For lett å finne skatten

Eg vil slå eit slag for ei ordning der ein må registrere seg når ein sjekkar likningstala til andre menneske. Nysgjerrigheita mi ville i alle fall ha vorte tøyla litt, og aller viktigast: ei slik registrering ville truleg avskrekke folk med kriminelle hensikter. Då ville det ikkje vore like enkelt for tjuveribandar å leite seg fram til kven som har størst formue og dermed kor dei kan finne skatten…

Skattelistene er kjekt underhaldningsstoff, og er fristande å snoke i. Eg skal absolutt ikkje påstå at eg er betre enn andre – eg snik meg til å sjekke likninga til somme utvalte kvart år. Somtid blir det så eg lurer stort på kva som gjer at somme typar arbeid ser ut for å vera så utruleg mykje betre betalt enn anna arbeid. Men så minner eg meg sjølv på at det jo er mykje som ikkje kjem fram i desse tala, at ein rett og slett ikkje kan ta dei for god fisk.

Like fullt blir dei brukte til anna enn som underhaldning også. ID-tjuveri blir gjort lettare ved at opplysningane ligg fritt ute på nettet, ikkje berre for nordmenn, men også for menneske alle andre stader i verda som finn interesse i desse opplysningane om oss naive nordmenn.

Mobile kriminelle som lett vil finne ut kva slags bustadhus det kan løne seg å gjera innbrot i, kan ta ein rask kikk i skattelistene, finne adressene til tilsynelatande velståande menneske på telefonkatalogen.no og laga ei fin lita reiserute som kan gi maksimalt utbyte.

Den norske tradisjonen for at skattelistene skal vera tilgjengelege for allmennheita, er det sikkert mykje godt å seie om. Men det er ein viss (stor) skilnad på at listene tidlegare låg til fritt ettersyn nokre veker på likningskontoret og at dei no blir spreidde på nettet. Alle moglege menneske med alle moglege hensikter kan via nokre tastetrykk finn ut veldig mykje om deg som kan misbrukast.

Eg meiner regjeringa må vurdere måtar å offentleggjera skattelistene på som samstundes ivaretek omsynet til den enkelte borgar sitt personvern og hindrar misbruk av opplysningane. At det blir registrert kven som har vore inne og sjekka likningstala dine, burde ikkje vera for mykje forlangt.

Vist 163 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Jenny

Har sett dine uttalelser til ulike medier i dette spørsmålet, og du har helt rett at denne offentliggjøringen på internett er problematisk, jf. hva Datatilsynets leder også har uttalt. Du har helt rett i at dette er et spørsmål for regjeringen.

Lykke til!

Mvh
Jens

Annonse