Lokale tiggeforbod eit framsteg

Senterpartiet har programfesta at vi ønskjer å innføre forbodet mot tigging igjen. Det er ikkje for å skjule fattigdom eller for å “forby sosial nød”. Det er slik, lett sarkastisk, mange av dei som kritiserer standpunktet vårt formulerer det.

Derimot er det for å forby eit fenomen som opprettheld sosial nød, og som er knytt til ulike typar lovbrot, som vinningskriminalitet og menneskehandel.

Primært vil Senterpartiet ha eit generelt forbod mot tigging igjen, slik vi hadde fram til 2006. Vi har likevel valt å støtte dei endringane i politilova som nyleg vart gjort av eit raud-grønt fleirtal på Stortinget. Dette fordi endringane kan bidra positivt til å dempe tilstrøyminga og omfanget.

Alle tre regjeringspartia har erkjent at tigging er eit problem, og at noko må gjerast. At vi ikkje er einige om kor langt vi skal gå i å førebyggje tigging, er opplagt.

Kommunane får eit nytt verktøy for å avgrense tigginga når dei no skal kunne innføre lokale forbod – ved å definere tidspunkt og plassar der det ikkje skal vere lov å tigge. Vi må følgje utviklinga og resultata nøye, og om dei kommunale reguleringane ikkje fungerer godt nok i praksis, er vi eit steg nærare eit generelt forbod.

Somme meiner at det er humant og hjelpsamt å la tigging vere tillatt. Eg tvilar ikkje på dei gode intensjonane. Men eg veit jammen ikkje om vegen ut av fattigdom går gjennom å sitje på asfalten i timevis kvar dag med ein kopp i handa.

I samfunnet vårt meiner vi at ungar som veks opp, har best av å få utdanning og bli motiverte til å arbeide. Vi har obligatorisk skulegang og tiltak for å få folk i jobb viss dei ikkje klarer det sjølve. Kulturen vår er innretta slik – haldningar og handlingar heng ofte i hop.

Fenomenet tigging har ikkje eintydige, enkle årsaker. Det er likevel på sin plass å påpeike at hos grupper av menneske der det er kultur for å tigge heller enn å arbeide til livsopphald, blir ungane ofte hindra i å ta skulegang.

Det blir for lettvint å seie at tigging berre kjem av diskriminering og mangel på andre moglegheiter. Mangel på ønske og vilje til å ta i bruk andre moglegheiter kan òg spele inn.

Mange av dei som kjem til Noreg for å tigge synest å vera av romfolket. Noreg løyver årleg pengar til ulike EØS-tiltak retta mot fattige romfolk i ti andre europeiske land – aller mest til Romania og Bulgaria. Meir av dette er vegen å gå.

Eg håpar at myndigheitene i åra som kjem sørgjer for at meir pengar blir brukte for å sikre ungar ei framtid. Sosiale tiltak i heimlandet – kombinert med tilbod om skulegang – er viktig. For å få best mogleg effekt må vi samtidig med dette gjere det mindre attraktivt å tigge her til lands.

Eit tiggeforbod vil gjere marknaden dårlegare. Dette handlar om å gjere eit fornuftig justispolitisk grep her til lands og samstundes støtte opp om gode sosialpolitiske tiltak i heimlandet til tiggarane.

Det blir ofte sagt av forkjemparane for at tigging skal vere lov, at det å tene pengar på å tigge er betre enn ingenting. For somme fattige familiar hadde det òg vore betre enn ingenting om vi tillét barnearbeid igjen, men det gjer vi ikkje fordi vi meiner ungar skal sleppe det. Men at ungar skal bli tvinga til å tigge, er visst ikkje fullt så ille, skal ein tru debatten innimellom.

Eg håpar kommunane vil bruke dei verktøya dei no får. No kan kommunar og byar rundt i landet f.eks. hindre tiggarbandar i å etablere seg rundt gamleheimar og trafikknutepunkt. Det blir også mogleg å definere heile sentrum som eit område der det ikkje skal vere lov å tigge.

Oslo kommune – som landets hovudstad – har eit spesielt ansvar for å gjere noko.
Dagens endringar i politilova er eit reelt steg framover, men det er etter mi meining òg eit mogleg steg mot eit generelt forbod. Det vil vere det aller enklaste for alle partar å rette seg etter – for kommunane, politiet og dei som lurer på å reise hit for å tigge. Foreløpig håpar eg på at endringane vi vedtek i dag, vil gje positive resultat.

Vist 243 ganger. Følges av 1 person.
Annonse