Valdtektsbølger og innsats for trygge byar

Ei skremmande valdtektsbølge har skylt over hovudstaden i år, og det er enno ikkje er slutt. Stadig blir nye kvinner overfalt og krenka på det grovaste når dei skulle kunne gått trygt rundt i byen. Noko må gjerast, men kva?

Det er umogleg for politiet å vera alle stader til ei kvar tid for slik å førebyggje overfallsvaldtekter. Likevel er det sjølvsagt tiltak politiet kan gjennomføre for å redusere risikoen. I Stavanger tok politiet fatt i problematikken etter ei valdteksbølge i 2009, og oppnådde imponerande resultat. I 2009 var det 19 anmeldte overfallsvaldtekter pluss 5 valdtekter i drosje. Året etter vart det ikkje anmeldt ein einaste overfallsvaldtekt i byen.

Resepten var mellom anna å doble talet på valds- og sedelegheitsetterforskarar, sende sivile spanarar og etterforskarar ut på byen i helgane, utvikle større kompetanse og betre det taktiske og tekniske nivået. Gjennom målretta arbeid gjorde dei byen tryggare, og fleire gjerningsmenn vart dømte.

Politiet i Stavanger bestemte seg for at dette var noko dei ville prioritere, og resultata kom. Dei samarbeidde med andre aktørar – drosjenæringa, natteramnane, innvandrarorganisasjonar, asylmottaket, dørvaktar, valdtektsmottaket osb. Media var også viktige, dei formidla stadig bodskapen om innsatsen som vart gjort. Og ikkje minst: befolkninga engasjerte seg, mellom anna under fanen “Vi tek natta tilbake, saman for ein trygg by”.

Oslo er ein større og meir uoversikteleg by enn Stavanger, og somme tiltak er ikkje nødvendigvis like enkle å gjennomføre i hovudstaden. Eg meiner likevel det er viktig at Oslo-politiet ser til Stavanger og den målretta innsatsen dei har gjort der. Det er gjennomført ein god analyse av valdtektsproblemet i Oslo, men den målretta strategien og den konkrete oppfølginga kan synast å mangle førebels.

Kvinner skal kunne kle seg og te seg som dei vil og ferdast der dei ønskjer utan at dei risikerer å bli overfalte og valdtekne. Eg håpar at mange ulike instansar går saman for ein trygg by og for å ta natta tilbake også i Oslo.

Vist 128 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Eg veit at det kan høyrast ut som ein klisje, men eg meiner no likevel at haldningsskapande arbeid må vere det viktigaste. Det aller viktigaste som skjedde i Stavanger, trur eg, var at det vart så sterk merksemd på problemet. Som du skriv, media sette flomlys på dette. Svært mange engasjerte seg.

Greitt nok med fleire etterforskarar og hjelp til valdtekne. Men det aller viktigaste må sjølvsagt vere å hindre at valdtekta skjer i utgangspunktet. Då må vi rett og slett inn i hovudet til overgriparen. Vi må få alle til å forstå at valdtekt er noko av det aller verste eit menneske kan bli utsett for. Dersom den potensielle gjerningsmannen forstår at han med handlingane sine faktisk kan endre resten av livet til offeret, så kanskje han tenkjer seg om to gonger. Då har vi oppnådd mykje, trur eg. Vi har alle eit ansvar å formidle dette sterkt og klart. Vi må sende ut sterke signal om at dette er totalt uakseptabel framferd.

Men det er klart, dersom fleire av sakene blir oppklara og fleire får straff, så vil vel dette og verke førebyggjande.

Gode poeng, Odd! Det er også eit moment at overfallsvaldtekter og andre valdtekter er to noko ulike fenomen, der den første gruppa ofte er meir valdeleg og fysisk skadeleg i tillegg til traumet kring det seksuelle overgrepet. “Vanlege” valdtekter er også eit stort problem og kan skade folk for livet. Haldningsskapande arbeid er veldig bra, men risikoen for å bli tatt og straffa må bli større i tillegg.

Annonse