordi vi visste at somme var kunne vera intenst jævlige, fordi dei gjorde vondskapsfulle ting mot andre ofte, og fordi det var enkelte medelevar dette gjekk særleg utover.

Eg hugsar at eg sverga på at eg ikkje skulle godta at ungar mishandla andre ungar på slike måtar då eg vart vaksen. No har eg ikkje ein jobb som set meg i vanskelege situasjonar der eg må tolke om noko er mobbing eller ikkje. Men eg blir skremt når eg les om rektorar og lærarar som uttalar at “det finst ikkje mobbing på vår skule” når ei mobbesak kjem i media.

Dette er tøv frå ende til annan. All statistikk viser at det finst mobbarar og mobbeoffer på alle skular – kanskje bortsett frå dei skulane der det er svært få elevar. Men verken mindre eller større skular er mobbefrie soner.

Vi som er meir eller mindre vaksne har eit ansvar. Eit ansvar for å sørgje for at flest mogleg veks opp til å bli trygge og glade. Ein blir ikkje trygg eller glad av å bli mobba. Vi har også eit ansvar for å lære ungar korleis dei skal behandle medmenneske godt. Ungar lærer seg ikkje dette dersom dei får ture fram som dei vil mot andre i skuleåra.

Eg ønskjer meg eit samfunn som tek mobbing på alvor. Vaksne må tore å innsjå at somme ungar er vondskapsfulle mot andre og at dette må stoppast. Mange som arbeider på barnehagar og skular gjer ein god jobb mot mobbing, men mange er også blinde – og feige.

Det treng ikkje å halde fram slik. Vi kan bruke den kunnskapen som er tilgjengeleg om temaet mobbing og bruke tid og ressursar på å arbeide målretta mot problemet. Både som foreldre, naboar og lærarar kan vi ta eit ansvar. Og vi kan seie klårt frå om at vi ikkje godtek at vaksne fornektar at mobbing skjer.