Viser arkivet for oktober, 2013

Politiet som god forsikring

(Innlegget mitt i trontaledebatten 22.10.2013, lett redigert)

Eg vil snakke om politiet her i dag. Eg har hatt gleda av å vere medlem av justiskomiteen i fire år og skal fortsetje der. Vi veit alle saman at politiet er dyrt, men det er ei veldig god forsikring og er vel verdt å bruke pengar på.

Vi har ei ny regjering no, og vi er alle saman ivrige etter å sjå kva som skjer, kva for område det blir brukt pengar på, kva det blir satsa på. Eg har håp om at politiet og justisfeltet elles skal vere eitt av dei. Men det er ikkje nok berre «å satse på» – spørsmålet er òg korleis ein gjer det, kva ein legg i det ein skal gjera.

Formuleringa i regjeringserklæringa er at «det nye nærpolitiet», som det blir kalla, skal vere «operativt, synlig og tilgjengelig». Men dessverre er det slik at det med dette blir meint vakt- og patruljeteneste som fer rundt i politibilar og er synlege på det viset. Dessverre er det ofte dette det kokar ned til når vi begynner å spørje kva det betyr at politiet skal vere synleg og tilgjengeleg framover.

Eg skulle ein gong i ein debatt på «Her og Nå», og da skulle eg ta det på telefon heimafrå. Guten min på elleve år spurde kva eg skulle snakke om, og eg fortalde at det var om nærpolitiet. Så seier han: Mamma, når eg høyrer ordet «nærpoliti», så tenkjer eg på han Per Politi.

Da var det ein politimann som bur i nabolaget han tenkte på. Han såg for seg han. Vi kallar han faktisk Per Politi. Eigentleg er det akkurat dette det dreier seg om. Det handlar om at barn og ungdom som veks opp, ser for seg nokre ansikt når dei tenkjer på politiet, og at politiet kjenner dei.

Det handlar om at politiet må vere spreidd ut over heile landet. Det eg er redd for no, er at det skal bli ei massiv samanslåing av politidistrikt og lensmannskontor, som gjer at politiet ikkje blir spreidd ut over heile landet.

Eg nemnde at det er dyrt, men det er ei god forsikring, og den skal vi ta oss råd til. Alle skal kunne vere trygge.

Albert Einstein sa at det ikkje er alt som tel som kan teljast, og det er heller ikkje alt som kan teljast som tel. Når det gjeld den førebyggande delen og det som politiet driv med, er akkurat dette eit godt sitat å ta med seg.

Førebygging er det lett ikkje å sjå verdien av, viss ein skal begynne å sjå på rubrikkar og tal, men det handlar i høgste grad om at politiet skal vere nær andre aktørar som arbeider med barn; barnevernet, skulen, helsevesenet osb., for nettopp å kunne førebyggje. Det krev eit lokalt politi, og det krev politi i heile landet.

Det eg håpar at den nye regjeringa skal gjere, er kanskje allereie no å endre meining om kva dei vil med politiet framover og ikkje gå inn for massive samanslåingar, fordi dette dessverre fører til at desse “Per Politi-folka” ikkje kjem til å finnest i mange lokalsamfunn framover.

Godt for noko

Eg har eit år bak meg med telefonintervju på toalettet, og golv som har vorte skøytebane ved golvvask. Valår, provisorisk bustad og stadig forseinka husbygging er ein dårleg kombinasjon. Men regjeringsskiftet viser seg å ha gjort meg godt. Ingenting så gale at det ikkje er godt for noko.

I dag rusla den nye regjeringa ut på slottsplassen, etter ein månad med hektiske sonderingar, forhandlingar og personkabalar som skulle leggjast. Vi raud-grøne har naturleg nok blanda kjensler til dette regjeringsskiftet. Vi har styrt landet i åtte år no, og har etter mi klåre meining hatt ei god retning på politikken.

Landet har klart seg godt gjennom vonde tider, til forskjell frå mange andre land i Europa. Slikt blir ikkje av seg sjølv, og vi er sjølvsagt spente på om resultata av dette arbeidet står seg, eller om den nye regjeringa og det nye stortingsfleirtalet vil føre landet og innbyggjarane inn i ein verre situasjon framover. Den som lever får sjå.

I mellomtida må eg likevel innrømme at regjeringsskiftet har vore godt for noko. Etter eit hektisk valår og ein endå meir hektisk valkamp, etter eit år med husbygging og mykje stress knytt til dette, er det absolutt ikkje til å forakte at det vart færre møtedagar i Oslo i oktober enn eg trudde.

Sjølv om det er aldri så kjekt å vera på møte og arbeide på eit kontor bak tjukke murar i hovudstaden, er det verkeleg kjekt å få lande litt heime også.

Vi har budd så provisorisk det siste året at eg har måtta halde meg på éin plass i sofaen i den gamle kårenden vi budde i for å ha nettilgang. I den sofaen har sonen og kjærasten min også oppheldt seg mykje, og eg har hatt ein smule problem med å konsentrere meg.

Eg har måtta halde meg på toalettet for å ta avis- og radiointervju per telefon, for det har vore einaste staden med både grei mobildekning og minst risiko for å bli forstyrra. På det toalettet – og i dei fleste romma for øvrig – var golvet iskaldt, så eg måtte gå med tre par med tjukke lestar på føtene for å halde ut.

Det høyrer med til historia at det ofte ikkje gjekk an å vaske ganggolva i vinter, fordi vatnet fraus til is og gjorde om golva til skøytebane. Ein av dagane eg fraus som verst køyrte eg desperat til butikken og kjøpte meg ull- og fleeceklede til 4000 kroner. Og eg gjekk somtid med panneband og buff inne.

Så når vi i slutten av september ENDELEG fekk flytte inn i det nye huset med golvvarme, god nettilgang, kontor og oppvaskmaskin, var det som å koma til himmelen. Eg har kvidd meg til å måtte begynne å reise masse til Oslo igjen berre kort tid etter flyttinga, men dette regjeringsskiftet har berga humøret på det personlege planet, om enn ikkje på det politiske.

Heimekontoret fungerer som smurt, eg kan opphalde meg på ein anstendig plass når eg talar med journalistar (dei mange eg har tala med det siste året visste heldigvis ikkje kor eg oppheldt meg under intervjua). Ikkje minst får eg vera meir saman med dei eg er aller mest glad i, inkludert den 14 år gamle hunden vår. Eg får til og med tid til å lufte hunden innimellom arbeidsøktene. Fantastisk!

No gjenstår det å sjå korleis resultata av politikken til dei blå-blå blir. I morgon er det stortingsmøte med regjeringserklæring og neste veke trontaledebatt. Viss den varsla politikken blir deprimerande og det går feil veg, noko eg jo fryktar at det gjer, er eg i alle fall godt opplagt og i godt humør no før showet startar for fullt. Ikkje verst berre det.