Viser arkivet for november, 2013

Skremselspropaganda?

Det er skrekkeleg korleis det som i valkampen vart omtalt som skremselspropaganda frå oss raud-grøne har vist seg å stemme. Vi i Senterpartiet åtvara velgjarane mot at ei blå regjering ville svekkje landbruket, byggje ned matjord og drive ein distriktsfiendtleg politikk. Høgre og Frp trong berre nokre få veker på å vise at vi hadde rett.

Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) opnar no for storstilt nedbygging av matjord, td i Akershus, der IKEA skal få breie om seg 70 dekar med høgkvalitets matjord. I Trondheim vil ho la 1000 dekar blir bygd ned.

Listhaug seier at spørsmålet om jordvern må vegast opp mot «storsamfunnets behov». Denne såkalte landbruksministeren veg jordvern og matproduksjon opp mot møbel- og teppesal, og det siste vinn for «storsamfunnets» del. Kva er dette anna enn knefall for heilt andre krefter enn dei som vil byggje landet og tryggje matvareberedskapen for framtida? Og tener det eigentleg storsamfunnet?

I iveren etter å drive ein offensiv samferdselspolitikk, som i seg sjølv er veldig bra, tek regjeringa mange millionar frå næringsutviklingsmidlar i heile landet. Dei tek vekk pengar frå tunnelvedlikehald på veg for å finansiere vedlikehald på jarnbane.

Dei kuttar i viktige verkemiddel for at landbruket skal vera livskraftig landet rundt. Regjeringsskiftet ga nok veljarane ei etterlengta endring i statsrådsfjes, men eg trur ikkje at fleirtalet av innbyggjarane nødvendigvis ønskjer ein slik politikk som den mørkeblå regjeringa kjem til å valse fram med.

Ei storstilt sentralisering av kommunar, politi, tingrettar og nedbygging av landbruket og distriktsnæringar er i alle fall ikkje noko som tener framtida, viss ein då ikkje innbiller seg at alt viktig skjer i storbyane.

Når dette innlegget framstår som ein smule pessimistisk, er det verdt å minne om at realisme og pessimisme somtid høyrer saman. Det var fullt på sin plass at vi før valet åtvara mot ei ny regjering. Dessverre.

Nære valdsutøvarar

Alle har rett til eit liv utan vald, men ikkje alle slepp fri. Korleis skal ein kunne utvikle seg godt om ein lever i utrygge forhold der ein ikkje opplever teikn på kjærleik, men ofte teikn på det motsette?

Som stortingsrepresentant og medlem i justiskomiteen har eg fått jobbe med mange viktige saker. Ei av dei aller viktigaste er stortingsmeldinga om vald i nære relasjonar som Stortinget handsama før sommaren.

Vi menneske har ein ibuande trang til å utvikle oss, til å vera trygge, til å vera glad i nokon og til at nokon er glad i oss. Vi er sosiale skapningar, vi lever liva våre i relasjonar med andre. Vald i nære relasjonar er grove overtramp mot enkeltmenneske som får krenka grunnleggjande rettar.

Dessverre opplever altfor mange rundt i verda å bli utsette for vald og overgrep. Vi skulle gjerne ønskt oss at vi i det vi ser som eit moderne, sivilisert samfunn kunne seie: Sjå her, kor langt vi er komne. Vi skulle ønskt oss at det vi såg av vald i det norske samfunnet berre var etter­levningar av usivilisert framferd frå tidlegare tider. Men det er ikkje slik.

Begge kjønn blir utsette for vald i nære relasjonar, men særleg kvinner og ungar. Manglande likestilling og maktfordeling mellom kjønna blir ofte dratt opp som ei av årsakene. Det er rett nok. Men eg trur ikkje ein må gjera dette til eit spørsmål om likeløn eller stillingsprosentar.

Det er snakk om enkeltmenneske som utøver vald og som er offer for valden. Dei fleste av dei som utøver valden er sterkare fysisk enn offeret, har høgare testosteron-nivå og er meir aggressive. Mange av dei har opplevd vald i barndommen sjølv, og ser ut for å føre vidare uvesenet inn i eigne forhold.

