Nerdrum og dei store fiskane

Debatten går friskt etter at Odd Nerdrum vart dømt til to års ubetinga fengsel for skattesvindel. Skulle han vorte behandla annleis enn andre fordi han er ein dyktig og kjent kunstnar med Tourettes syndrom? Er dommane for økonomisk kriminalitet for strenge i forhold til andre lovbrot, som vald og seksuelle overgrep?

Vi kjem borti mange dilemma når vi diskuterer straffelova og straffesystemet. Det er bra at vi tenkjer gjennom desse og diskuterer grundig – for best å kunne nå målet om rettssikkerheit, eit trygt samfunn og å sikre viktige samfunnsverdiar.

Kriminalpolitikk skal vera meir enn straff, og straff skal definitivt vera meir enn hemn. Generelt bør det å få folk ut av ein kriminell løpebane vera viktigare enn å halde dei attom murane lengst mogleg. Rehabilitering er stikkordet. Når ein går ut av fengselsporten, skal ein helst ha vorte ein lovlydig borgar som klarer ut med livet sitt. Mange – som Nerdrum – er i stand til dette.

Svært mange domfelte manglar imidlertid hus og heim og arbeid. For dei er det ikkje nødvendigvis enkelt å klare seg på godt på eiga hand. Derfor er det rett at ein gjennom å sone ein dom også kan få seg utdanning, lære seg å arbeide og bli i stand til å bruke fritida til noko gjevande.

Det allmennpreventive føremålet med straff er sjølvsagt også vesentleg. Ein straffar lovbrytarar for i beste fall å førebyggje at andre også bryt lova.

Nerdrum-saka handlar om økonomisk kriminalitet. Eg vil understreke at eg som politikar og medlem i justiskomiteen på Stortinget er forsiktig med å kommentere enkeltsaker. Denne konkrete saka er dessutan anka, og dommen er dermed ikkje rettskraftig før lagmannsretten eventuelt dømmer likeeins.

Men saka reiser nokre interessante spørsmål som det er verdt å dvele litt ved. Er det rett at økonomisk kriminalitet synest å bli straffa hardare enn grov vald og seksuelle overgrep? Burde det i staden for utstrakt bruk av fengselsstraff heller idømmast langt større bøter for skattesvik og andre lovbrot med økonomisk vinning som føremål?

Til det første spørsmålet: Den raud-grøne regjeringa og Stortinget gjorde eit rett grep då vi vedtok ei ny straffelov som medfører at vald og overgrep skal straffast langt hardare. Den øvre strafferamma for mishandling i nære relasjonar vart dobla. Vi auka minstestraffa for valdtekt frå 2 til 3 år og la føringar på at såkalt “ordinære” drap skal straffast strengare. Det er særs viktig at krenkande og valdeleg kriminalitet fører til hardare straff enn andre, mindre alvorlege lovbrot.

Til det andre spørsmålet: Ja, bøtene kunne nok vore større og kanskje fengselsstraffene kortare i ein del slike saker. Men det er viktig at dei rikaste lovbrytarane i samfunnet ikkje skal kunne kjøpe seg ut for å unngå fengselsopphald. Dette kan ikkje “småkjeltringane” gjera, og det bør ikkje vera sosial skilnad på kven som kjem i fengsel eller ikkje når lovbrota er sett på som straffverdige.

På den andre sida kan ein spørje seg om politet og påtalemyndigheitene etterforskar og tek “dei store fiskane” kva gjeld økonomisk kriminalitet, og om det er skilnad på kven dei går etter og om prioriteringa er rett. Økonomisk kriminalitet i hundremillionarsklassen begått av forretningsfolk får passere medan enkeltpersonar som snyt på skatten med nokre titusen eller hundretusen må inn bak lås og slå.

Tidlegare leiarar for ulike ungdomsorganisasjonar har vorte straffa med fengsel for medlemsjuks, medan Den norske kyrkja, som heller ikkje har styring på medlemsregistera sine, urettmessig mottek store summar i urettmessig statsstønad utan at Økokrim forfølgjer saka.

Rettsprinsippet om at vi skal ha likheit for lova er grunnleggjande. Dei mest kjente personane blant oss kan ikkje få strafferabatt fordi dei er kjendisar, men må heller ikkje straffast hardare for at rettsvesenet skal få statuere godt synlege eksempel. Når det gjeld Nerdrum-dommen i Oslo tingrett gjenstår det å sjå om han blir ståande etter ankebehandlinga. Dommen er uansett eit utmerka døme for å rette fokuset mot viktige spørsmål om lov og rett og straff.

Vist 376 ganger. Følges av 1 person.
Annonse