Sinte telefonar

Somtid er telefonsamtalar utmattande. I alle fall når føremålet med samtalen frå den andre parten er å uttrykkje mest mogleg sinne med flest mogleg ord.

“Kunden har alltid rett”, er innstillinga butikkpersonale og kelnarar skal ha. Same kor usakleg og sur kunden er, og same om han eigentleg tek feil: rett har han og rett skal han få.

Er innbyggjarar og potensielle veljarar som tek kontakt med oss politikarar å sjå på som våre “kundar”? Skal vi politikarar såleis ha innstillinga “veljarane har alltid rett”, også når nokon ringjer og skjeller oss ut etter notar?

Eg opplevde dette seinast i dag. Vedkomande hadde prøvd å ringje meg fleire gongar på morgonen utan å leggje att melding om kva det gjaldt. Slikt er ofte eit fareteikn, men eg valte å oversjå det.

Eg var så dum då eg ringte oppatt til han at eg sa at eg hadde ti minutt til å prate. Då overhøvlinga starta, var det såleis for seint å finne på ei orsaking om at eg hadde dårleg tid. Eg gjorde som eg bruker å gjera: eg valte å prøve å filtrere bort ukvemsorda og høyre etter om det var noko fornuftig inne i ordflaumen. Det var det heldigvis.

For å anerkjenne meiningane til vedkomande, prøvde eg å smette inn nokre setningar for å vise at eg forstod og at eg tok han på alvor. Dette var det imidlertid ingen som helst vits i. Eg fekk berre meir kjeft på grunn av dette, for han meinte eg laug då eg sa eg forstod frustrasjonen hans.

Langt oftare enn sinte telefonoppringingar kjem det sinte e-postar. Det som overraskar meg med desse, er at så mange bryr seg så lite om å vera nokonlunde sakleg. At nokon ringjer og spyttar ut faenskap kan ingen ta dei på etterpå, men noko som er skriftleg kan mottakaren ta vare på og melde vidare om det skulle vera for ille.

Eg ønskjer å ha ei audmjuk tilnærming til dei som uttrykkjer meiningane sine overfor meg. Eg tykkjer det er kjempefint å få tilbakemeldingar på jobben eg gjer og utspela mine, og er open for å justere meiningane mine.

Eg bruker ofte argument nokon spelar inn til meg i vurderingane av sakene seinare, og somtid bruker eg argument frå til dømes kommentarfelta på Facebook når eg skal i TV- eller radiodebattar.

Derfor blir eg litt sur når nokon kan ringje og seie at eg ikkje forstår ein dritt, at eg er ein tosk og eit fehovud, at eg ikkje har noko i politikken å gjera, at eg gir blaffen i korleis andre har det, osb. Og eg misliker å bli kalt stygge ting.

Men veljarane har vel alltid rett, så eg svarer så pent eg kan og avsluttar med “takk for at du ringte, ha ein fin dag vidare!”. Inni meg er det likevel ikkje alltid eg tenkjer at vedkomande eigentleg hadde rett, eg tillet meg å vera så kjettersk.

Vist 410 ganger. Følges av 1 person.
Annonse