| Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Aurapuls og Nordmøre rundt (torsdag 22. desember 2011). Les mer om roperten… Omskjering er overgrep uansett kjønnDet har heldigvis vore ein debatt om omskjering av smågutar den siste tida. Eg initierte denne debatten gjennom eit utspel i Dagbladet om at praksisen må forbys på lik line med omskjæring av jenter. Mange har sterke meiningar om temaet. Som politikar ser eg det som viktig å tore å ta opp til diskusjon også kontroversielle og vanskelege tema. Dette er eitt av dei. Barns rettsvern, religionsfridom og respekt for enkeltmennesket er nokre av dei vesentlege momenta for at eg er mot religiøst og kulturelt begrunna omskjering av mindreårige gutar. Ungar blir utsette for ulike typar overgrep, deriblant omskjering, og vi må styrke rettsvernet deira. (Medisinsk begrunna omskjering er sjølvsagt noko anna, då er det av omtanke for ungen at ein gjer det.) At nokon kan utføre eit irreversibelt inngrep på friske kjønnsorgan til ungar som ikkje kan nekte, er ikkje greitt. Dette er heller ikkje greitt: 1) Dei blir utsette for risikoen for komplikasjonar. Somme blir skadde for livet. 2) Seksuallivet til dei som er heldige og ikkje blir skadde av inngrepet, blir også påverka i større eller mindre grad. 3) Dei kan aldri fjerne den religiøse markøren omskjeringa inneber dersom dei skulle velje å konvertere til ein annan religion eller få eit ikkje-religiøst livssyn. Dette siste er årsaka til at eg ikkje kjøper argumentet om at det å forby omskjering er eit brot på religionsfridomen, slik mellom anna ein del jødar og muslimar hevdar. Slik friheit må innebera å kunne velje sjølv. Somme meiner dette talar mot at det skal vera lov til å døpe ungane. Likevel er det skilnad på dette og det å skjera bort delar av ungar sine kjønnsorgan. Det er fullt mogleg å melde seg ut av statskyrkja for dei som ønskjer det seinare, men umogleg å gjera om att det siste. Det blir påstått frå tilhengjarar av omskjering at det er så hygienisk. Eg vil minne om at det finst såpe og vatn, noko dei fleste i dagens samfunn er flinke til å bruke, og at denne påstanden indirekte insinuerer at det store fleirtalet av norske menn er uhygieniske. Eg har tala med menn som er sterkt prega av at dei har vorte omskorne i barndommen. Dei takkar for at nokon tek opp temaet. Problemet er at dei færraste – om nokon – ønskjer å stå fram med historia si fordi det er så intimt og tabubelagt. Derfor kjem det einsidig informasjon frå grupper der omskjering er vanleg. Det er nok delte meiningar om temaet i alle parti, også i Senterpartiet, som eg representerer. Men eg merkar meg at det har kome overveldande mange støtteerklæringar i etterkant av utspelet mitt. Det teiknar godt. Eg set religionsfridomen til enkeltmennesket høgt, og ikkje minst også respekten for andre menneske sin kropp. Prinisipielt er det ikkje skilnad på omskjering av jenter og gutar. Det første er heldigvis forbode allereie. Neste steg er å forby omskjering også av gutar, og setje ei aldersgrense på 18 år for inngrepet. Då er gutane myndige og kan velje sjølv om dei vil utsetje seg for dette.
Vist 179 ganger. Følges av 2 personer. Annonse | ||
Kommentarer
Eg tykkjer der er bra du tek tak i dette temaet. Du skriv du vert sint. Eg vert ikkje det. Eg finn det berre underleg. Underleg at det er skilnad på gutar og jenter. Ja, eg veit jo det er skilnad på gutar og jenter, eg meiner at lova skil kjønn. Det er underleg. Eg trur jo at alle har same rettar. Kjønn tel ikkje. Vi har til dømes lik løn? Nei, det har vi vel ikkje heller, nei. Men det er det lett å gjera noko med.
Skjær ein i kjønnsorganene hjå ei jente er det kjønnslemlesting. Skjær ein i ein liten gut vert han berre omskore. Det er makt i ord. Det er ikkje noko nytt. Lemlesting tyder alvorleg skade.
Å skjera om noko, kan tyde på at ein skjer for å skapa om på noko, til noko betre, vil kan hende omskorne seia. Om vi kallar omskorne for avskorne, lagar vi nyord, presiserer vi eller nærar vi ein debatt vi kunne lat liggja?
Eg skjønar så mykje at dette ikkje særleg grad handlar om hygiene, smerte og pengar, men om nok djupare og mystisk vi ikkje kan gripa med vite vårt. Det er no likevel med vite mitt eg prøvar å forstå dette. Men tenk tenk deg at ein som har vore medlem i “Senterpartiet” all sin dag. Han vi markera det ved å dryppa nokre dråpar grøn konditorfarge i døypefonten når han skal døypa barnet sitt. På same måte vil dei ha raudt vatn, dei som vel “Arbeiderpartiet” eller vel “Rødt”. Trur du det har gått bra? Ja, eg trur det finst liberale prestar som har gått med på det, men er tvilar på Bispedømmerådet. (Finst det blå konditorfarge òg?)
