Når nært blir fjernt i politiet

Då regjeringa presenterte politireforma si som «nærpolitireformen», skal eg glatt innrømme at eg rista på hovudet og tenkte «hor med ord».

For reforma, som vart vedteken i Stortinget 10. juni i år, legg opp til større avstandar og dermed eit mindre nært politi. Ikkje berre blir talet på politidistrikt redusert frå 27 til 12, mange lensmannskontor skal også bort. Det er berre uvisst kor mange.

I reforma manglar det rett og slett klåre kriteria for kor det skal vera lensmannskontor i framtida. Det er ein slags lovnad om at 90 % av innbyggjarane skal ha maksimalt 45 minutts køyretid til næraste tenestestad.

Dette høyrest jo fint ut, men det inneber at 500 000 innbyggjarar kan få langt større avstand til politistasjonen eller lensmannskontoret. Eg har spurt justisminister Anundsen om Justisdepartementet har rekna på kva dette vil kunne bety i praksis, altså kor mange lensmannskontor ein kan leggje ned og likevel oppfylle dette kravet.

Svaret er enkelt og nedslåande: dei har ikkje rekna på det. Justisministeren tykkjer tydelegvis dette ikkje var relevant for politireforma.

Senterpartiet har også arbeidd for ei politireform og gått inn for endringar i etaten. I staden for massive strukturendringar som gjerne er ein fin måte for regjeringar å vise handlekraft på, har vi vore meir opptatt av at politiet skal ha handlekraft i staden.

Derfor har vi gått inn for ein fylkesmodell, det vil seie å redusere talet på politidistrikt frå 27 slik det er i dag, til om lag 18 politidistrikt (Agder-fylka er allereie eit felles politidistrikt). Denne modellen ivaretek målet om høveleg avstand mellom nivåa i politiet. Fylkesmennene, som har beredskapsansvar på vegne av regjeringa, har også same struktur. Fylkesmodellen ville vidare ha gjeve god samhandling på tvers av naudetatane.

Meir politi på hjul skal vera ein av konsekvensane av den såkalla nærpolitireforma. Politi på hjul er også viktig, men noko av styrken ved å ha mange lensmannskontor er nettopp at politiet kjenner folk og at folk kjenner politiet.

Rullande patruljar med mørke bilruter legg ikkje til rette for nærheit. Det er snakk om å ha eit ansikt på politiet. Dette er viktig for korleis politiet kan arbeide førebyggjande, og korleis dei handterer ulike situasjonar.

Det handlar ikkje berre om å rykke ut når det har skjedd kriminelle handlingar, men om å ta vare på folk som har opplevd kriser, gje råd og bistand til barn og unge, eller vera tryggheit når det skjer noko både på godt og vondt i nærmiljøet.

I politietaten har statistikkar og måleparameter vorte stadig meir brukt dei siste åra. Det er viktig for å følgje med på resultat. Noko som er vanskeleg, om ikkje umogleg, å måle, er resultatet av å arbeide med førebygging. Og verdien av eit nært politi – korleis kjem verdien av eit lokalt lensmannskontor fram i statistikkane?

Ofte tenkjer vi på førebygging som at vi sjølv skal unngå å bli utsette for kriminelle handlingar. Men førebygging handlar også om at unge som veks opp skal unngå å bli kriminelle, og at dei i staden for å hamne bak lås og slå kan få eit godt liv. Når eg talar med politifolk som fortel om korleis dei arbeider med ungdom og om suksesshistorier, slår det meg ofte at dette handlar om å sjå enkeltmenneske der dei er.

Det har i fleire år vore tverrpolitisk semje om å auke talet på polititenestemenn til to per 1000 innan 2020. Dessverre er det ikkje tverrpolitisk semje om kor desse stillingane skal koma. Vi i Senterpartiet er heilt klåre på at auken må koma heile landet til gode. Dette vil kunne bety mykje for mange små og mellomstore lensmannskontor, og gjera det mogleg for politiet å ha handlekraft i praksis.

Vi vil altså bruke denne auken målretta til å styrke eit reelt nærpoliti. Eit nærpoliti som kan sjå endå fleire enkeltmenneske der dei er.

Eit teikn på at regjeringa faktisk har forstått at den såkalla nærpolitireforma vil gje eit fjernare politi, er at reforma inneheld «bulystmidlar». Dette dreier seg om tiltak for at politifolk framleis skal bu i område der lensmannskontora forsvinn. Dei kan tilbys kompensasjon for lang reiseveg til jobb, og i tillegg kan lensmannskontoret prioritere søkjarar som skal bu langt unna kontoret.

Regjeringa viser med dette at også dei meiner det er viktig med politifolk i heile landet, men medan dei vil sikre busetnad, vil vi sikre at politifolk også skal jobbe og vera til stades i lokalsamfunna der dei bur.

Sjølv om politireforma er vedteken i Stortinget mot Senterpartiet sine stemmer, vil vi arbeide målretta for å sikre eit godt og nært politi i Noreg for framtida. Med vår modell kunne vi ha sikra eit nærpoliti i ordets rette forstand.

Framover må vi jobbe for unngå at sentraliseringa går for langt, og for å gi politiet handlekraft i heile landet. Veljarane kan vise kva slags utvikling dei vil ha framover med korleis dei bruker stemmeseddelen sin i årets kommune- og fylkestingsval.

Vist 525 ganger. Følges av 1 person.
Annonse