Viser arkivet for januar, 2016

Telefon til glede og uhygge

Sjølvsagt er det eit framsteg at vi har mobiltelefonen. Vi kan ringje etter hjelp viss vi under ein skogstur blir angripne av bjørn, eller viss vi vinterstid køyrer oss ut i grøfta på ein aude stad.

Men mobiltelefonen inneber jammen meg nokre tilbakesteg også. Eg skal utlevere meg sjølv og bruke min stressande kvardag som døme.

Akkurat då eg hadde skrive tittelen til denne teksten, tikka det inn ei tekstmelding, som eit talande samantreff. Klokka er halv åtte ein kvardagskveld, og det avsendaren avkrev svar på, er kva vi politikarar kan gjera med ei sak som eg veit at vi politikarar ikkje kan gjera noko som helst med.

Slike spørsmål er det mange av, og det er ein del av demokratiet vårt at vi politikarar må svara på slikt. Derfor skal eg svara høfleg på meldinga.

Eg er likevel ikkje fullt så sikker på om det er ein naturleg del av demokratiet at vi må svara på slikt klokka halv tolv ein laurdagskveld, klokka åtte ein søndagsmorgon, og heller ikkje på julekvelden, nyttårskvelden eller på ein langfredag. Men det er utruleg kor mange personar der ute som kjem på å ta kontakt på ukristelege tider på døgnet og på heilagdagar.

Og det er då mobiltelefonen går frå å vera framsteg til tilbakesteg. Det er jo ingen sperre på mobiltelefonane våre som sørgjer for at vi overheld normal folkeskikk.

Jau då, dette er eit ordentleg i-landsproblem, og det er kanskje feil å bruke spalteplass til å klage over dette problemet. Likevel, eg har ei historie som illustrerer at somme ikkje heilt evnar å forstå mottakaren sin situasjon i den iveren dei sjølv har for å få fram bodskapen sin.

Eg vekependlar mellom Surnadal og Oslo/Stortinget, og det tek ofte fem-seks timar kvar veg inkludert køyring, ferjer, fly, flytog og så vidare. Ein gong eg skulle heim frå Oslo og reiste om Værnes, var det ein kar som veldig intenst ville ha ein prat om noko han var oppteken av; vegstandard og trafikksikkerheit.

For at eg skulle rekkje flyet denne tidlege fredagskvelden, ba eg han ringje meg oppatt etter at flyet hadde landa. Han ringte med det same eg hadde starta bilen. I og med at eg hadde handsfree og godt over to timar att å køyre, passa det for så vidt greitt å ta samtalen då.

Dette var i januar. Det var nokre få plussgradar då eg køyrte frå flyplassen, men det oppstod eit problem nokre få mil seinare: nemleg underkjølt regn. Altså livsfarleg glatt utan at isen såg ut som is, og eg mista kontrollen på bilen i 90 km/timen på motorvegen.

Han karen hadde jabba i eitt sett sidan eg tok telefonen, men då bilen begynte å segle ned den lange bakken, måtte eg få han til å halde stilt slik at eg fekk konsentrere meg om å få bilen på rett kjøl igjen. Eg kunne ikkje sleppe rattet for å slå av telefonen, så eg sa: «Eg har mista kontrollen på bilen, du må vera stille no.»

Karen svarte: «Det er ikkje noko problem, eg kan tala likevel eg.» Så heldt han fram, og eg sa, lite diplomatisk: «Nei, hald kjeft, eg må få kontroll her.» Då heldt karen munn, og eg fekk manøvrert og etter kvart stoppa bilen utan at det vart ei skramme på han.

«Takk og pris, det gjekk bra», sa eg letta til meg sjølv, noko som førte til at karen, som enno var på tråden, sa: «Å ja, då kan eg fortsetje.» Så gjorde han nettopp det: han heldt fram, og han jabba og jabba, medan eg himla med augene og tenkte mitt og køyrte vidare mot heim og helg.

No på nyttårskvelden fekk eg telefon frå ein som ringte tre-fire gongar før han la att talemelding og i tillegg sendte tekstmelding. Temaet var politireforma. Dette er jo eit viktig tema, men på nyttårskvelden? Eg hadde denne gongen gjort noko så uhøyrt som å leggje att mobiltelefonen heime for så å dra på hytta, så eg fekk ikkje sett dei ivrige oppringingane før første nyttårsdag. Resultatet er ikkje at eg blir imponert over iveren, eg blir rett og slett litt stressa og sur av det.

Eg ser sonen min så sjeldan at eg kjenner eit visst behov for kontakt med han i ro og fred. Sjølv om vi som sit på tinget skal tene folket, er vi berre menneske vi også. Og eg trur ikkje landet vårt blir styrt noko betre dersom det berre blir rekruttert folk som meiner dei skal vera like disponible for veljarane på langfredag og nyttårskveld som for familien sin.

Det same gjeld for andre yrkesgrupper, dei fleste gjer nok ein best jobb om det er eit klårt og greitt skilje mellom kva som er arbeid og kva som er fritid.

Så ja, telefonen er både til nytte og uhygge. Han er eit nyttig arbeidsverktøy, og vi kan vera sosiale med han. Men det vi treng av fritid og privat hygge saman med dei som står oss nærast, kan vera vanskeleg å oppnå når den same telefonen er like aktiv på ørk og helg.

Kva er løysinga? Eg kan jo leggje frå meg telefonen for å sleppe å bli forstyrra. Men den same telefonen skal familie og vener også nå meg på, så då blir eg utilsikta utilgjengeleg for dei. Eg har tru på fornya folkeskikk og køyrereglar for telefonbruk. Viss fleire tenkjer over og endrar mobilbruken sin, blir problemet mindre – og framsteget med å ha mobiltelefon større.

(Dette innlegget er også publisert på Panorama, nettsida til Høgskulen i Molde, http://panorama.himolde.no/2016/01/08/telefon-til-glede-og-uhygge/)