Heks på hjul

No, over 24 timar etter at det skjedde, burde eg ha lagt heile episoden attom meg. Men ikkje berre er eg snarsint – eg er langsint også. Dermed deler eg sinne og frustrasjon over sniking i ferjekø.

Som innbyggjar i ferjefylket Møre og Romsdal må ein belage seg på ferjekø. Ein kan bli sur om ein mistar ferja med eitt minutt og må vente ein halvtime eller to. Men verkeleg sur blir ein når nokon snik, og det er denne sniken som får plass som siste bil på avgangen.

Fleire med meg har nok fått høgt blodtrykk og strødd om seg med ukvemsord når dei har opplevd dette. I går var det ei heks som passerte meg. Denne gongen hendte det ikkje i sjølve ferjekøen, men rett før.

Lesarane kan gjerne gje meg tilbakemelding på om det er rett eller gale å kalle det sniking i dette tilfellet. Slik skjedde det i alle fall:

Eg køyrte heile turen heimafrå og mot Halsa i lovleg fart. Då eg nærma meg krysset der både trafikken frå mi side og trafikken frå E39 møtest, tenkte eg i mitt stille sinn at det typiske no er at det kjem eit par bilar før meg som kan bli dei siste som får vera med ferja, og eg vurderte i eit svakt augeblikk å gasse litt på.

Men eg har nokre sterke sider også, og ei av dei er respekt for fartsgrensene. (Gud betre, dette er farleg å skrive – plutseleg blir eg teken i kontroll neste veke og får ufrivillig ei førsteside i VG. Cruise-kontrollen fører bilen min med jamn fart inn i nye fartssoner, og eg har ein hjerne som ikkje alltid følgjer med. Men det får stå sin prøve.)

I krysset kom det heile seks bilar køyrande rett før meg. Det ramla ut av meg nokre gloser som ikkje gjer seg på trykk. Men det eg ikkje gjer i slike tilfelle – når eg køyrer attom andre som også mest truleg er på veg til ferja og vi ikkje er langt frå ho – er å køyre forbi dei. Det meiner eg er dårleg gjort.

Opp den siste bakken før ferja låg vi sju bilane pent og pynteleg på rad og rekkje. Då kom det susande ein sølvgrå doning attom oss i altfor høg fart. Vedkomande suste forbi meg og klarte så vidt å leggje seg inn i rekkja framfor meg. Dei glosene som hadde ramla ut av meg nokre minutt før vart som engledryss å rekne i forhold til dei eg spytta ut no. Heldigvis var eg aleine i bilen.

Då vi like etterpå nådde ferjekøen, var den lengre enn lang. Eg stoppa bak det sølvgrå hatobjektet. Sjåføren steig ut – ei sur heks som tente ein røyk og skula bak på meg. Eg sette dei stikkande brune augene mine i ho, dessverre utan at ho fall til bakken av den grunn. Sjølv om det buldra inni meg av irritasjon og eg prøvde å overtyde meg sjølv til å gå ut og seie at ho burde lære seg folkeskikk i trafikken, heldt eg som vanleg kjeft.

Neste ferje kom omsider. Eg skulle nå det siste flyet frå Kristiansund, og tenkte at det var umogleg at alle fekk plass, og at det nok vart overnatting i “Baillsund” i staden for i Oslo. Men ferjekøen seig langsamt mot ferja, og dama framfor vart pinadø vinka ombord.

Det var minimalt med plass att, og eg tenkte “typisk, det var det eg visste, den heksa blir den siste som kjem med”. Men så vart det på eit mirakuløst vis plass til ei heks til (meg).

Ferjematrosen vinka meg venleg inn på ferja, men var så ivrig i tenesten for å få plass til meg at han vinka og vinka og vinka og vinka og vinka heilt til den fine Priusen min trefte hengjarkroken på ein grøn bil som stod foran. Skiltet mitt fekk ein bulk. Eg tilga han sjølvsagt straks, for no kom eg uansett til å nå flyet. Men irritasjonen min over ho ved sidan av nådde nye høgder. For den relativt romslege plassen ho fekk, var jo openbart den eg hadde fått dersom ho ikkje hadde hatt frekkheitas nådegåve og køyrt forbi meg.

Så sat eg der heile ferjeturen og kjefta på meg sjølv fordi eg ikkje hadde guts til å fortelje ho nokre sanningas ord. Eg lurer somtid på om eg har for god oppdragelse, for det går utover blodtrykket mitt at eg ikkje får ut berettiga frustrasjon og sinne.

Derfor, kjære lesar, er det du i staden for gårsdagens heks på hjul som fekk høyre meininga mi om framferda hennar. Eg beklagar. Men det gjorde meg godt å få det ut. Takk.

Vist 683 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Her Jenny har du opptrådt som ei kjerring. Det er heilt lov å posisjonere seg litt på landeveien. Hva med de prektige menneskene som på død og liv beregner litt ekstra tid bare for å komme tidlig i køen? Burde de og stoppe opp og vente på slike som deg som er ute i siste sekund.

I ferjelivet er det den sterkeste rett som gjelder.

Hahaha, seier han som ALLTID er tidleg ute til alt (det framstår i alle fall slik, Geir). Det er jo ikkje menneskeleg? Vi var framme alle åtte bilane då det var 5 minutt til ferja skulle gå, og eg hadde (tru det eller ei) berekna at eg kunne ta neste ferjeavgang og likevel nå flyet. Såleis tykkjer eg at eg planla godt og var ute i god tid. Ein kø lengre enn lang truga plana, men som eg skreiv vart eg siste bil med på andre avgangen.

Eg har kjent meg som ein sprengt hjort så ofte når eg har løpt til flytoget og til flyet, og fått så mange kommentarar frå ferjematrosane om at det går an å koma litt før ferjebommen er på tur ned, at eg har teke til å reise tidlegare.

Eg har sjølv reagert på liknande ting mange gonger. Og ikkje berre i trafikken, dette opplever eg ofte i andre køar og. Då blir vi som dyr igjen. Vi blir primitive og handlar på instinkt. Då er det berre oss sjølve vi tenkjer på. Då er det fram med olbogane, vi skal fram for ein kvar pris.

Men vi er jo ikkje primitive dyr, som skal la oss styre av instinkt i slike tilfeller. Vi er intelligente menneske som forstår at vi er ein del av eit større fellesskap, der vi må forhalde oss til både skrivne og uskrivne reglar. Vi må innrette oss, ta omsyn til dei andre i fellesskapet. Dei uskrivne reglane er vel så viktige som dei skrivne.

Kva slags samfunn får vi om alle byrjar å bruke olbogane, om alle blir egoistiske og tenkjer mest på seg sjølv? Vil vi ha eit samfunn der det berre er den sterkaste sin rett som gjeld? For meg som sosialdemokrat er det heilt utenkjeleg med eit slikt samfunn. Eg vil ha eit samfunn der vi har omtanke for andre og. Eit av dei finaste orda eg veit er solidaritet. Respekt for andre. Eg meiner bestemt at dette er store og viktige ting vi også må tenkje på i kvardagen. Ikkje minst når vi står eller køyrer i kø.

Eg har tenkt på det mange gonger. Alt dette stresset for å nå ferjer, ofte med hasardiøs køyring, trur eg er svært utbreidd. Det er ikkje bra i det heile tatt. Det er faktisk livsfarleg. Og vedkommande som sit bak rattet utset ikkje berre seg sjølv og dei som er i eigen bil for fare, i mange tilfeller utset dei og andre trafikkantar på vegen for livsfare. Egoisme kan vere svært farleg.

Annonse