Viser arkivet for juni, 2014

Vi stemmer mot omskjering

Temaet omskjering av små gutar har engasjert meg lenge, og eg har delteke i utalige debattar om dette. Mange av dei med Bent Høie, no som helseminister og tidlegare som leiar av Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Noko av det som plagar meg, er uviljen både frå helseministeren og mange andre til å diskutere om det er prinsipielt rett at småungar skal bli utsette for ein operasjon som går ut på å fjerne ein funksjonell og beskyttande del av eit friskt kjønnsorgan utan at ungen har høve til verken å samtykke eller nekte.

Små ungar kan ikkje beskytte seg sjølv mot fysiske overgrep, og nettopp derfor er det så viktig at vi som vaksne og som samfunn vernar dei mot truslar. Eg meiner klårt at det å bli utsett for omskjering er ein type overgrep, sjølv om eg ikkje trur at årsaka til at det blir utført er å gjera skade.

Når folk trur på ein religion og påbod om det eine og det andre, følgjer dei vel desse religiøse boda for å oppfylle viljen til ei høgare makt. Det er vel og bra så lenge som det ikkje går utover nokon, så lenge som ikkje andre må li som følgje av religiøse handlingar og ritual.

Når det gjeld omskjering, har grensa vorte passert for kva som er greitt av konsekvensar for andre menneske av religiøse handlingar. I fleire andre land er det heldigvis mange som meiner det same, og det er stadig fleire som argumenterer og arbeider for å få sett ei nedre aldersgrense for ikkje medisinsk begrunna omskjering av gutar.

Eg meiner denne aldersgrensa må vera 18 år, same aldersgrensa som det er for å køyre bil, drikke alkohol, og ta brystforstørrande operasjonar for den del. Dette er eit val som vil ha store konsekvensar for den enkelte, derfor fortener gutane å få velje sjølv når dei er myndige.

Eit merkverdig argument mot ei aldersgrense for dette inngrepet er at ikkje noko anna land har innført det før. Eit kvart framskritt har skjedd fordi nokon har gjort noko som ingen andre har gjort før. Det ligg i ordet. Ein tek eit skritt framover, og nokon må begynne.

Noreg er eit føregangsland kva gjeld å setje rettigheitene til ungar først, og det kan vi vera i denne saka også. Då må vi ikkje legitimere inngrepet omskjering av småungar ved å gjera det til eit offentleg tilbod.

Også i dei andre landa der temaet omskjering av gutar blir diskutert, blir det brukt som argument mot ei aldersgrense at noko slikt ikkje finst i andre land. Det at Noreg går framom, vil såleis kunne føre til at andre land raskt kjem etter. Dette er eg for min eigen del ikkje i tvil om.

Saman med Heidi Greni og Anne Tingelstad Wøien har eg fremja eit framlegg om å innføre ei nedre aldersgrense for ikkje medisinsk begrunna omskjering av gutar. Heldigvis er det fleire i Senterpartiet som meiner det same og som står for det. Også nokre få i andre parti tør å stå for dette standpunktet offentleg.

I kveld stemmer vi i alle fall mot omskjering. Sjølv om eg veit at vi er langt unna å få fleirtal, er eg er spent på kor mange det blir.

(Dette er ein lett redigert versjon av innlegget som eg heldt i debatten i Stortinget i dag om omskjering av gutar: innstilling frå helse- og omsorgskomiteen om lov om rituell omskjering av gutar, Innst. 290L (2013-2014), jf Prop. 86L.)

Luktesans og prøvekaninar

Eg fann ein pølsepakke med “siste forbruksdato 13. mai” i kjøleskåpet tidlegare i kveld. I og med at eg meiner luktesansen er viktigare enn å kunne å lesa når det gjeld å vurdere om mat er etande, vart kveldsmaten steikt pølse og egg.

Eg lever i beste velgåande endå. Som då eg åt yoghurt med utløpsdato 8 månader tidlegare, det gjekk godt det også. Einaste gongen eg har angra, var då eg åt surkål som var utgått på dato fire år tidlegare. Det førte nok til luktplager for folk rundt meg i eit område på nokre kvadratkilometers radius.

Sjølv om akkurat den surkålen burde gått i søpla, blir altfor mykje mat kasta. Det er rekna på dette, og visstnok kastar kvar nordmann over 10 kg brød og 12 kg frukt og grønsaker kvart år. Tilsaman hivar vi 255.000 tonn mat årleg.

