Viser arkivet for mars, 2014

Å stille klokka er noko herk

Eg tek til å bli sur allereie. For i natt mistar vi ein time som vi må vente eit halvt år på å få tilbake. Dette uskikken med å stille klokka to gongar i året bør det snart bli slutt på.

Eg har misbrukt sjansen som stortingsrepresentant til å stille spørsmål i spørjetimen til to klokke-ansvarlege statsrådar om dei ikkje har tenkt å gjera noko med dette. Det er næringsministeren som har med tida og klokka å gjera, av ein eller annan grunn.

Eg spurte Trond Giske for nokre få år sidan, og sist onsdag spurte eg noverande næringsminister Monica Mæland. Ok, dette handlar ikkje om krig og fred eller liv og død, i alle fall ikkje direkte. Bortsett frå at det faktisk er påvist fleire hjarteinfarkt og biluhell enn elles dagane etter at vi stiller klokka om våren. På hausten får vi ein time ekstra, og det er naturleg nok lettare for kroppen å handtere enn å miste ein time.

Det er eit stressmoment for mange, og mykje surr skjer når folk tek feil av tida kvar gong klokka skal stillast. Og somme må ta livsviktig medisin til same tid kvar dag.

Verken Giske eller Mæland tente på ideen om å gjera noko med dette. Eg har oppmoda dei til å ta initiativ overfor EU til å endre det EU-direktivet som regulerer tidsinnstillinga i området, eit direktiv som også vi i Noreg må forhalde oss til.

Sjølvsagt er det ein fordel at heile Europa har same praksis. Men det beste er om heile EU har ein fornuftig praksis. Det mest fornuftige etter mi meining er at det er same tid heile året. Om dette skal vera normaltid/vintertid eller sommartid er ikkje det viktigaste.

Det er imidlertid ein openbar fordel med det vi no kaller sommartid heile året, nemleg at ettermiddagane seinhaustes og vinterstid blir lysare ein time lenger. Det ville vore kjekt om ein kunne koma seg ut på tur i dagslys etter skule og arbeid ein større del av året enn no.

På TV2-nyheitene der dei sendte eit intervju med meg nettopp, såg eg at det vart framstilt som om heile Senterpartiet går for dette. Nei då, det er berre eg som har fått for meg at eg vil prøve å få gjort noko. I og med at verken næringsministrar eller resten av politikarstanden tykkjer dette er særleg til sak, må eg vel innfinne meg med at det kjem til å lakke og li før praksisen kan bli endra.

I mellomtida får eg halde fram med å gnåle surt om dette to gongar i året. I alle fall kvar vår.