Vekt og mobbing av kjente personar

For blodtrykket sin del prøver eg å ikkje la meg provosere for ofte. Dette er ikkje enkelt, for alt frå valdtektsbølgjer til omskjæring av ungar gjer meg sint. No er det noko heilt anna som provoserer meg: alt snakket om vekta og utsjånaden til høgreleiar Erna Solberg.

Vi talar ofte om at vi må bekjempe mobbing i skulen og på nett. Å bekjempe medias mobbing av vaksne menneske på grunn av korleis dei ser ut, er sjeldan eit tema.

Eg veit ikkje om Solberg reagerer på dette sjølv, men eg tillet meg å reagere på hennar vegne. Eg tykkjer det er pinleg at journalistar bruker spalteplass på å kommente opp og i mente når dei meiner vekta har endra seg eller kvar gong klesstilen og hårsveisen er ny.

No vil eg få sagt at eg tykkjer Erna Solberg er ei flott dame. Skulle alle vore 175 cm høge og 60 kilo, hadde det vorte inni hampen einsformig.

Dessutan trur eg langt dei fleste gir blankt f i kor tunge toppolitikarar er eller om dei kjøper kleda sine på Hennes & Mauritz eller Steen & Strøm. Såleis meiner eg media undervurderer lesarane sine dersom dei trur det er lurt å skrive om utsjånaden til Erna for å selje meir.

Men media bidreg også til å gjera arbeidet mot mobbing generelt vanskelegare. Dersom vaksne seier til ungane sine at dei ikkje skal kommentere vekta til medelevar og det same dag er oppslag i riksmedia om vekta til kjente personar, blir bodskapen vanskeleg å skjønne for ungane.

Det gjorde godt å få ut denne frustrasjonen. For å seie det slik: eg kjenner meg fleire kilo lettare…

Vist 368 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Fra: ung.no – offentlig og kvalitetssikret
“Det er viktig å skille mellom omskjæring av gutter og jenter. Omskjæring av gutter er lite omstridt. Det blir praktisert i flere vestlige land, og det vanlig praksis både blant muslimer og jøder.”

Ja, dessverre er det ikkje eit tema det blir tala mykje om, og det handlar dels om at det er vanskeleg for dei som sjølv er omskorne å fortelje om negative konsekvensar. Prinsipielt er ikkje det at det er lite omstridt eit argument for at vaksne skal skjera bort delar av småungar utan medisinsk grunngjeving.

Jenny, hvem bestemte av lokalpolitikerne at du skulle reprenterese senterpartiet Det sitter en mann på en intusitsjon som valgte deg, som representant for og ivare ta da lokalsamfunnet, .. gjør du det.

Annonse