Si det med ropert
Dette innlegget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Aurapuls (søndag 6. desember 2009) og Nordmøre rundt (søndag 6. desember 2009) Les mer…

Sosialt dumpa tiggarar

Utanlandske tiggarar som ristar med koppen og ber med jamrande stemme “Help me, please”, har vorte eit vanleg syn i Oslos gater dei seinare åra. Det er ikkje uvanleg at somme av oss uærbødige innfødde skriv Tig(g)erstaden om hovudstaden vår. Er det rett å godta denne tigginga, eller er det å ta eit sosialt ansvar å forby den?

Sosial dumping er noko dei fleste vil til livs, og Arbeidstilsynet gjer ein god innsats for å førebyggje og oppdage dette. Arbeidstilhøva til gjestearbeidarar blir undersøkte, likeeins blir bustadene og kontraktane. Alt skal vera på stell, er kravet frå den norske stat. Men det er visst greitt å la utanlandske tiggarar sitje ute i vêr og vind, kulde og snø.

Å kople inn Arbeidstilsynet er vel å gå for langt. Likevel: Så lenge som vi ikkje forbyr slik tigging – så lenge som vi på dette viset legitimerer at tigging er ok som inntektsgjevande syssel – bør vi spørje oss kva det fører med seg.

Denne tigginga er ikkje sjeldan ledd i omfattande organisert kriminalitet. Såleis er det etter mi meining ikkje irrelevant å nytte nemninga sosial dumping om det som går føre seg. Enkeltmenneske blir utnytta for at bakmenn skal tene grovt på den vinningskriminaliteten som dessverre ein del av tiggarane står for. Og vi trekkjer på skuldrane og let dei halde på.

Eg må beskjemma innrømme at eg også har ein annan agenda i tillegg til å ønskje å medverke til å hindre slik utnytting av folk . Eg er nemleg lei av tigginga. Eg tykkjer rett og slett det er noko plagsamt ved heile greia. (No set eg i verste fall i gang eit hylekor frå meir politisk korrekte meiningsytrarar mot mine sjølvopptekne haldningar, men det får stå sin prøve.)

Som mor ønskjer eg å bidra til at den oppveksande slekt skal setje pris på velferdssamfunnet vi gjennom mange tiår har kjempa fram, samt få eit sunt forhold til det å arbeide. Utbreidd tigging i gatene bidreg ikkje til dette. Slik sett er det ikkje berre utanlandske tiggarar som utgjer eit problem.

Noreg er ein velutvikla velferdsstat med sosiale ordningar som alle kan nytte seg av. Dersom vi politikarar, samstundes som vi skryt av desse ordningane, meiner at tigging er grunnleggjande viktig for at enkelte skal klare seg, er vi på ville vegar.

Kva bør vi så gjera? Vi bør forby tigging igjen, meiner no eg. I det minste bør vi – i lokaldemokratiets ånd – tillate at det i lokale politivedtekter kan innførast forbod mot aggressiv tigging. Men skal vi den organiserte kriminaliteten som er knytt til tigging til livs, bør det vedtakast eit forbod som gjeld for heile landet.

Er dette å vera inhumane? Vel, i så fall kan det reknast som inhumant å nekte arbeidsgjevarar å la gjestearbeidarar jobbe for lut og kaldt vatn for at dei sjølve skal tene på det. Det er fullt mogleg å argumentere for at ein slik jobbsituasjon uansett er eit betre alternativ enn å vera arbeidslaus i heimlandet, jamfør argumentasjonen for å la tigging vera lovleg. Men begge delar er prinsipielt feil, og utgjer to ulike former for sosial dumping.

Kommentarer

" samt få eit sunt forhold til det å arbeide.."

Vel og merke er det bra at den oppvoksende slekt fødes inn i velferdssystemet som vi eldre så sårt og tiltrengt har søkt å bygge opp.. Tatt i betraktning at dagens ungdom samt voksne mennesker på ingen måte har det hardtarbeidende livet som min generasjon vokste opp med- vet de heller ikke hva det vil si å arbeide for pengene. Flere og flere av den oppvoksende slekt benytter seg av det velferdssystemet som du beskriver på en positiv måte- vel vitende om at de selv ikke har gjort en tøddel for å fortjene pengene..
Da er i alle fall tiggerne verdig en STOR honnør.

De gjør i alle fall en prestasjon for pengene i motsetning til den bortskjemte og utakknemlige oppvoksende slekt!! AMEN

Forøvrig skal du ha ros for godt innlegg selv om vi er fundamentalt uenige..:-)

Hei Magda!

Takk for det:-).

Du har nok rett i at det er forskjell på kor mykje og hardt din generasjon arbeidde og dagens unge arbeider. Men når de bygde opp dette velferdssamfunnet, var det med tanke på at komande generasjonar skulle få det lettare enn dykk sjølve – og at dei skulle sleppe å tigge – eller var det noko anna de hadde i tankane? Arbeidsbyrden på oss som er unge no og som kan og vil jobbe, vil auke dersom vi skal kunne finansiere dei gode trygde- og pensjonsordningar til dei (stadig fleire) som fell utanfor arbeidslivet og til eldre. Kanskje er notida eit behageleg mellomspel mellom to periodar med verre tilstandar, og kanskje har vi derfor ikkje noko å misunne dei meir eller mindre bortskjemte ungane som veks opp for?

Det er ikkje fritt for at somme er utakknemmelege og bortskjemte. Men at nokon sit på eit gatehjørne og ristar på koppen trur eg ikkje stimulerer arbeidsmoralen til dei som veks opp heller. At denne tigginga er ledd i omfattande organisert kriminalitet og heng saman med aukande tjuveri også heime hos folk, er dessutan med på å gjera folk utrygge. Vi må spørje oss kva slags samfunn vi ønskjer å leggje til rette for vidare, og då er ikkje det å la tigging vera lovleg eit av verkemidla.

Herlig at du våger å være så ærlig og direkte på et tema fullt av skumle feller. Det er ofte farlig å ta for seg et sak hvor man tilsynelatende angriper en svak part.
I dette tilfellet tror jeg du har truffet spikeren på hodet, mens de fleste som kritiserer deg for innlegget er for naive til å se realiteten i øynene.
Veldig få av de utenlandske tiggerne ville forblitt på gata som tiggere hvis det ikke lønte seg.
Stå på! Glad jeg stemte på deg!

Takk – for både stemmen din og for den positive tilbakemeldinga:-). Eg forstår jo at det lett kan oppfattast som noko nedlatande å uttrykkje seg slik eg gjorde i innlegget. Somtid er det likevel greitt å vera ærleg, og kanskje seie det mange andre også meiner, men som det for mange kan vera for belastande å seie offentleg. Eg får tåle den støyten sjølv, for vi treng å diskutere dette temaet. Og om ein ikkje provoserer litt, blir det sjeldan debatt.