Dette er jo ein skam i ei verd der mange svelt, og der sytete nordmenn meiner dei må over grensa til Sverige for å få kjøpt mat dei har råd til.

I tillegg til dei tala eg presenterte ovanfor, blir det kasta mat i landbruket, industrien, butikkane og i storhusholdningane. Vi bør vel begynne å bruke hovudet og nasen oftare, så blir det mindre matsøppel.

Til det med over åtte månaders gamal yoghurt: Slike eksperiment gjer eg sjølvsagt ikkje overfor gjestar. Det er berre den næraste familien som eventuelt heilt uvitande får vera prøvekaninar på om luktesansen min er god nok.

Ingen av dei har vorte matforgifta endå. (Bank i bordet).

Hurtigsporet

For å koma kriminalitet til livs, er ein avhengig av å ha system som gjer at ein kan bekjempe kriminalitet effektivt. Eit hurtigspor i domstolane til gje raskare straffesakshandsaming.

Samfunnet endrar seg stadig. Kriminaliteten endrar seg, men også kven som utfører lovbrota. Folk reiser mer. Frie grensepasseringar medfører at dei som ikkje kjem til Noreg på ferie eller for å jobbe, men for å livnære seg på kriminalitet, også slepp lett inn.

Stadig høyrer vi i media om at kriminelle blir sleppte ut på gata etter å ha hatt ein snarvisitt i politiarresten. Dei forsvinn, og mange av desse er personar utan fast opphaldsstad som beveger seg rundt i samfunnet utan at myndigheitene har kontroll på dei.

Korleis kan vi gjera noko med denne situasjonen? Jo, vi må få ei meir effektiv strafferettspleie. Situasjonen har endra seg mykje dei siste åra. Ei løysing eg tek til orde for, er å etablere eit hurtigspor i dagens domstolssystem.

Høve til hurtighandsaming har vi i dei tilfella kor den sikta erkjenner dei faktiske forholda, men dette er ikkje så ofte. Dette fører gjerne til at ein må vente svært lenge på at saka kjem opp i retten.

Eg ser for meg ei ordning der politiet og domstolane i større grad samhandlar. Det er mogleg med ei effektiv straffesakshandsaming medan den sikta sit pågripen. Dette vil vera både i den siktas og samfunnets interesse at dette går raskt.

Dette bør vera aktuelt for lovbrot av mindre alvorleg karakter, typisk narkotika- og vinningskriminalitet. Slik situasjonen er i dag, er det mange slike lovbrot som ikkje er alvorlege nok til at påtalemyndigheita vel å varetektsfengsle gjerningspersonane fram til hovudforhandling, sjølv om unndragingsfaren er overhengjande.

Førstegangs overtreding av eit mindre alvorleg narkotikalovbrot blir ofte berre straffa med betinga fengsel. Dette har som konsekvens at lovbrytarane blir lauslatne, at dei unndreg seg straffeforfølging, og at det blir skapt eit lovtomt rom. Dette er ein situasjon vi må motverke.

For Oslo politidistrikt har dette vore eit stort problem dei siste åra. Dei har i lengre tid gjort mykje for å bekjempe openlys narkotikaomsetnad i sentrum. For å få bukt med dette problemet er det å få fjerna dei som står for lovbrota heilt sentralt, noko som inneber at straffesakene må blir avgjorte raskt.

Desse aktuelle sakene er ofte ferdig etterforska på gjerningsstaden. Eit døme: dersom politiet tek ein narkotikaseljar med stoff på seg på Oslo S, skal det normalt ikkje mykje etterforsking til for å oppklåre denne saka i seg sjølv. Det same gjeld enkelte typar vinningskriminalitet, der gjerningsmannen blir observert under handlinga, og tatt med utbytte frå den straffbare handlinga på seg.

Det optimale ville vore om politiet dagen etter kunne køyre den sikta til Oslo tingrett, at ein kunne få gjennomført hovudforhandling, at dommen kunne bli forkynt, fullbyrda og effektuert (føresett at vedkomande ikkje ankar), samt at ein kunne få gjennomført eventuell uttransportering og utvising frå landet. I staden er det slik at ein i dag må vente minst 3 månader på hovudforhandlinga.

Eg vil understreke at grunnleggjande rettstryggleiksideal sjølvsagt skal liggje til grunn. Alle som er part i ein rettsprosess skal føle at dei blir ivaretekne. Men det treng ikkje vera nokon motsetnad mellom effektivitet og rettstryggleik.

(Dette er ein redigert versjon av eit innlegg eg hadde på trykk i Klassekampen i mai 2014)