Valdtekt, alkohol og skam

Oslopolitiet har lagt fram rapporten ”Voldtekt i den globale byen”. Dette er dyster lesing for alle som er opptekne av kvinners ve og vel. Vi les om overfallsvaldtekter, overgrep i nære relasjonar og mange valdtekter på fest med mykje alkohol inne i biletet. I sistnemnte kategori blir det ofte begått overgrep mot kvinner som er overstadig berusa og som søv.

Kva i all verda er det overgriparen tenkjer på når han bryt seg på forsvarslause kvinner slik?Kvinner som opplever eit seksuelt overgrep føler skam etterpå, men det er heller overgriparen som burde skjemmast. Dersom det er så vanskeleg å skaffe seg ein seksualpartner som vil delta frivillig, finst det butikkar som Kondomeriet som sel rekvisita som verken er aktive eller gjer motstand…

Det er lett at debatten om korleis ein skal førebyggje valdtekt handlar om kvinners bevegelsesmønster, klesstil og alkoholbruk. Det er greitt nok at vi kvinner får råd om ikkje å drikke for mykje, men det rådet burde definitivt også gå til menn. Dersom alkoholbruk gjer risikoen større for å bli valdtektsmann i løpet av ein festkveld, er det viktigast at menn dempar alkoholbruken. Vi må aldri ta ansvaret bort frå der det ligg – hos overgriparen.

Dei fleste menn er heldigvis ikkje slik. Alle desse kan ta eit ansvar for å formidle til andre menn at det er uakseptabelt å krenke jenter på det grovaste, sjølv om dei er aldri så fulle eller lettkledde.

Vist 352 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Bra innleg, Jenny! Ansvaret ligger i all hovedsak hos oss menn!

Vel, ansvaret ligger vel hos politikerne som tar inn innvandrere fra den ikke-vestlige verden. Det er nok politikerne som må stå skolerett!

Når det gjeld overfallsvaldtektene, er det rett at storparten, somme år alle, blir begått av menn med anna etnisk bakgrunn enn norsk. Men dei valdtektene eg skriv om i dette innlegget er det hovudsakleg norske menn som står for. Desse bør også stå skulerett, problemet er at det er altfor mange anmeldelsar som ikkje blir fulgte opp av politiet i det heile og henlagt.

Annonse