Omskjering er overgrep uansett kjønnDet har heldigvis vore ein debatt om omskjering av smågutar den siste tida. Eg initierte denne debatten gjennom eit utspel i Dagbladet om at praksisen må forbys på lik line med omskjæring av jenter. Mange har sterke meiningar om temaet. Som politikar ser eg det som viktig å tore å ta opp til diskusjon også kontroversielle og vanskelege tema. Dette er eitt av dei. Barns rettsvern, religionsfridom og respekt for enkeltmennesket er nokre av dei vesentlege momenta for at eg er mot religiøst og kulturelt begrunna omskjering av mindreårige gutar. Ungar blir utsette for ulike typar overgrep, deriblant omskjering, og vi må styrke rettsvernet deira. (Medisinsk begrunna omskjering er sjølvsagt noko anna, då er det av omtanke for ungen at ein gjer det.) At nokon kan utføre eit irreversibelt inngrep på friske kjønnsorgan til ungar som ikkje kan nekte, er ikkje greitt. Dette er heller ikkje greitt: 1) Dei blir utsette for risikoen for komplikasjonar. Somme blir skadde for livet. 2) Seksuallivet til dei som er heldige og ikkje blir skadde av inngrepet, blir også påverka i større eller mindre grad. 3) Dei kan aldri fjerne den religiøse markøren omskjeringa inneber dersom dei skulle velje å konvertere til ein annan religion eller få eit ikkje-religiøst livssyn. Dette siste er årsaka til at eg ikkje kjøper argumentet om at det å forby omskjering er eit brot på religionsfridomen, slik mellom anna ein del jødar og muslimar hevdar. Slik friheit må innebera å kunne velje sjølv. Somme meiner dette talar mot at det skal vera lov til å døpe ungane. Likevel er det skilnad på dette og det å skjera bort delar av ungar sine kjønnsorgan. Det er fullt mogleg å melde seg ut av statskyrkja for dei som ønskjer det seinare, men umogleg å gjera om att det siste. Det blir påstått frå tilhengjarar av omskjering at det er så hygienisk. Eg vil minne om at det finst såpe og vatn, noko dei fleste i dagens samfunn er flinke til å bruke, og at denne påstanden indirekte insinuerer at det store fleirtalet av norske menn er uhygieniske. Eg har tala med menn som er sterkt prega av at dei har vorte omskorne i barndommen. Dei takkar for at nokon tek opp temaet. Problemet er at dei færraste – om nokon – ønskjer å stå fram med historia si fordi det er så intimt og tabubelagt. Derfor kjem det einsidig informasjon frå grupper der omskjering er vanleg. Det er nok delte meiningar om temaet i alle parti, også i Senterpartiet, som eg representerer. Men eg merkar meg at det har kome overveldande mange støtteerklæringar i etterkant av utspelet mitt. Det teiknar godt. Eg set religionsfridomen til enkeltmennesket høgt, og ikkje minst også respekten for andre menneske sin kropp. Prinisipielt er det ikkje skilnad på omskjering av jenter og gutar. Det første er heldigvis forbode allereie. Neste steg er å forby omskjering også av gutar, og setje ei aldersgrense på 18 år for inngrepet. Då er gutane myndige og kan velje sjølv om dei vil utsetje seg for dette. Frøken Jennys fornemmelse for snøEg sit og ser på snøfloksene som dalar ned utanfor vindauget. Då eg gjekk gjennom Oslos gater i stad, la dei seg på hovudet og skuldrene mine, fann vegen inn i lommene på jakken og dekte ryggsekken med eit kaldt, kvitt teppe. I og med at eg har ein velutvikla nase(!), la snøen seg godt til også der, før han smelta og laga lite delikate nasedropar. Men det heile var jo koseleg, innmari koseleg. Den første snøen er det noko spesielt med. Etter å ha gått fram og tilbake gjennom gangane på Stortinget, sitte i stortingssalen i timevis og vore fanga delar av dagen på eit altfor rotete kontor og baksa med ein altfor full innboks, fekk eg endeleg ei kjensle av verda utanfor, av naturen, av livet. Snø er noko eg kvir meg på før han kjem. Eg kan også bli fortvilt over snøslaps i gatene. Men snøkledde landskap er vakkert, og det å kunne gå skiturar i skog og mark og på fjellet – eller i skiløyper for den saks skuld – gjer meg