Betre med våpen for hand?

Norsk politi er ikkje væpna til dagleg, til liks med politiet i nokre få andre land som New Zealand, Irland og Storbritannia. I Sverige, der politiet er væpna, blir det skote ti gongar meir enn hos oss, og talet på skadde og drepne er såleis også høgare.

Erfaringane viser klårt at eit politikorps som ber våpen til dagleg fører til at både politiet og dei kriminelle bruker våpen oftare.

Diskusjonen om generell væpning av norsk politi er oppe frå tid til anna, men akkurat no er debatten ekstra sterk. Årsaka til at temaet er så aktuelt, er at 5800 politifolk over heile landet går med våpen på seg no i førjulstida. Ordren om å bera våpen, førebels gitt for fire veker, er ein reaksjon på trusselvurderinga frå PST der nettopp politifolk vart peikt på som ei mogleg målgruppe for terroristar.

Gitt denne situasjonen, med ei open trusselvurdering der ein ser for seg at enkeltterroristar kan angripe enkelttenestemenn, er det forståeleg at politidirektøren og justisministeren konkluderer med at dei må gje politifolka våre våpen å forsvare seg med.

Det er imidlertid ei side ved saka som gjer det heile vanskelegare: Trusselvurderinga avgrensar ikkje situasjonen til nokre veker eller månader, men til eit heilt år. Tolv månader altså. Og når desse 365 dagane er gått, kva då? Er risikoen plutseleg så mykje mindre? Sjølvsagt ikkje.

Kva skal justisministeren gjera om han får gjentekne søknader frå politidirektøren om våpen i fire nye veker framover? Viss vi ser på væpninga av politiet no som avgjerande for at dei skal vera trygge, kan vi like gjerne gi blankofullmakt til politidirektøren på generell væpning av politiet til evig tid.

Dette var eg også innom i spørjetimen på Stortinget onsdag 26. november, då Bård Vegar Solhjell frå SV spurte justisministeren om han kunne garantere at dette ikkje er ei varig innføring av væpna politi, men at det vil opphøyre straks det er trygt. Poenget mitt er at vi aldri kan vita om det er trygt. I spørsmålet om våpen til alle politifolk, blir det viktig at vi held fast på årsaka til at vi ikkje har generelt væpna politi frå før.

Vi må klare å tenkje både praktisk og prinsipielt i vanskelege situasjonar. Og vi må gjennomføre balanserte tiltak for å tilpasse oss utryggheita som er knytt til terrorfare.

Som professor ved Politihøgskulen, Johannes Knutsson, har skrive i ein kronikk på NRK Ytring 9/11 2012: “Et vanlig argument for bevæpning er at det beskytter politiet. Her savner vi dessverre gode data. Men ved de mest tragiske hendelsene i Norge de siste årene, der tre politifolk har blitt drept i tjeneste, var politiet bevæpnet. Den verste saken i Sverige var en hendelse der to politifolk ble henrettet med sine egne skytevåpen – altså ikke noe som gir styrke til argumentet om generell bevæpning.”

Det er dessutan interessant å sjå på prosessen kring avgjerda om væpning. Politimeistrane vart visst ikkje spurte på førehand om dei var einige i at politidirektøren skulle søkje Justisdepartementet om å få væpne alle politifolk. Dei burde strengt tatt vera meiningsberettiga.

Politimeister Arne Hammersmark har uttalt til TV2 om den midlertidige væpninga at: «Den kommer på bakgrunn av en svært ullen og ikke særlig presis og god trusselvurdering fra PST. Jeg kan ikke se at det er noe vi skal bevæpne oss på grunn av.»

Det er viktig å understreke at norsk politi sjølvsagt også til vanleg har tilgang på våpen ved behov, ved såkalt “framskoten lagring” i bil, der ein etter å ha fått lov frå politimeisteren (eller ein representant for han) kan bruke våpenet. Forskjellen desse fire vekene vi er inne i no, er at politiet går med våpna på seg.

Seinast då eg kom med fly frå Oslo til Molde på veg heim sist, stod det ein blid politimann inne i terminalen med eit våpen hengjande på høgre hofte. Sjølv om han var blid, tykte eg ikkje det var noko kjekt med det våpenet. Eg vil ikkje at verken han eller vi andre skal bli vant til at han går med det.

(Dette er ein noko endra versjon av ein artikkel som har vore publisert på nettavisa til Høgskolen i Molde, Panorama.)

Vist 680 ganger. Følges av 1 person.
Annonse