Svineproduksjon med dårleg avkastning

Er mannsgrisane med på å auke brutto nasjonalprodukt og å sikre velferden vår for framtida? Neppe.

Det er tre interessante saker som har gått i media for tida. Den eine er perspektivmeldinga som regjeringa har lagt fram. Den andre er netthets mot kjente kvinner. Den tredje er at elevar på skular med mykje mobbing gjer det gjennomsnittleg dårlegare enn på elevar på skular med lite mobbing.

Innbyggjarane i A/S Noreg fekk ein klår bodskap ved presentasjonen av perspektivmeldinga, som ser fram til år 2060. Vi må alle jobbe meir og lenger for å sikre nasjonaløkonomien og velferdsstaten. Oljefondet er ikkje ei utømmeleg pengekrukke som gir saftige pensjonsutbetalingar til alle til evig tid. Vi må sjølv sikre pensjonsordningane ved å yte ein innsats og skape gode resultat.

I svensk fjernsyn har kjente svenske kvinner fortalt om grov sjikane og hets via nettet. Det handlar om mobbing og grov vald mot kvinner. Det førekjem også her i Noreg, slik vi har fått klåre døme på. Det er ikkje grov vald i form av fysiske slag, spark og valdtekter, men i form av brutale truslar om slikt. Dei fleste vil meine netthets er ubehageleg og skremmande. For somme blir det for vanskeleg å jobbe i offentleg synlege stillingar.

Ei undersøking som Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress nyleg la fram, viser til dårlegare resultat på skular med mykje mobbing. Dette er interessant å sjå i samanheng med perspektivmeldinga og den utbreidde netthetsen.

Same kven som blir offer for mobbinga, om det så er ungar eller vaksne menn og kvinner, vil det kunne føre til «dårlegare resultat» for landet vårt. Og når mykje av mobbinga via nettet attpåtil er retta mot offentleg synlege og dyktige kvinner, blir ikkje resultatet akkurat så mykje betre. Kvinner må kunne delta som ein del av arbeidsstyrken på alle plan, også som journalistar, politikarar, artistar og i høge leiarstillingar.

Netthetsarane må bruke kreativiteten sin til noko anna enn å hakke på tastaturet med klissete fingrar og spreie drit. Då må vi hindre dei i å mobbe. At kjente kvinner fortel om problemet er forhåpentlegvis til hjelp. Regjeringa har nyleg lagt fram eit lovforslag som skal gjera det lettare å straffe folk som driv netthets.

For framtida til A/S Noreg blir det ein produksjon med dårleg avkastning dersom vi alar opp fleire mannsgrisar i åra som kjem.

Vist 440 ganger. Følges av 3 personer.

Kommentarer

Ta ballen, ikkje kjønnet I toppolitikken bør vi kanskje ikkje innføre det å kalle menn for dyrenamn?

Håpar lovforslaget blir effektivt. Men alvorlig talt, Klinge… hetsarane er svært få, so langt eg kan sjå. Fortsatt bruk av ordet mann i skjellsordet “mannsgris” regnar eg med vil gå ytterlegare ut over det generelle synet på menn. Vi treng misandri like lite som vi treng misogyni. Ta ballen, ikkje kjønnet!
P.s: kvinner trakasserer og truer også, spesielt i feminisme-saker. På andre vis, men kanskje like ille. Ihel-tiing, “får ikke pult, stakkarsleg, sympatiserer med voldsforbrytere, potensiell voldtektsmann” o.s.b.
Er desse kvinnene “kvinnegrisar”? Nei, dei er rasande netthetsarar. som dei mannlege rasande netthetsarane.
Å kalle menn for dyr passar betre i fylla på pub enn på tinget, er du ikkje einig?

KVAR ER KVINNESVINA?
Fins det kvinner som fortener å bli kalt svin? Sugger? Kvinnesvin vi “ikkje bør ale fram fleire av”? Kvinner som gjer verre ting enn å sende trakassering og/eller truslar på nett?

Desverre ødelegger eliten i likestillingskampen for kvinnene over det ganske land, Trøsta er jo at de fleste kvinner har riktig antall kromosomer.
Det kan virke som noen av oss mennesker er skapt med et kromoson for mye, eller for lite, som gjør at de ikke er istand til å SE andre, samtidig som de opphøyer seg selv.
Hadde de vært istand til å bruke sidesynet, hadde de sett at de er en gruppe mennesker som er i fritt fall antallmessig, samtidig som de hadde sett en voksende gruppe som er drittlei ordet likestilling etter 30 – 40 år. Er det så rart når de nå bl.a. henger seg opp i at det skrives for få nekrologer over kvinner ifht. menn.

