Bake kake søleKva har det at eg bakar muffins til felles med saka om biodieselavgifta? Det startar med gode hensikter og optimisme, men ender med søl og mykje oppvask. Muffins er noko alle liker Med gutungen på Oslo-besøk tenkte eg at blåbærmuffins var tingen i kveld. Etter å ha vore på butikken 3(!) gongar for å handle ingrediensane, skulle eg endeleg setje i gong med det som såg ut til å vera ei lett oppgåve. Det var då eg skulle fylle formene med røre at eg innsåg at blåbæra og sukkeret ikkje hadde vorte med i det gode selskap. Men til slutt kom dei med, og muffinsane gjekk etter kvart ned på høgkant. Oppvasken står imidlertid og ventar. Avgifter er noko staten liker Somtid tener avgiftene gode føremål. Andre gongar ikkje. Når vi ønskjer at det blir utvikla ny teknologi for at biltrafikken skal bli meir miljøvenleg, bør vi stimulere til det. Eg valde å tilføre dei ingrediensane som mangla før eg fylte formene med røre. Derfor vart resultatet bra. I den nemnte avgiftssaka er det også noko som manglar. Før statsbudsjettet skal vedtakast/ferdigsteikast i Stortinget, hadde det vore ein fordel om deigen var komplett. Turmennesket i meg er frista til å minne om fjellvettreglane. Aller helst skulle eg ønskt at regjeringa tok innover seg regel nr 8: “Vend i tide. Det er ingen skam å snu.” Jaja. Forskjellen på oppvasken etter muffinsbakinga og oppvasken etter biodieselsaka er at eg puttar sølet i oppvaskmaskina og trykkjer på ein knapp. Gjett om somme i regjeringsapparatet nett no kunne tenkt seg ei tilsvarande maskin for å fjerne sølet. Annonse | |||||||||||
Kommentarer
Eg har fått ein del reaksjonar på dette innlegget. Det er ein interessant diskusjon som spring ut av ulike meiningar om kva saka innehar av politisk sprengstoff og kva som tener miljøet mest.
Ei tilbakemelding har gått på at det er tvilsamt moralsk sett å nærast ta maten ut av munnen på folk for å drive bilparken. Det er eg samd i. Slik sett hadde eg ønskt meg eit avgiftsregime som stimulerer til teknologiutvikling for andregenerasjons biodrivstoff og som ikkje nødvendigvis fremjer førstegenerasjons biodrivstoff.
Noko anna, som truleg kompliserer argumentasjonen min, men som eg likevel meiner er relevant, er at biomasse i form av kratt og trevirke er ein begrensa ressurs innanfor gitte periodar (det tek jo tid før det veks til på nytt, og bruken må tilpassast dette). Ein energieffektiv måte å nytte biomassen på, er å laga pellets til bruk i nær- og fjernvarmeanlegg.
Ein kan spare mykje straum slik, og den straumen ein sparar vil kunne drive langt fleire bilar (plugg-inn-hybridar og el-bilar som no er i ei rivande utvikling) enn det biodrivstoff produsert av den same mengden biomasse kan gjera.
Skal vi først produsere biodrivstoff, bør det vera andregenerasjons, og i staden for innblanding bør det etter mi meining brukast på flåter av køyretøy der det ikkje på mange år enno vil vera mogleg å ha el-motorar eller andre miljøvenlege alternativ. Dvs td bussar, lastebilar og fly.
Vi treng grøn næringsutvikling her i Noreg, og eg håpar vi kan einast om politiske grep for styrke lønsemda i næringskjeda for å bruke biomassen til oppvarming av hus. Dette vil nok vera vore mykje viktigare for miljøet enn støtte til biodrivstoffproduksjon. Produksjon av andregenerasjons biodrivstoff gjer imidlertid ingen skade, og er gir dessutan grøne arbeidsplassar.
Når vi først har eit uttalt mål om å leggje til rette for teknologiutvikling innan alternative drivstoff, bør vi føre ein konsistent politikk. Denne biodieselavgifta er ikkje eit døme på dette.
Om Klinge mener at det er feil med innføring av avgift på biodiesel må hun vise det i Stortinget på torsdag ved å stemme nei til avgiften. Om ikke burde hun holdt seg for god til å lyve sine velgere opp i ansiktet, og gjøre de som mener det er feil med avgifter nå i investeringsfasen av ny teknologi til latter ved å stemme mot sin “egnen” eller hva en skal kalle det, overbevisning.
Det er vel ikkje anna å vente frå ein erklært anarkist at han m.a. skuldar andre for å lyge veljarar opp i ansiktet. Eg har – naturleg nok – ikkje sagt noko i valkampen om denne biodieselavgifta nettopp fordi eg ikkje var kjent med saka då.
Eg har dessutan tidlegare hatt utspel i media der eg har drøfta spørmålet om bruk av biomasse, og der eg har konkludert med at det ikkje er opplagt at produksjon av biodrivstoff er det beste miljøtiltaket. Å bruke biomasse til å varme opp hus er mange gongar meir energieffektivt. Samstundes er eg oppteken av teknologiutvikling innan alternative drivstoff, og for flåter av køyretøy som ikkje kan drivast med elektrisitet (eit døme er bybussar) er andregenerasjons biodrivstoff eit betre alternativ enn fossilt drivstoff.
Eg lyg heller ikkje når eg seier at denne saka ikkje har hatt den beste utviklinga, og eg held fast ved fjellvettregelen om at ikkje er nokon skam å snu. Men når vi i dag har fått til ei ordning som industrien meiner vil bidra til å halde oppe kvantumet av biodiesel i marknaden, kan eg leva greitt med å stemme for denne avgifta sjølv om eg ikkje meiner løysinga er optimal. Alt er for øvrig relativt, og relativt sett er det ein mindre fare for demokratiet at eg stemmer for denne avgifta enn at Moen kjempar for anarkisme…
Hvor Jenny Klinge har fra at jeg er erklært anarkist, må være en drøm i samsvar med hennes bortforklaringer hun nå prøver å ro seg bort i fra, at hun stemmet mot sin overbevisning. Er ikke det og lyve for seg selv og andre, da vet ikke jeg? Men Jenny Klinge, og hennes anarkistiske definisjoner av motstandere, som ikke godtar å bli kastet blår i øynene på seg er et maktutøvelse som ikke er en Stortingsrepresentent verdig. Men jeg ber Jenny Klinge om å legge Anarkistbegrepet døtt, og at hun er så voksen at hun beklager dette ovenfor meg personlig og her på Orion, ellers vil jeg gå til politiet med anmeldelse av henne for ærekrenkende beskyldninger!
Hei Moen! Beklagar så mykje, eg las litt fort i presentasjonen din av deg sjølv. Då ordet radikal og anarkisme fann stad i same teksten, kopla eg det noko feil. Ha ein fin helg vidare:-).