Buss kvar time - eit godt mål

Det er eit stort behov for betre busstilbod rundt om i landet. No er det på tide å leggje til rette for at fylka skal opprette nye timeekspressruter. Sett i forhold til kor mange milliardar samfunnet bruker på jarnbanen, er det rimeleg at dei mange områda som ikkje har jarnbane også får eit betre kollektivtilbod. Buss er billig i forhold, og vegane er ligg klåre til å ta i mot kollektivtrafikken.

For både unge og eldre i distrikta vil det å få tilbod om timesavgangar med buss vera eit stort framsteg. Slike bussruter vil vera ein vekstimpuls som store regionar får nytte av. Det vil bli lettare å pendle til skule og jobb, det vil bli enklare å oppsøkje ulike kulturtilbod, og reiselivsnæringa kan tilby produkt der bussturen er ein del av opplevinga. I tillegg vil helseføretaka kunne spare store utgifter, i og med at bussen kan brukast til pasienttransport.

Eg meiner at staten bør stille midlar til disposisjon for at fylka skal kunne søkje om stønad til gode bussatsingar. Pengane kan vera viktig investerings-, risiko- og driftskapital dei første åra før timesrutene er innarbeidde.

Vist 228 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

Dette er eit godt initiativ. Samferdselsministeren var også veldig positiv til initiativet frå Naturvernforbundet til å få på plass Norges vakreste bussreise, sjå http://naturvernforbundet.no/moreogromsdal/samferdsel/vestlandsraadet-fikk-buss-article18131-1705.html, men diverre var ikkje fylkespolitikarane på Vestlandet spesielt interesserte i å følge opp, så dette har berre dunsta vekk. Kan du få nytt liv i initiativet, så er det veldig bra!

Takk for tipset om artikkelen! Ja, dette er noko det er mogleg å få til dersom viljen er der hos mange nok. Det som er fint med høgfrekvente ruter over lange strekningar, er at dei opnar for både langpendling og feriereiser, men ikkje minst også for kortare arbeids- og studiereiser. Td mellom Surnadal og Halsa, der Nordmarka er ein av fleire høgdedrag som skaper problem vinterstid, ville timesbuss vera eit stort framsteg. Meir miljøvenleg, trafikksikkert og meir behageleg for dei farande.

Det er vel to litt uforståelege utfordringar:
For det første er ekspressbusstilbodet (langdistansemarknaden) i Noreg kommersielt. Det har ikkje vore vanleg å gi offentleg støtte til denne typen busstilbod, i alle fall ikkje i Sør-Noreg. Det er nok nødvendig med offentleg støtte for å etablere eit timetilbod; ekspressbussar har ein tendens til å gjere som flya, to konkurrerande bussar har avgang på dei mest lukrative tidspunkta, resten av døgnet er det ikkje tilbod.

For det andre er det “ingen” som har ansvaret for fylkeskryssande rutetrafikk. “Ingen” er nok her Samferdselsdepartementet, og dei er ikkje operative i den forstand at dei administrerer ruteopplegg, takstar mv. Det Samferdselsdepartementet truleg kan gjere er å be (instruere) ein av fylkeskommunane om å administrere heile opplegget.

Beklager at dette blei litt teknisk, men Vestlandsekspressen stranda på to ting: Ingen av fylkesadministrasjonane brann for saka, og fylkespolitikarane ville heller bruke tid på fergeavløysingsprosjekt.

Du peiker på noko vesentleg, nemleg at ingen har ansvaret for den fylkeskryssande kollektivtrafikken – anna enn med tog. Dette med toget er eit spor (!) det er verdt å følgje, for toga går i få delar av landet, og der er staten kraftig inne med pengar. Buss kan gå overalt, men satsinga er laber. Det å slå litt på stortromma for å få fleire bussruter oppe å stå vil gje stor miljøgevinst og vera positivt for samfunnsutviklinga. For å få til fleire fylkeskryssande ruter, må nokon få ansvaret, som du skriv. Og det må vera økonomisk støtte til nye ekspressruter, i alle fall til dei forhåpentlegvis er godt etablerte.

Dessutan har du dessverre eit poeng når det gjeld ferjeavløysingsprosjekta. Eg jobbar for slike sjølv, men altfor mange politikarar er berre opptekne av dei store prosjekta og “bautaane”, og ser lite verdi i tiltak som faktisk betyr noko for svært mange – som kollektivtilbod og trafikksikring.

No er du veldig konkret her, og det er bra. Trur du at du kan få reelle forbetringar i tilbodet til ruteendringane i mai 2013, eller vil det ta lenger tid?

Det hadde vore hyvens om vi kunne få på plass noko her i fylket til då, ja. Eg pønskar på dette, og håpar at det finst ei moglegheit. Dette må innebera statlege kroner uansett korleis vi snur og vender på det. Den store satsinga ser eg for meg må koma som minst 200 mill per år, der fylka kan søkje om midlar slik eg skisserte i bloggen. Vi jobbar jo med NTP no, målet mitt er å få inn satsinga der. Men det trengst påtrykk frå fleire frontar for å få til dette, så det er bra de er engasjerte :-).

Det finst allereie ei ordning som heiter KID (kollektivtrafikk i distrikta), kanskje dette kan gå inn i denne?

Har tenkt på det, men eg trur kanskje det er betre med ei satsing som er konsentrert om ekspressruter over lengre strekningar og tilførselsruter til desse. Så kan ein sjå om det er mogleg å ikkje skalke lukene mellom ordningane, men heller sjå om det er mogleg å styrke totaltilbodet ved å tenkje konstruktivt. No legg eg meg – vi må diskutere dette vidare seinare. Flott med innspel.

Annonse