Når ein kjem til tradisjonar kjem vite til kort. Argumenta mot, har du. Hadde ikkje politikarar teke tak i vanskelege spørsmål har eg missa interessa mi for politikk. Difor eg glad for bryr deg med temaet. Det tyder godt.
Hei! Takk for eit veldig fint innlegg med mange gode poeng. Eg er stadig på leit etter nye vinklingar på saker eg er oppteken av, både for å opne sinnet og for å kunne bruke nye argument i debattar. Ordet “avskoren” i staden for “omskoren” er ein tanke eg ikkje har vore innom. Og at ein skulle fargemerke ungane etter partitilhøyrigheita til foreldra – ja, det er på eit vis også eit relevant bilete.
Beste helsing
Jenny K
Ein kan leika med konditorfarge utan alvorlege konsekvensar :) Ein ynskjer jo mest mogleg fridom i samfunnet, men mange reglar klarar mange bli samde om.—Og det fint at du nyttar Origo i samtalen med oss som ikkje er på Tinget.
Eg hugsar eg såg eit gamalt maleri med ei helgen, altså ei kvinne. Ho hadde Jesus sin forhud kring veslefingeren. Eg trur det religiøse aspektet som gjer dette til ei sak som er vanskeleg. Les ein Barnekonvensjonen så kan ei tru at vegen til ein norsk lov er stutt.
Jøss, det var noko til motiv på eit måleri. Eg er samd i at det religiøse aspektet gjer saka vanskeleg, for somme tek det som teikn på manglande respekt for religionen deira når temaet kjem opp.
Origo, Facebook og Twitter gir fine moglegheiter til å ha ein dialog med fleire enn berre politikarar, og for meg er det mykje å hente på å få tilbakemeldingar uansett om folk er samde eller usamde.
Mvh Jenny K
Eg veit AUF har “omskjæring” som tema, men kva stortingspartia meiner om saka veit eg ikkje. Kva skjer når ein kjem med eit lovframlegg?
Du får finna deg i å driva litt som samfunnslærelærarar òg. Det kan hende det er fleire som les og treng oppfrisking av kunnskap om styre og stell.
Vel, samfunnsfagslærar er eg nok ikkje eigna til – flyt berre med i det sakshandsamande systemet. Men lovframlegg no som vi sit i regjering må drøftast internt mellom regj.partia før vi evt fremjer dei. Så jobben blir å få eit forbod mot omskjering opp til debatt i dei ulike partia og forhåpentlegvis å få på plass programvedtak. Saka er såpass prinsipiell og lite diskutert frå før at det må nokre rundar til for evt å få til noko, men det er verdt å gjera ein innsats for dette.
Eg fekk forresten eit veldig hyggeleg brev før helga frå ein kar som ville takke for at eg engasjerer meg mot omskjering. Han vart utsett for dette sjølv som barn, og sendte meg to bøker og ein film om temaet. Han påpeikte at somme av dei største motstandarane mot omskjering er jødar sjølve, og sa eg ikkje måtte bekymre meg for skuldingar om antisemittisme (noko som jo slett ikkje er kjekt å få all den tid eg meiner den jødiske befolkninga her til lands burde få betre vern). Godt å få slike tilbakemeldingar, det gjer at jobben som politikar verkar meir meiningsfull.
Ja, du gjer ein meiningsfull jobb som politikar er eg òg samd, men saka peikar vidare, når noko mange finn meiningslaust og eit mogleg brott på Barnekonvensjonen fortsett å vera lov, så minkar omdøme til politikarane.
Er denne lista ei liste over ein framtidig tidsplan?
- Opp til debatt i ulike parti
- Programvedtak
- Nytt val?
- Framlegg til ny lov leggjast fram for lagtinget?
- Avstemming
- Ny lov vedteke
- Gjennomføring av lova
- Arbeid med å endra haldningar til omskjering
Å synleggjera motstand mot omskjering og jobbe for å endre haldningane til dei som er for er nok første oppgåve. Dette gjennom både media, programvedtak og forhåpentlegvis også ope arbeid frå ulike organisasjonar. Vi nærmar oss omsider eit nytt stortingsval, vi må forbi dette for å kunne koma med eit lovframlegg pga tida det uansett vi ta å få flest mogleg til å meine det er rett å forby praksisen. Lagtinget og Odelstinget vart faktisk nedlagte frå 2009, no er det berre to gongars behandling i Stortinget som er prosedyren for lovvedtak. Dersom det ikkje blir ei fleirtalsregjering som har eit avklårt syn på eit forbod, vil det bli spennande kva resultatet kan bli. Ergo mogleg uvisse om resultatet av avstemminga.
Er det slikt som berre skjer eller er ein tusen år gamal tradisjon eit argument som er så tungt at ein sjukepleiarorganisjon, ein legeorganisasjon og mange politikarar ikkje klarar og lyfte det bort sjølv om dei lyftar i lag?
(ironi)
Eg høyer til organisasjonen “Vi som ikkje høyrer på andre”. For at alle skal sjå at er er ein slik fyr, så har eg skåre burt begge øyreflippane mine. Eg er glad for at eg måtte venta til eg vart 18 år før eg fekk denne fine endringa av øyro mine. Det var eg som gjekk til dama som skar og det var eg som betala for hele moroa (?). Ein må finna nokon som kan bruka nål og trå og kniv. Det ingen god idé å bruka saks. (ironi)