Jobb mot omskjering verdt innsatsenOvergrep mot småungar er det verste eg høyrer om. Det gjer meg fysisk kvalm. Rituell omskjering er eit slikt overgrep, uansett om det blir begått mot jenter eller gutar. Før helga fekk eg eit veldig rørande og motiverande brev. Avsendaren takkar meg for innsatsen eg gjer for ei svak gruppe som ikkje kan verge seg sjølv. Han skriv at han vart omskoren som liten gut, og at han heile livet har kjent at han har mangla noko. Saman med brevet sendte han meg to bøker og ein film om omskjering. Den eine boka er “The Rape of Innocence” av Patricia Robinett, ei kvit amerikansk kvinne som sjølv vart omskoren som lita. Den andre heiter “Marked in Your Flesh” og er av Leonard B. Glick. Filmen er eit intervju med same mann. Eg kvir meg på å lesa desse bøkene og sjå filmen, men eg skal tvinge meg sjølv til å gjera det. Eg skulle ønskje eg kunne tvinge dei som er for rituell omskjering til å gjera det same, for eg trur det kunne ha opna augene deira for at det i realiteten er eit overgrep. Brevskrivaren peikar på at nokre av dei fremste motstandarane av omskjering var og er jødar, og at ein derfor ikkje skal la seg dupere av skuldingar om anti-semittisme. I den grad dette temaet handlar om religionsfriheit og menneskerettar, er det rettane til den enkelte ungen det må handle om. Det er ikkje religionsfriheit for ungen dersom foreldra let skjera bort delar av eit friskt kjønnsorgan i religionens namn. Inngrepet er irreversibelt, og det kan skade ungen for livet. Dersom vi som er mot rituell omskjering av småungar skal lukkast i kampen mot uvesenet, må vi jobbe målretta. Tilbakemeldingar som frå brevskrivaren minner meg om at jobben er verdt innsatsen.
Vist 157 ganger. Følges av 1 person. Annonse | ||