Derfor må vi sjå på kva som kan få valdsutøvarar til å slutte med det. I stortingsmeldinga sa vi tydeleg at tilbodet om sinnemeistringskurs skal styrkast. Desse kursa har vist seg effektive, og fleire bør få hjelp.

Den raud-grøne regjeringa gjorde ein stor innsats for at færre skal bli offer for vald og overgrep. Som justisminister var Knut Storberget flink til å setje temaet på dagsorden. Med den nemnte stortingsmeldinga peika vi ut ei klår retning for arbeidet vidare.

Det er eit uttalt mål at helse- og omsorgstenesta, politiet og rettsvesenet betre skal kunne førebyggje vald, og at dei skal gje betre hjelp til dei som opplever og dei som blir utsette for vald. Når vi i meldinga skreiv «opplever», var det ein måte å inkludere også dei som ser og lever med valden, til dømes ungar som lever med frykt fordi dei veit at ein av foreldra når som helst kan gå laus på den andre.

Tidlegare vart omgrepet «vitne til vald» meir brukt. Omgrepet «oppleve vald» får betre fram at dette rammer hardt også dei som blir offer for valden utan sjølv å bli slått.

Planer, strategiar og stortings­meldingar er viktige, men det er den konkrete oppfølginga som tel når alt kjem til alt. Vi har dei siste åtte åra mellom anna oppretta stadig fleire barnehus, der overgreps­utsette ungar blir tekne langt betre vare på enn før. Vi har fått oppretta familievaldskoordinatorstillingar i politidistrikta, og politiet har vorte flinkare til å gripe fatt i vald i nære relasjonar. Det blir ikkje kalt husbråk lenger, det i seg sjølv er eit framsteg.

Aldri før har temaet vorte løfta så mykje fram, og det har aldri før vorte gjort så mykje konkret mot problemet. Det store håpet mitt no, er at den nye blå-blå regjeringa vil følgje opp dei viktige tiltaka vi sette i gang og dei tiltaka vi peika på stortingsmeldinga. Gjer dei det, vil forhåpentlegvis fleire i framtida vera trygge både utanfor og i heimen.

(Dette er ein omskriven versjon av eit innlegg eg har hatt på trykk i Klassekampen.)

Moralisme i legegjerninga

I dagens spørjetime måtte helseminister Bent Høie svara på mange spørsmål om at regjeringa vil lovfeste rett for fastlegar til å seie nei til å skrive ut p-piller og henvise til abort.

Det er ganske spesielt at regjeringa og helseministeren går inn for at legar ved større legekontor skal kunne reservere seg, medan legar i td små kommunar ikkje skal kunne gjera det. Det skal brukast skjønn for å sikre at ingen jenter skal få problem med dette.

Eg meiner ingen av legane skal ha reservasjonsrett, og vil peike på det absurde i at kommunane sjølv skal måtte bestemme dette. Tenk deg ein kommune som har problem med å få legar til å arbeide på legekontoret.

Den einaste søkaren krev å få reservasjonrett sjølv om det ikkje er andre legar der som kan bistå pasientane med desse tenestene. Seier kommunen då nei takk til legen og let innbyggjarane stå utan lege lokalt?

Og kva med situasjonen som oppstår når ei jente sit hos ein lege og ber om aborthenvisning, og vedkommane seier «sorry, du må bestille ny time til ein annan lege, for dette er eg mot». Det er jo ikkje sikkert jenta, når ho bestiller timen i første omgang, fortel resepsjonen kvifor ho vil ha timen. Då sit ho der, kanskje i ein veldig sårbar situasjon etter eit seksuelt overgrep, og møter ein lege som moraliserer i staden for å utøve legegjerninga si.

Det er ulike meiningar om dette i dei ulike partia, også i stortingsgruppa til Senterpartiet. Men representantane i Senterpartiet er fristilte når saka skal opp i Stortinget, i første omgang i form av eit representantframlegg frå SV mot reservasjonsretten.

Eg kjem til å stemme mot reservasjonsrett, fordi eg ønskjer at jenter uansett kor dei bur skal kunne kjenne seg trygge på at dei får det tilbodet dei treng og har krav på.