Aksjon folkevalte for HaitiEg har vridd kvar ei hjernecelle i over ei veke for finne ut kva eg kan bidra med for ungane på Haiti. Maktesløysa har rådd. Å starte ei kronerulling blant folkevalte vart etter kvart ideen. Kanskje kan vi politikarar gjera noko som er viktigare enn berre å vera ueinige om filleting, og gjera ein felles innsats for berge liv?
Vidare er målet vårt at alle andre heiltidspolitikarar følgjer etter. Tilsaman kan dette bli veldig mykje pengar – pengar som er sårt tiltrengte for å redde menneske som er ramma av jordskjelvet. Eit reknestykke: 169 stortingsrepresentantar 432 ordførarar 19 fylkesordførarar 20 statsrådar, 43 statssekretærar og 20 politiske rådgjevarar
Oppfordringa går også til alle andre folkevalte i kommunestyre og fylkesting om å delta i kronerullinga. Mange av oss har allereie gjeve og vil gje pengar som privatpersonar. Denne tusenlappen er noko eg håpar vi kan gje i tillegg – i eigenskap av å vera folkevalte. Kritikken har allereie kome frå Frp. Harald Tom Nesvik meiner at vi i Senterpartiet prøver å slå politisk mynt på katastrofen. Eg blir både såra og lei meg av slikt tull. Dersom det å vera politikar diskvalifiserer meg frå å vise at eg bryr meg om menneske som lir og frå å ta eit slikt initiativ, blir det problematisk å halde fram i politikken. For å vera litt uærbødig, kan det like gjerne seiast om Nesvik at han brukar denne saka til å få merksemd ved å kritisere meg/Senterpartiet. Men verre er det at denne kritikken og denne haldninga underminerer moglegheita for å få inn dei minst 683 000 kronene som ville vore eit viktig bidrag til Haiti i den forferdelege situasjonen som er der no. Annonse | |||||||||||