Høgfartstog og lågfartsvegarHøgfartstog går frå bysentrum til bysentrum og dei kan ha nokre stopp undervegs i motsetnad til flya. Men dei kostar flesk. Skal vi bruke enorme summar på høgfartsbane i Noreg når vegnettet ikkje er betre enn det er? Jernbaneverket har utgreidd høyfartsbane i Noreg, og denne utgreiinga vart lagt fram i dag. Der viser det seg at den samla prisen for alle dei vurderte korridorane blir på nærare eit heilt norsk statsbudsjett, omlag 1000 mrd. Eg liker tanken på tog som susar gjennom vakker norsk natur. Eller vent litt. Dei kjem til å suse over dyrka mark, som det allereie er for lite av i dette landet. Eg liker betre tanken på at ein eventuell høgfartsbane gjennom Østerdalen kunne bli eit svært effektivt rovdyrgjerde – schvupp schvupp schvupp, når toga fyk forbi. Men når ein kjem frå eit fylke som Møre og Romsdal, og gjer som eg – vekependlar til Oslo og reiser mykje rundt på oppdrag i fylket, er det lett for at ein blir meir oppteken av andre ting enn tog. Som betre vegar, større ferjer, ferjeavløysingsprosjekt og ikkje minst tiltak for ein tryggare trafikk. I prinsippet treng det ikkje vera nokon motsetnad mellom å satse meir på vegane og å byggje høgfartsbane. Fullt så enkelt er det likevel ikkje i den verkelege verda, der budsjettbalanse og overoppheiting av økonomien ofte er eit tema. “Vi må avgrense bruken av offentlege kroner”, heiter det såleis fort frå finansdepartementet når samferdsel er temaet. For min del vil eg bruke langt meir på både vegar, tunnelar, bruer, ferjer, bussar og fly og tog. Og absolutt også på høgfartstog, men prioritere dette der det er flest reisande (les det sentrale Austlandet). Får vi 1000 mrd til alle desse områda, ja – då byggjer vi heile landet.
Vist 124 ganger. Følges av 3 personer. Annonse | ||
Kommentarer
Brukte jo eit statsbuddsjett på Bergensbanen òg.
Ja, det gjorde vi, men i ei tid der staten knapt brukte særs mykje mindre pengar på velferd, helse, skule osb. Og i ei tid der overoppheiting av økonomien ikkje var eit omgrep ein gong, vil eg tru. Men eg ser absolutt fordelen med ei høgfartsbanesatsing som kunne knytte dei største byane i sør saman betre. Det som er bra for sørlege delar av landet er ikkje nødvendigvis negativt for dei i nord. Det føreset at det ikkje blir mindre pengar til andre viktige område, som samferdselssatsing for øvrig, ein god næringspolitikk og likeverdige velferdstenester i heile landet. 1000 mrd vil nok eta mykje frå andre område.
Igjen har du en meget god og saklig kommentar, Jenny! Helt enig!
Takk for det, Jens! Det er ikkje enkelt å konkludere i slike saker, for bortsett frå prislappen er det mange usikre faktorar. Dersom ein går ut i frå at ei høgfartssatsing ikkje blir på kostnad av anna samferdselssatsing, ville det vera mindre problematisk. Det er mange fordelar med høgfartsbaner, sjølvsagt. Men det er fullt mogleg å halde fram med å byggje ut høgfartsbane i InterCity-triangelet (Skien, Halden, Lillehammer), gjera grep for å betre jarnbanen elles i landet, auke farten på enkelte strekningar og samstundes ha pengar til betre vegar.