Målrett kontantstøtta

Mange på venstresida meiner kontantstøtta bør fjernast mellom anna fordi den hindrar integrering av innvandrarar. Eg er samd i at kontantstøtta kan ha ein slik negativ bieffekt, men er usamd i den skal fjernast. Vi bør heller målrette og forbetre kontantstøtteordninga.

No gjeld kontantstøtta for to år. Den månadlege utbetalinga er for dei fleste for lita til at det å vera heime med den lille er eit økonomisk akseptabelt alternativ til å vera i full jobb. Dersom kontantstøtta blir avgrensa til å gjelde kun for eittåringane, medan den månadlege summen samstundes blir bortimot dobla, kan fleire få eit reelt val mellom barnehage og å vera heime med dei minste.

Det viser seg dessverre at fire av fem ikkje-vestlege foreldre heller tek imot kontantstøtte enn å sende barna i barnehage. Dermed kan borna gå glipp av nødvendig og grunnleggjande norsktrening og stille med eit handikap når dei startar på skulen. Ved å avgrense kontantsstøtteordninga til eitt år vil langt fleire toåringar som no ville ha godt av å gå i barnehage, forhåpentlegvis få begynne i barnehagen tidlegare.

Somme kan reagere på at familiar med Senterpartiet sin modell vil kunne motta kontantstøtte berre fram til ungen er to år og ikkje til tre år slik som i dag. Det er imidlertid ingen tvil om at det er eittåringane som vil ha mest att for å vera heime eit ekstra år. Fred og ro er faktisk ikkje så dumt for dei minste. Men for toåringane vil barnehagen ofte vera ein ypperleg stad for å utvikle sosiale evner og språket. Dette er særleg viktig for ungar av innvandrarar.

Eg meiner ikkje at å sende eittåringar i barnehagen er gale, tvert i mot er det for mange familiar nødvendig for å få kvardagen til å gå ihop. For somme ungar er det dessutan ein fordel pga ymse forhold heime. Eit godt utbygd barnehagetilbod er og vil framleis vera veldig viktig.

Samstundes bør det leggjast betre til rette for dei familiane som faktisk ønskjer å la ungane vera heime lenger enn til dei har fylt 10-12 månader. Senterpartiet vil at småbarnsfamiliar skal ha valfridom. Derfor går vi inn for å målrette og forbetre dagens kontantstøtteordning.

Vist 138 ganger. Følges av 1 person.
Annonse