
Senterpartiet vil byggje samfunnet nedanfrå. Det finst mykje sunt bondevett rundt om i heile landet, derfor er det viktig at all makta ikkje er samla i hovudstaden. Eit godt samspel mellom by og land er vesentleg for landet vårt. Senterpartiet arbeider for betre vegar og kollektivtransport, lokal velferd og betre vilkår for næringslivet.