Kvinner, makt og media

To tredjedelar av sakene i media er visst om menn – likeeins er det flest menn som er fotograferte. Er vi kvinner beskjedne og for lite dyktige, eller har dette andre årsaker? Eg meiner ei av løysingane på problemet er at vi kvinner bør bli meir like menn. Hæ? seier du kanskje no. Forklåringa finn du lenger nede.

“Kvinner, makt og media” var tittelen på ei innleiing eg heldt i Valldal i går kveld, på eit arrangement i regi av “Tausaløftet”. Der tok eg utgangspunkt i at det å ha makt er å ha evne og høve til å påverke andre. Skal ein påverke andre, må ein nå fram til dei. Å nå ut til innbyggjarar og potensielle veljarar gjennom media er såleis viktig for å få politisk makt.

Blir ein kjent i media, kan ein opparbeide seg større autoritet og få meir makt i dei fora der vedtak blir fatta. Likestilling er mellom anna at kvinner og menn skal ha like høve til å påverke samfunnsutviklinga. Ergo: skal ein betre likestillinga må kvinner visast meir i avisene og høyrast meir på radioen.

Eg liker ikkje å tenkjer på meg sjølv som “kvinneleg politikar”. Men så må eg innfinne meg med at det jo er slik. Då er det interessant å spørje seg: kva er følgjene av å vera kvinne i staden for mann i politikken?

Eg har allereie nemnt at menn langt oftare er refererte til og omtalte i media. Påstanden min er at dette dels skuldast at mange kvinner førebels er for lite offensive. Men eg meiner også bestemt at journalistane ikkje tek ofte nok kontakt med kvinner som kan ha noko relevant å seie om ei sak. God journalistikk må handle om å spegle samfunnet – og kvinner utgjer vitterleg halvparten av befolkninga.

Ein journalist eg kjenner sa at kvinner ofte nektar å bli tekne bilete av fordi dei ikkje har ordna seg på håret. Huff ja, det er sikkert eit poeng. Og redaktøren i lokalavisa Storfjordnytt, som også heldt innleiing på møtet i går, fortalte at ein del kvinner ho vil intervjue prøver å vri seg unna heile greia. Ho meinte desse kvinnene tek det heile for personleg – dei vil ikkje synast sjølve som personar, men gløymer såleis at dei representerer nokon andre også som bør synast, alt frå medlemmane i det lokale idrettslaget til oss kvinner som gruppe.

Kva er løysinga? Som eg har sagt allereie: kvinner må bli meir like menn. Sjølv om dette høyrest paradoksalt og politisk ukorrekt ut, står eg fast på dette. Vi kan ikkje gøyme oss bort, tru vi ikkje har nok å fara med og halde opp å ta ordet i større forsamlingar og så furte over at vi ikkje er synlege nok i media. I den grad det å vera frampå, ha tru på eigen bodskap og meine at ein sjølv kan spela ei viktig rolle i samfunnet er mannlege eigenskapar, må vi kopiere desse snarast råd.

For det andre: kjem ikkje journalistane til oss, må vi koma til dei. For det tredje: vi må ikkje bekymre oss så gale for hårsveisen, men heller hugse at vi mest truleg har minst like mykje viktig å seie som karane. Så gjenstår det å sjå om desse grepa gjer at andelen kvinner i media tilsvarer andelen i befolkninga om nokre år.

Vist 335 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

Dette tar nok ikke 70-tallets feminister bølgen for, men du har noen meget gode poenger, Jenny!

hei jenny. vi kommer etter vi kvinner også.

Eg trur kvinner ofte stiller for strenge krav til seg sjølv. Når ein seier noko skal det helst være svært viktig og enormt grundig gjennomtenkt. Menn tenkjer ikkje slik. Sjølv om dei kanskje burde gjere det enkelte gonger. Menn “fleskar til”, så får det bære eller briste. Difor trur eg du har rett når du skriv at kvinner har minst like mykje viktig å seie som menn. Fordi kvinner tenkjer seg godt om før dei uttaler seg. Inntrykket mitt er at kvinner ofte er meir grundige enn menn. Kvinner er minst like gode som menn, men dei treng kanskje å få litt større tru på seg sjølv? Ein treng ikkje vere perfekt for å stikke seg fram, det er alle mennene som gjer det heile tida eit godt døme på ;-)

hei jeg tror at kjærligheten er størst. da er alt som fungerer mellom kjønna. uten den er det ingen ting. jeg er glad for vi har hverandre. har 4 voksne sønner . er meget glad i dem. jeg er ellers alene. men mannfolk er som dem er.

Ja, mange kvinner vegrar seg for å uttale seg om tema dei ikkje kjenner seg heilt trygge på, medan karane ikkje nødvendigvis kjenner slik på det. Det handlar om å ta seg sjølv litt mindre høgtideleg og tore å ta den risikoen som sjølvsagt er der for at ein tabbar seg ut. Og det å tala frå levera somtid og følgje magefølelsen om kva som er rett og gale i saker, gjer verkeleg godt;-).

ja, vi hører mye om magefølelser i disse tider. og høgrehjernen er jo en del av det feminine. hvorfor er kvinner redde?? kanksje det har med at vi har fødd barn?? j det handler om å tak mere risikoer ja. møt si frykt. jeg møtte den i august. jeg traff på bjørnen. da fikk jeg virkelig møte mi frykt. å snakke får levra er sikkert du som kan?? men jeg ser jo hvem som helst kan føle seg litt utrygge på talerstolen.

Ja, å tore å møte frykta si kan vera viktig på fleire vis! Bjørn er eg forresten livredd for, sjølv om eg aldri har møtt ein:-D

Ja, jenny du er i hvertfall tøff. Takk for svar!!

Annonse