Makteslaus i ei brutal verd

Vi politikarar har ansvaret. Det gjer seg ikkje å innrømme at ansvaret vi har ikkje nødvendigvis inneber at vi maktar å gjera viktige endringar i samfunnet. Det skal eg likevel innrømme no.

Kritiser gjerne at eg, dei andre på stortinget og i regjering ikkje har fått slutt på mobbinga i skulen. At dei fleste valdtektsmenn framleis ikkje blir dømte. At rasistar brukar ukvemsord mot menneske frå framande land. At vi ikkje får slutt på at folk døyr i trafikken.

Men ikkje tru at eg ikkje bryr meg, og at eg ikkje gjer så godt eg kan. Det er berre det at eg kan ikkje sørgje for at politiet får ut fingeren når konkrete, alvorlege saker dukkar opp, og få dei til å etterforske grove valdtekter raskare og betre. Eg kan ikkje fortelje dommarar, når dei sit og skal avgjera skuldspørsmålet, at dei skal tru på valdtektsofferet med sønderrive underliv og store skadar sjølv om gjerningsmannen fortel at det var frivillig.

Eg kan ikkje fotfølgje folk på gata for å passe på at dei oppfører seg godt mot andre menneske. Eg kan heller ikkje hindre at bilførarar trakkar ned gasspedalen og gir blaffen i om små ungar leiker bak neste sving.

Når det gjeld mobbinga: eg har vorte mobba i fleire år sjølv på barneskulen. Eg veit kva det gjer med eit menneske. Eg har argumentert politisk i mange samanhengar for at vi må arbeide betre mot problemet. Men – unnskuld uttrykket – desse smådjevlane som nokre av mobbarane framstår som, kan ikkje eg oppdra. Lærarar som vel å ikkje tru på dei som blir plaga, kan eg heller ikkje overbevise.

Kvifor skriv eg dette akkurat i dag? Det kjem nok av at eg kjenner meg makteslaus, og det kan kanskje vera greitt at også politikarar kan innrømme dette. Forteljingar frå Libya og Syria om ungar som blir torturerte får meg til å grine. Eg blir forbanna og fortvilt av historiar om valdtektsoffer og mobbeoffer som ikkje blir trudde eller som ikkje får hjelp. Det går rett og slett skikkeleg innpå meg.

Eg har behov for å seie det høgt: Det er for jævleg å sitje med dette politiske ansvaret og samstundes vera så makteslaus.

Det vi politikarar kan gjera, og som vi gjer, er å arbeide for stadig betre rammevilkår for dei viktige etatane. Men kva i all verda hjelper det dersom pengane ikkje blir brukt der det trengst mest? Det er snakk om prioriteringar. Eit kjedeleg, men viktig ord.

Folk som arbeider med sårbare menneske må ta sitt ansvar, og hjelpe i staden for å oversjå. Og det handlar ikkje minst om det ansvaret kvar og ein av oss har som enkeltmenneske. Bilførarar må køyre rolegare. Rasistar burde helst gå inn i seg sjølv og endre menneskesyn. Valdelege menn må be om sinnemeistringskurs og prøve å endre seg.

Eg for min del må prøve å overbevise meg sjølv om at innsatsen min som stortingsrepresentant utgjer ein forskjell. Det veit eg jo at han gjer i enkelte saker. Eg skal sjølvsagt halde fram med å seie tydeleg kva eg meiner. Eg får håpe at det bidreg til at vi får gjort gode vedtak, og at debattane kan påverke korleis folk tenkjer og handlar.

Somtid kan eg like gjerne krype inn under dyna og gråte av den brutale verda vi lever i. Det blir verken betre eller verre av det.

Vist 380 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

Det gjeld å ikkje gje opp kampen. Stå på i saker du brenner for. Ingen er makteslause, sjå heller mogeligheitene framfor problema!

Takk for kommentaren, Johannes! Ja, eg er typen som stort sett ser etter kva som er mogleg og ikkje etter hindringane. Samstundes er det problem eg innser vi politikarar sjølvsagt kan debattere og prøve å gjera noko med, men som vi ikkje har makt til å endre. Eg har ikkje makt over handlingane til enkeltmenneske, om dei så er tilsette i statlege etatar eller privatpersonar. Vi kan løyve pengar til politiet, men vi kan ikkje gje ordre til den enkelte betjent kva han skal bruke dagen sin til. Eg lover å ikkje grava meg ned i frustrasjonen over dette, men følte behov for å uttrykkje det;-).

Du skriv godt Jenny og set gode ord på det mange av oss føler!:-)

Takk, Tove-Lise! Driva ville laga ei sak på dette no, håpar dei ikkje framstiller oss som totalt utan makt då:-). Det er mogleg å ha makt og mynde til å få til noko politisk og samstundes kjenne seg makteslaus overfor alt vi ikkje kan påverke, men samstundes har ansvaret for.

Annonse