Språk er makt – og maktmisbruk?

Språket vårt, som vi uttrykkjer kjærleik og humor med, kan også nyttast som ufint maktmiddel. Slik er det berre. Men det er ein fordel om flest mogleg er klår over korleis ord og språk kan misbrukast, for då kan ein avdekkje dette og unngå å bli offer for maktbruken.

Språket vårt er viktig – vi kommuniserer og uttrykkjer identitet med det – både gjennom form og innhald. Oppi alt dette er språk også makt, fordi vi kan manipulere andre med måten vi bruker språket på. I 1973 kom boka «Språk er makt» ut. Forfattaren var professor i psykologi, Rolv Mikkel Blakar.

I Wikipedia finn vi at Blakar ville synleggjera at det ikkje finst «nøytrale mønster» i språket, og at tema i boka er kvinneundertrykkjande språkmønster, «forskjellsbehandling mellom bokmål og nynorsk i mediene, og språklige mønster som uttrykk for klasseståsted eller underforstått politisk ståsted».

Hausten 2015 kom det ei ny bok, med tittel «Ord er makt», skriven av Sara Gunnerud og Wegard Harsvik. Dei tilhøyrer venstresida, og skreiv i ein kronikk om boka si i Dagbladet 31. august 2015 om korleis høgresida bruker ord bevisst og målretta for å vinne større terreng.

Då eg las denne kronikken, tenkte eg på min eigen reaksjon då eg tidlegare den sommaren høyrte direktøren i NHO Møre og Romsdal bli intervjua på lokalnyheitene. Torill Ytreberg uttalte då i samband med temaet kommunesamanslåingar at det blir viktig med «utviklingsorienterte» og «endringsvillige» ordførarar etter valet, når prosessen skal førast vidare.

Eg brumma litt om dette i ettertid, for det ergrar meg grøn at det skal bli sett likskapsteikn mellom det å vera utviklingsorientert og endringsvillig og det å vera for massive kommunesamanslåingar.

Kommunekartet NHO la fram som eit ønskemål bestod av 77 kommunar i heile Noreg, og berre tre kommunar i Møre og Romsdal. Dei ordførarane som tykkjer dette er ein dårleg idé er (i følgje NHO) tydelegvis nokre sidrumpa vrangpeisar, som ikkje er villige til eller i stand til å tenkje utvikling og endring.

Slik eg kjenner ordførarane i kommune-Noreg, heng ikkje offensiviteten deira saman med synspunktet på kommunestruktur. Og fleire enn eg let seg provosere av forteljinga om at det kjem til å gå ad undas med landet vårt dersom vi framleis skal ha eit mangfald av kommunar.

I internasjonal samanheng er norske kommuner faktisk ganske store allereie. Med NHOs framlegg ville norske kommunar vera i Europa-toppen kva gjeld innbyggjartal per kommune, og i geografisk storleik absolutt i toppen.

Poenget er jo at det ikkje er kommunestrukturen i fylket og landet vårt som er dyr, men busetnadsmønsteret. Og det går an å snu på det, og heller sjå det som eit gode at vi har spreidd busetnad og at vi tek heile landet i bruk, i et land kor ressursane ikkje er samla rundt Oslo-gryta, men langs kysten og i innlandet over heile det langstrakte landet vårt.

Når eit intervjuobjekt bruker orda slik Ytreberg gjorde, er det svært sjeldan å høyre at journalistane stiller spørsmål ved ordbruken, sjølv om det ligg ein tydeleg politisk agenda bak. Dei kunne i oppfølgingsspørsmålet sagt: «Meiner du med dette å seie at dei ordførarane som ønskjer at kommunen deira skal halde fram som eigen kommune ikkje er opptekne av endring og utvikling?» Dei kunne også ha spurt om følgjene av kommunesamanslåing i dei delane av den nye kommunen som får størst avstand til kommunesenteret, kor mykje utvikling og positiv endring kan dei vente seg der?

Når media ukritisk bringer begrep vidare som det ligg ein tydeleg politisk agenda bak, kan dei bidra til å fremje denne politiske agendaen. Og når det som skal vere den nøytrale pressa også sjølve byrjar å bruke ord med ein politisk agenda bak, kan ein verkeleg seie at ord har blitt til makt og maktmisbruk.

“Language is the dress of thought”, eller “språket er tanken sitt antrekk» på norsk, er eit sitat av den kjende britiske forfattaren Samuel Johnson. Og han har heilt rett, for språket er avgjerande for korleis vi ynskjer å framstille tanken vår.

Det er vi som kler opp tankane våre med den språkbruken vi meiner passar best eller tener oss mest. Dette gjeld sjølvsagt for meg også, som stortingspolitikar som helst vil få det som eg vil i politikken.

Det er ikkje alltid like enkelt å koma på det i kvardagen, men derfor er det desto viktigare å kle av språkdrakta til personar med makt, om det så er folk i NHO, statsrådar eller stortingsrepresentantar – eller kjendisar med sterke meiningar. Det er ikkje alltid det vi finn under er like rett, fint og bra som det gir uttrykk for å vera.

Målet må vera debattar og meiningsytringar som er mest mogleg ærlege både i innhald og form.

Vist 473 ganger. Følges av 1 person.
Annonse