Sex som sel og som ergrar

Eg let meg lett provosere over folk som raskt fordømmer andres seksuelle forhold, så lenge det ikkje er tvang og vald inne i biletet. Derfor skreiv eg for eit par dagar sidan eit blogginnlegg om dette. Eg tykkjer det seier seg sjølv at vi må bli mindre moralistiske. Trass i at noko seier seg sjølv, må det somme gongar seiast likevel.

Utgangspunktet for den store debatten som har rast dei siste dagane om seksuelle forhold i politikken, er avsløringa av at Aps Roger Ingebrigtsen for nokre år sidan hadde eit forhold til ei 20 år yngre kvinne.

Eg tok i blogginnlegget mitt atterhald om at det er ting ved denne saka eg ikkje kjenner til. Det atterhaldet tok ikkje media før dei blas saka opp på førstesidene. Eg uttrykte, og eg står framleis grunnstøtt på dette, at på generelt grunnlag er aldersforskjell ikkje i seg sjølv kritikkverdig. Og at formell maktubalanse ikkje nødvendigvis er eit problem.

Personlegheita til partane, modenheitsnivået, situasjonen rundt og måten ting skjer på kan vera langt viktigare. Og ikkje minst om det er frivillig eller ikkje. Det er ikkje bra å umyndiggjera unge kvinner ved automatisk å gå ut i frå at dei ikkje kan ta ansvar for seg sjølve. Ikkje minst skal vi ikkje framstille kvinner som passive seksuelt i eigenskap av at dei er nettopp kvinner, slik det historisk har vorte framstilt og som norma har vore.

Eg har hatt denne bloggen lenge, og lesartalet per innlegg har variert mykje alt etter kva slags tema eg har skrive om. Aldri har lesartalet vore større på eit innlegg enn på «Seksuell moral og umoral i politikken» som eg skreiv i helga. Eg har skrive om valdtektsbølger og kampen mot seksuelle overgrep. Om at eg er mot at det overgrepet omskjering av smågutar er, skal vera lovleg i vårt siviliserte samfunn. Og eg har påpeikt behovet for strengare grensekontroll for å få bukt med organisert og mobil kriminalitet.

Men temaet sex er det som sel best. Eg tener ingenting på mine ord om dette, men det gjer i høgste grad media. Pengane renn inn medan peikefingeren vekslar mellom å vera oppe og å skrive fleire fordømmelsar på tastaturet.

Eg meiner langt ifrå at alle saker som omhandlar seksuelle forhold blant politikar og andre meir eller mindre kjente personar skal haldast unna media. Men eg tykkjer det får vera grenser for alt.

Den nemnte Ingebrigtsen-saka tek stadig nye vendingar, med alt frå skuldingar om at det var utilbørleg press inne i biletet frå den eine sida, til at det er eit politisk spel og ein drittpakke på den andre sida.

Eg vel derfor å ikkje kommentere denne konkrete saka vidare før alle opplysningar er komne fram og verifiserte. Dette rett og slett fordi eg ikkje vil bli teken til inntekt for den eine eller andre sida no som det har kome fram påstandar som ikkje var kjente på laurdag. Alt eg har sagt i generelle vendingar både i det forrige og i dette blogginnlegget, står eg for.

Dersom jenta var utsett for eit overgrep, er det sjølvsagt ei alvorleg sak, og bør politianmeldast. Dersom ikkje kan ein verkeleg spørje seg om denne saka har noko på alle landets framsider å gjera, og det var nettopp DET spørsmålet eg stilte.

Vist 1158 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

Eg er så glad at du som politikar tør å stå fram som ei med meiningar. Godt jobba. Einig i alt du sei om denne saka. Andre politikarar som uttalar seg er stort sett flokkdyr som ropar “ulv” om nokon andre gjer det. Keep on!

Takk for det, Sindre! Har som filosofi at eg ikkje har noko som folkevalt å gjera lenger den dagen eg sit musestille og ikkje tør å seie kva eg meiner.

Likar måten du skriv på. Er positivt at ein stortingspolitikar vågar å ha eit slikt reflektert og ope syn i ei slik sak. Ein skal ikkje dømma nokon før det faktisk er grunn for det, og i dette tilfellet meiner eg som deg at ein må ha verifiserte fakta på bordet før ein utalar seg. Altfor mange som brukar slike saker populistisk for å fremje seg sjølv og sin eigen moral.

Her er det en ny Kolberg som dukker opp i nynorsk versjon ( et forferdelig språk ) i et forsøk på å nøytralisere ,en ukultur som har kjennetegnet partiet i lang tid. Svik, kameraderi, umoralsk, og ansvarsløst..

Annonse