De fleste av oss sluttet å kaste sand på hverandre før vi begynte på skolen.

Stortingsrepresentant Klinge brukar netthets mot netthets. Det KAN være ei meta-greie ho prøvar seg på. Eg trur ho datt i sint-med-tastatur-i-nærheten-fella. Fort gjort. Men frå stortingsrepresentantar ventar eg meg sjølkontroll, for å ikkje intensivere konflikter og spreie ein lite konstruktiv måte å forholde seg til folk på.
Man kunne jo spurt seg om Klinge sitt utspel her representerar senterpartiet sitt syn på mannlige netthetsarar, men det ville vore tull. Ho skreiv vel innlegget i sinne. Håpar eg.

Ææh… men poenget var: Ingen stortingsrepresentant ville sluppe unna med å omtale ei gruppe kvinner på den måten Klinge gjer her. Om det var kvinnelige pedofile barnemordarar kunne man ikkje uttalt seg om dei slik Klinge her gjer ovanfor ei gruppe menn.

Takk for innspela!

Nei, skreiv ikkje i sinne, men valte å kalle ein spade for ein spade. Eg tek meg den friheit å definere mannlege netthetsarar som mannsgrisar og valdtektsmenn som overgriparar, men dette er ikkje å gå laus på karar generelt. Viss noko kjenner seg råka av definisjonen mannsgris, er det deira sak.

Dei fleste reaksjonane eg har fått frå menn om dette innlegget, går på at dei tykkjer det er bra at desse netthetsarane får så hatten passar, fordi dei sjølv tykkjer det er direkte ille at andre held på slik. Eg er – som eg forstår de også er – oppteken av å skilje mellom mannlege netthetsarar og menn for øvrig, derfor går eg naturlegvis ikkje laus på menn generelt. Dei aller fleste menn er sjølvsagt – og heldigvis – bra folk. Og desse bra karane er ikkje “drittlei likestilling” eller talar om kromosomar som ledd i ein argumentasjon.

Forstår kor du vil, og du har eit poeng også. Det som er så synd, er at det nettopp er ei relativt stor gruppe menn det dreier seg om som driv utstrakt netthets mot nettopp kvinner. Kvinner skriv mykje rart dei også, men dei trugar ikkje med massevaldtekt… Hetsen er av så grov – og grisete – karakter at det er ein reell fare for at kvinner blir skremte vekk frå synlege roller i samfunn og arbeidsliv. Og hetsen er retta mot kvinner som gruppe. Eg blir veldig glad kvar gong kvinner slepp å vera aleine om å seie at dette er ille.

Takk for svar.
Om uttrykket “mannsgris”, som du brukar: Eg hevdar framleis at du ikkje ville sluppe unna med å kalle ei kvinnelig kriminell (nettruslar og netthets) for “kvinnegris”
Dessuten koblar du menn til mobbing generelt, på bl.a. skular. Eg kjenner ikkje statistikken, og om den er solid utført, men det er vel ikkje berre gutar som mobbar i skulane? Du omtalar mobbande skulegutar og desse “mannsgrisane” som du kallar dei i same artikkelen, som ein del av det same samfunnsproblemet.

Om denne setninga du skreiv: “Viss noko kjenner seg råka av definisjonen mannsgris, er det deira sak.” DÅRLIG mobbing, Klinge. Underteksten din er: “Om du angrip måten eg omtalar desse folka på, då er du sjølv som dei” Eg var ikkje ute etter bråkete krangel her, eg debatterar “språkbruk” og netthets, misandri og misogyni so beherska og sakleg eg greier. Forventa det frå deg og, men fekk det ikkje.

Denne gruppa som du sier er så stor, har nok vokst seg stor underveis. Ikke få menn føler seg urettferdig behandlet i f.eks. barnefordelingssaker og ved samlivsbrudd forøvrig. Videre kan nevnes at kvinner får strafferabatt i rettsvesenet. Nå får de sannsynligvis enda et trumfkort ved samlivsbrudd i form av å hevde å ha sagt nei skal være nok til å anmelde voldtekt.
Dette lyder helt sikkert like jævlig som kromosomer i dine ører, men det er på høy tid dere åpner øynene for at utspekulerte kvinnfolk finnes. Etterhvert blir selvfølgelig gruppen med slike erfaringer større, noen klarer å leve videre eller ikke har mot nok til å begå selvmord.
Håper dere får hjelp til å brette opp skylappene og bli kvitt tunellsynet deres.

Annonse