Haldningar og handlingar

Det har blese opp til storm etter at eg sa kva eg meiner om samanhengane mellom overfallsvaldtekter og haldningane til ein del ikkje-vestlege menn. Eg har fått massiv støtte for utspelet, og står godt i den stormen.

Vi treng ein open debatt om kvinnesynet hos ein del grupper i samfunnet vårt. Då meiner eg ikkje berre ikkje-vestlege menn, for altfor mange valdtekter blir også utførte av norske menn. Men det er overfallsvaldtektene eg har uttalt meg om, som ei oppfølging av den siste tids hendingar.

Det som skil overfallsvaldtektene frå andre valdtekter, er at dei skaper stor frykt også blant kvinner som ikkje blir direkte ramma. Det blir dessverre oftare ein diskusjon om korleis kvinner kler seg og ter seg i staden for ein diskusjon om kva vi skal gjera for at kvinner skal få kle seg og te seg akkurat som vi vil utan å bli overfalte og krenka på det grovaste.

Vi må sjå på om overfallsvaldtektene berre er toppen av isfjellet når det gjeld korleis ein (stor?) del ikkje-vestlege menn ser på kvinner, og særleg på norske kvinner.

At det er langt fleire norske kvinner som beveger seg fritt utandørs på kveldar og netter, er ikkje akkurat til å bli overraska over når ein veit korleis innvandrarkvinnfolk relativt ofte blir hetsa om dei oppfører seg og kler seg meir som norske. Problemet er at også etnisk norske kvinner blir bura inne på grunn av frykta overfallsvaldtektene skaper.

Tiltaka eg gjer framlegg om er 1) sørg for at mistenkte gjerningsmenn blir varetektsfengsla til politiet har bevis eller kan sjekke vedkomande ut av saka, 2) bur gjerningsmennene inne til dei kan sendast ut av landet, 3) bruk øvste strafferamme for valdtekter, 4) følg opp valdtektmenn som ikkje kan sendast ut av landet langt betre for å unngå gjentaking, , 5) staten bør gjera ein innsats for å endre forkastelege haldningar når utlendingar frå relevante kulturar kjem til landet.

Det ville vidare vore svært bra om at imamar og andre leiarskikkelsar innan somme kulturar går føre som eit godt eksempel og tek avstand frå haldningar om at norske kvinner er rettmessige bytte pga klesstil og livsstil.

Ein brei front av ikkje-vestlege menn som viser meir toleranse og respekt overfor norske kvinner, kan lett rette opp den eventuelle feiloppfatninga eg mot formodning måtte ha.

Vist 230 ganger. Følges av 1 person.
Annonse