glad. Eg er barnsleg av natur, så eg kan leggje meg ned på bakken og laga englar i snøen og sjå opp på himmelen og drøyme meg heilt bort. Men så blir det jo kaldt etterkvart, og då er det om å gjera å koma seg inn i ei varm stove og drikke kakao med krem. Å puste i kald, klår luft, høyre det knirkar når ein går og sjå det glitrar i snøkrystallane av måneskinet som lyser opp snødekte åkrar – slikt er av dei fine opplevingane frå barndommen som sit att enno. Dersom eg er så heldig å få vera heime på Nordmøre på kveldar når det er slik om vintrane no, blir eg hoppande sprettande lukkeleg. Eg sit og gler meg til jul. At eg håpar på ei kvit jul, seier seg vel sjølv etter at eg har romantisert snøen slik. Eg har lovt guten min å vera med på snøbasking og snøballkrig i vinter. Dét er ein del av sjarmen med snø. Men då må ein rekne med at ein får fornemmelsen av snø atti nakken og ryggen også, ikkje berre på nasen. Kriminelle barn og straffStortinget debatterte i dag temaet barn og straff og vedtok ei ny lov om nettopp dette. Det er snakk om framtida til unge menneske som gjennom å ha begått straffbare handlingar kan vera i ferd med å utvikle ein kriminell løpebane som varer i fleire år, kanskje livet ut. Unge menneske som er over den kriminelle lågalderen, men som ikkje er myndige enno, må følgjast godt opp. Å sitje i fengsel saman med hardbarka vaksne kriminelle er ikkje ei god løysing. Det er eit skrikande behov for at utsette barn og unge får eit heilhetlig hjelpeapparat rundt seg. Tenesteytarar og hjelpeinstansar skal framover koordinere arbeidet sitt og samhandle betre, og ein skal ha betre oppfølging av den enkelte frå mange kantar. Vanskelege oppvekstvilkår og dårlege heimar peikar vi gjerne på når det går gale med ungdom, og det er sjølvsagt relevant. Men dette er ikkje forklåringa på alt. Det fritek heller ikkje unge menneske frå ansvar for eigne handlingar at dei har opplevd noko gale i barndommen. Dette er likevel vesentleg at kunnskap om samanhengen mellom oppvekstvilkår og utviklinga til ungar blir brukt for å kunne førebyggje kriminalitet betre, og for å kunne kan fange opp dei ungane som treng hjelp tidlegare. Og det skal vera med som ein del av bakgrunnen når vi vurderer og iverkset tiltak når nokon har gjort lovbrot. Opplegget med såkalte stormøte er eit døme på noko eg har tru på i så måte. Der blir fleire viktige aktørar inviterte til å delta og bidra. Den unge gjerningspersonen sjølv må yte ein innsats og forhåpentlegvis bli meir bevisst på kva han har gjort og tenkje over kva han vil med livet sitt vidare. Alt må setjast inn på å stanse ein kriminell løpebane i starten. Det synest som at eit samla storting i dag vedtok at det er håp for alle. Tverrpolitisk semje om å vera optimistiske er eit godt utgangspunkt. Det er bra at vi somtid kan dele syn på både målsetnader og kva verkemiddel som bør brukast for å nå målet. Det er viktig for å få eit velfungerende og godt samfunn at alle faktisk skal ha mest mogleg like sjansar til å bli gagns menneske – bidragsytarar til samfunnet. Men ikkje berre det: flest mogleg må få sjansen til å leva gode, innhaldsrike og meiningsfulle liv. Når vi i tillegg til mange andre tiltak også opprettar eigne ungdomseiningar for dei som har begått alvorlege og/eller gjentatte lovbrot, er det fordi vi erkjenner at somme faktisk treng strengare reaksjonar med sterkt grad av kontroll i ein periode. Eg nemnte at vi har tru på at det er håp for alle. Slike ungdomseiningar utelukkar ikkje dette håpet. For at dei som blir møtt med denne type straff i beste fall skal kunne klare seg godt resten av livet, er det nødvendig med straff og oppfølging som møter deira handlingar og den trusselen dei for tida kan utgjera for samfunnet. Målet er at ein på det viset forhindrar at ei negativ utvikling får halde fram. Vi tek med den nye lova vi vedtok i dag eit fornuftig steg vidare, og eg håpar erfaringane med dei nye tiltaka blir gode. Annonse | |||||||||||